Prosa 1-2003: Essay

Solveig Aareskjold

Sigrid Undset, Buffalo Bill og Chippendales

Motto: «... men både de salige og de fortapte skal ta imot sin evige skjebne med ungdommens fulle kraft og vārhet.»

Sigrid Undset: Olav Audunssøn og hans børn (1927)
Ikkje sidan Chippendales gjesta Sandnes kulturhus våren 2000, har eg site i så fullpakka sal som under Riksteatrets Sigrid Undset-forestilling hausten 2002.Publikum var sjølvsagt ein god del meir til års enn den hylande hopen som Chippendølane kasta fikenbladet for. Men denne gongen òg var det nesten bare kvinner. Og denne gongen òg handla det om å bruka faste klisjear til å stadfesta gjeldande verdiar og maktforhold.
Sigrid Undset blei fødd i 1882 og døde i 1949. Tjuefem år gammal debuterte ho med romanen Fru Martha Oulie. Ho er kjend verda over for mellomaldertrilogien om Kristin Lavransdatter. I 1928 fekk ho Nobelprisen i litteratur. Ho er ein kraftfull og særmerkt forteljar, og så lenge ho levde, slapp ho lykkeleg unna det fornedrande begrepet «kvinnelitteratur». Men i seinare år har ho blitt eit slags moderleg fellesfang som slitne kvinner søker trøyst og støtte i.
Riksteatrets forestilling opnar med at den aldrande forfattaren nettopp er komen heim frå USA, der ho levde i eksil under Den andre verdskrigen. I mens budde tyskarane i huset hennar. Nå går ho att og fram i den ramponerte stova og hentar ting opp or ei kiste. Den to timar lange monologen er stinn av tilbakeblikk. Slik stig der fram ei forteljing om ei kvinne med varmt hjarte og stor kjeft, hustru, stemor og aleinemor.
Ellen Horn, som står aleine på scenen, er sminka og kledd slik Sigrid Undset ser ut på dei fotografia som blei tekne då ho var kring seksti. Det einaste medvitne avviket frå originalen er stemmebruken. Den verkelege Sigrid Undset hadde så flat røyst at når ho heldt foredrag i studentsamfunnet, fall tilhøyrarane i søvn. Ellen Horns tonefall derimot er livfullt inntil det anmassande. Kvar gong ho nærmar seg ein kraftsalve, aukar ho styrken som for å ta sats, slik at folk kan vita at nå skal dei snart få le igjen.
Men der er òg fint modulerte parti der vârare sider skin gjennom. Og det er godt gjort å halda merksemda fanga heilt aleine i meir enn to timar. Då damene i Sandnes kulturhus karra seg på føtene og leverte ståande applaus, var det vel fortent.
Likevel er det på tide at dei som ønskjer å framstilla livet til berømte personar, enten det er som litteratur, film eller teater, tenker gjennom sine eigne motiv før dei gir seg til å gni seg oppetter idola sine. For det vil lett bli ei ureieleg samanblanding av identitetar, ein uærleg byttehandel der kopien syg ånd og genialitet ut or originalen utan å gi anna tilbake enn traust normalitet.


For hundre år sidan drog store showkompani rundt omkring i Amerika med fargerike tablå frå erobringa av Det ville vesten. Ofte opptrådde dei legendariske heltane, til dømes Buffalo Bill, i rolla som seg sjølv, som eit prov på at alt var heilt ekte og heilt sant. Men alt som var ærefullt og gloriøst, blei framheva og forstørra, og alt som kunne støyta finkjensla, blei feia under teppet. Dess meir tilfreds blei publikum med seg sjølve og landet sitt. Og kvifor skulle dei elles kjøpa billett?
Stereotypiane frå cowboytida lever vidare i Chippendales. Det er ein hyllest til det mannlege slik film og reklame har lært forbrukarane opp til å forstå det. Samtidig er det eit innviingsritual for dei unge jentene som får oppleva nakne menn i det offentlege rommet utan at det blir rokka ved dei offisielle verdiane for rett og gale, opp og ned. Saman med venninnene kan dei utan å vera utsette for reell fare få hyla og skrika av sine lungers fulle kraft, slik dei veit at jenter skal.
Sigrid Undset-forestillinga definerer seg som ein motsats til denne overflatekulturen. Men eigentleg er det bare meir av det same. Her òg handlar det om å stadfesta det alle veit. Der blir ikkje spurt etter kva slags arbeidsforhold Sigrid Undset hadde då ho skreiv Kristin Lavransdatter, eller korleis ho reagerte når ho blei avbroten. Dette er for dei som bare vil høyra endå ein gong at kjærleiken varer ikkje for dei andre heller, at ein modnast gjennom motgang, og at det viktigaste er å vera mor: Ei pute av mild resignasjon å legga seg til kvile på.


Dei godt vaksne kvinnene er ei berande kraft i kulturlivet, for det er dei som kjøper bøker og billettar. Samtidig er dei eit publikum som ikkje tek seg sjølv heilt på alvor, og som det derfor ikkje er grunn til å ta på alvor for dei som støttar seg på dei heller.
Kvar med seg har dei nok tankar om så mangt, og kjenner seg ofte einsame. Det heiter at kvinner er så flinke til å vera opne om kjenslene sine, men det gjeld bare dei statsautoriserte kjenslene som blir marknadsførte av NRK og Rikstrygdeverket. I pausen står dei rundt omkring i foajeen med stengde ansikt og tome blikk. Det gjer det ikkje betre når ei av dei får auge på ein gammal kjenning og renner henne i senk med hyl og skrik, for å demonstrera ekte kvinneleg hjartevarme. Best som det er, blir ein sjølv trengd opp i eit hjørne og så oversprøyta med gjensynsglede at ein må gå på toalettet og tørka av seg.
Den same trivialiseringa av kjensler og reaksjonsmåtar går igjen på scenen. Det høyrest ikkje bra ut når Ellen Horn bryt ut i sitt muntre tonefall at «tyskerhatet fikk jeg inn med morsmelken». Og det skurrar stygt når ho hevdar at Sigrid Undset begynte å tru på Gud fordi ho trong nokon som respekterte henne.
Å hugsa alle desse orda er imponerande, men unødvendig. Ellen Horn kunne kome lenger inn i denne underlege andre om ho i staden hadde teke kroppen til hjelp. Rund og spretten som ho er, har ho det som skal til for å få fram det dyriske og sensuelle som er så sentralt i Undsets dikting. Dei små glimta frå barndommen er lekker scenekunst.
Men så må smella gå igjen, for her skal mykje vera nemnt før teppet går ned. I blant vender ho seg til eit par imaginære tilhøyrarar, særleg ein stakkars umælande sjåfør som forsvinn ut or sikte i så lange periodar at ein begynner å tru at han endeleg har fått lov til å dra heim. Men så blir han tilsnakka igjen. Til slutt stig han fram for vårt indre blikk som hengande på ein knagg på gangen.
Mot slutten tek forestillinga seg opp, og andar ut i ein storstilt dødsscene à la Kristin Lavransdatter. Likevel sit ein att med kjensla av at her lurte ho seg fint unna.


Allereie som tenåring visste Sigrid Undset at ho ville bli forfattar. I samsvar med dette har personane i romanane dei mest skjelsettande opplevingane tidleg i livet.
Etter Kristin Lavransdatter skreiv ho ein mellomalderroman til, Olav Audunssøn. Som ung gjer hovudpersonen eit brotsverk som merkar han for alltid.
I moden alder reflekterer han over at på bilda i kyrkjene er sjelene framstilte som nakne småbarn, og «engler og djevler tar hver sine, når de farer ut av munnen på de døende. Alderdom overlever ikke døden; men både de salige og de fortapte skal ta imot sin evige skjebne med ungdommens fulle kraft og vârhet.»
Med tida kan feitt og rynker dekka over dette eigentlege mennesket, og den evige sjela forsvinn i overflødig materie. Like fullt er ungdommen meir verkeleg enn alderdommen.
Det mest lagnadstunge Sigrid Undset gjorde i sitt eige liv, var truleg det at ho gifta seg med ein mann som hadde kone frå før og tre barn. Lesarar og biografar har vore villige inntil det servile til å godta hennar eigne rasjonelle forklaringar på korleis ekteskapet blei inngått og kvifor det blei oppløyst. Men i diktinga skin det gjennom at der var illusjon og manipulasjon, lidenskap og liding. Den forstøytte førstehustrua kom aldri over det. Når Erlends frille tek sitt eige liv framfor auga på Kristin Lavransdatter, er det ho som spøker i kulissane.
Hadde Sigrid Undset vore egoistisk og nytingssjuk, ville der ikkje vore noko særs med det. Spenninga ligg i at ho var ein etisk medviten person, ein djupt ansvarleg samfunnsborgar. Ho var endåtil ei uvanleg sjølvstendig kvinne med enorm kompetanse i fornuftig livsførsel.
Riksteatret kunne med fordel gjort denne kløyvinga til hovudtema. Då kunne det blitt eit drama for dei unge jentene som såg Chippendales i forfjor – og for kjærastane deira. Og dei trugne slitarane som alltid møter opp, ville heller ikkje hatt vondt av å sleppa dette øyrefyllet som kvinner føler seg forplikta til å lira av seg ut frå misforstått lojalitet med kvarandre.


 

   
forrige side
© Prosa - Faglitterært tidsskrift. Utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Uranienborgveien 2 - 0258 Oslo. Tlf.: 22 12 11 58 - Faks: 22 12 11 50. E-post: halvor.fosli@nffo.no