Prosa 6-2003: Leder ved Halvor Fosli

Det nye Morgenbladet

Forventningane til Alf van der Hagens relansering av vekeavisa Morgenbladet har vore høge, ikkje minst fordi verksemda har kome inn under Fritt Ord-paraplyen og såleis har fått tilført ressursar andre liknande publikasjonar berre kan drøyme om.

Det første nummeret har fått ei svært tiltalande tabloidform. Formgjevar Aud Gloppen har gjort ein strålande innsats – som vanleg. Og omfanget har auka monaleg; redaktøren fortel at stoffmengda har gått opp 50 %. Eg las mange av artiklane, slik eg i og for seg også gjorde før; dei er godt skrivne, det er interessant stoff. Likevel er inntrykket etter det første nummeret at endringa er for kosmetisk. Her er få nye stemmer, få nye skribentnamn. Alt redaksjonelt stoff er på bokmål; for ei nasjonal kulturavis som Morgenbladet er det verkeleg prematurt å leggje nynorsken død! Oslo-dominansen er påfallande sterk. Finst det i det heile ein skribent i dette nummeret som treng Fritt Ord-millionar for å kome på trykk? Er ikkje dei fleste «nye stemmene» røyster vi har lese i mange andre og ofte større medium i mange år alt? Den feministiske litteraturforskaren Toril Moi er vel den einaste som kan seiast å vere ein slags ny spaltist, men sjølv for henne blir det ei altfor tung bør å bere fornyinga åleine. Eit pluss er det også at fleire av dei faste meldarane av skjønnlitteratur er henta frå Bergens-miljøet.

Eg vonar såleis at Morgenbladet tar dristigare grep med tida. Avisa må særleg jakte på skribentar utanfor Oslo. Slik det ligg an no, vil ei parodisk utvikling kunne bli om lag slik: Ein liten krins av veletablerte spaltistar frå Oslos kultur- og universitetsmiljø som kjenner kvarandre, skriv liksom-vågale tekster i stor grad for kvarandre i sitt eige koselege husorgan – som paradoksalt nok er tungt støtta for noko heilt anna; nemleg å utvide rommet for frie og kritiske meiningsytringar i landet som heilskap.

Trass i desse innvendingane var dette likevel ein oppløftande start på vidareføringa av Truls Lies heroiske bergingsaksjon av avisa med så djupe røter i norsk mediehistorie. Vi er mange som heiar vekeavisa vidare fram. Ho trengs.



Replikk om sidemålsstilen
Kan ein vere imot obligatorisk skriftleg opplæring i nynorsk for alle skuleelevar i landet utan samstundes å hate nynorsk?

Ymse reaksjonar på den førre leiaren min tyder på at mange nektar for at det kan finnast ein tredje veg. Men eg minner om at det no har blitt mogleg å kritisere israelsk politikk utan samstundes å måtte forsvare seg mot antisemittisme kvar gong. Altfor mange i nynorskleiren ligg til høgre for Israels Venner i retorikken sin.

Og dét utan å ha noko å vise til i soga om målstriden som kan minne om eit aldri så lite holocaust.

Fredeleg jul og eit stridbart, godt nytt år til alle!
Hugs: Gje Prosa i julegåve til familie og vener!
Kan til dømes ein student få ei nyttigare gåve?
Påmeldingsskjema finner du her >>

Halvor Fosli
Redaktør    

 

   
forrige side
© Prosa - Faglitterært tidsskrift. Utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Uranienborgveien 2 - 0258 Oslo. Tlf.: 22 12 11 58 - Faks: 22 12 11 50. E-post: halvor.fosli@nffo.no