Prosa 2-2002: Leder ved Halvor Fosli

André bollar

Den amerikanske forleggaren André Schiffrin har blitt eit referansepunkt også i Norge for mange slags debattar om bokbransjen, ikkje minst etter at Bøker og business kom ut ved nyttårstider på Aschehoug. Kritikken hans av kommersialiseringa, "konsernifiseringa" og kapitaliseringa av særleg amerikansk forleggarverksemd, er ei polemisk nyting alle bør unne seg.

I Norge blir det spennande å sjå korleis Universitetsforlaget utviklar seg som eit heileigd forlag under Aschehoug. Dei store felleskostnadene i forlagshuset til Nygaard må hentast inn frå alle avdelingane, og det kan ramme det kvalitetsforleggeri som Universitetsforlagets sjef Arne Magnus legg opp til. Eit av Schiffrins poeng er jo at kvalitetslitteratur ikkje trivast under strenge krav om dekningsbidrag eller profitt. Hans eige forlag dei siste åra, det uavhengige The New Press, har hatt handlingsrom takk vere stønad frå mange fond.

Under lesinga slo det meg elles at her har vi ein danna mann som ikkje bryr seg om den særnorske hovuddikotomien: fag- versus skjønnlitteratur. I Schiffrins bok blir det ofte vist til omgrep som "kvalitetslitteratur" og "viktige utgivingar", men eksempla hans er på ein inneforstått, sjølvsagt måte både fag- og skjønnlitterære. Han skil ikkje. Ein levande kultur og eit diskuterande demokrati treng begge delar.

Også denne sida ved Schiffrins bok er det verd å merke seg i desse tider, med ein fastlåst front om innkjøpsordninganes lagnad.

 

Svart forleggar?
Fritt Ord gav tilskott til Dagsavisen for å tilsette ein journalist med minoritetsbakgrunn. Må dette til før norske forlag ser seg tjent med ein fleirkulturell redaktør? Er det Erik Rudeng som må gi Geir Mork ein norsk-pakistanar som han ikkje har råd til å seie nei til? Rekrutteringa er skeiv; dei siste åra har det kome påfallande mange etnisk norske vestkantjenter, gjerne frå kjende kulturfamiliar, inn i forlaga. Denne rekkja må vel snart bli broten? Forleggeri er ingen eksakt vitskap, og derfor er det viktig at slusevaktarane har ulik bakgrunn og litterære preferansar.

 

ProSalong i U2
Etter initiativ frå generalsekretæren i NFF, Trond Andreassen, skal Oslo frå hausten berikast med endå eit nytt litteraturarrangement: ProSalong. Dette blir ein arena for kritisk refleksjon og samtale i U2, under leiing av Nøste Kendzior - og med sal av øl og vin. Det er kurs- og seminarutvalet i NFF som har programansvaret. Utgangspunktet vil ofte vere ei ny bok, men ikkje alltid.

 

U2 (stutt for Uranienborgvegen 2, NFFs nye hovudsete; lær deg forkortinga først som sist!) skal bli eit ope hus, både for NFF-medlemmer og for publikum. Ein diger steinvilla på vestkanten i Oslo er normalt nokså lukka. U2 ønskjer å vere eit unntak. ProSalong er eitt av tiltaka.

Vel møtt!

 

   
forrige side
© Prosa - Faglitterært tidsskrift. Utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Uranienborgveien 2 - 0258 Oslo. Tlf.: 22 12 11 58 - Faks: 22 12 11 50. E-post: halvor.fosli@nffo.no