Prosa 1-2003: Artikkel

Per Anders Todal

Forfattar søkjer forlag

Ein guide til forlagsjungelen for faglitterære forfattarar – og andre

Mellom hendene har du ein bunke papir. Det er ditt eige faglitterære åndsverk. Kvar skal du vende deg, kven vil trykke deg, kven vil arbeide vidare med det du alt har gjort?
På oppdrag frå Prosa har eg laga ei liste med gode råd til deg som vil lage di første bok – og ei liste over forlag som kan tenkjast å vere interessert i manuset ditt. Og eg har intervjua to debutantar, som fortel korleis dei opplevde møtet med forlagsverda.
Den som vil debutere som faglitterær forfattar, går inn i ei uoversiktleg verd der farane lurer overalt. Med hjelp frå erfarne forlagsfolk og forfattarar presenterer eg her ei samling bodord for den ukjende helten som vil storme parnasset.Femten bod til ein komande debutant

1. Sjå forlaga an
Tenk deg om før du tek til å kontakte forlaga med ideen din eller manuset ditt. Sjå grundig og kritisk på boklistene og profilen deira. Kva spesialitetar har dei? Har Forlag X folk som meistrar fagfeltet, er det grunn til å tru at dei vil bry seg om hjartebarnet ditt, kva haldning har folka der til faglitterære debutantar? Kva kan dei ulike forlaga gje deg og boka du vil lage: Feit fargetrykk, oppegåande konsulentar, heidundrande marknadsføring? Sørg for å identifisere den rette personen i forlaget å snakke med før du tek kontakt.

2. Flørt gjerne, men med måte
Det er ikkje umoralsk å kontakte fleire forlag samstundes med prosjektet, for å sjå kven som har mest å tilby. Det kan vere svært fornuftig. Men det er uhyre uryddig om du ikkje informerer kontaktpersonane dine i forlaga dersom du gjer det. Og å gå inn i ein utviklingsfase med fleire forlag samstundes er slett ikkje tilrådeleg. Om forlaget har brukt mykje tid og krefter på manuset ditt, fortener det òg ein viss lojalitet.

3. Storleiken er ikkje alt
Dei store forlaga har mange dyktige medarbeidarar og store ressursar, og det er ikkje rart at dei fleste førstereisforfattarar vender seg til dei først. Samstundes kan det vere verd å hugse at dei mindre forlaga også har sine fordelar. Kanskje kan du få tettare og meir entusiastisk oppfølging på eit av desse, kanskje er det mindre fare for å forsvinne i kjendisvrimmelen der. Somme av nisjeforlaga kan sitje på heilt spesiell kompetanse som er midt i blinken for deg.

4. Ta kontakt tidleg
Kontakt gjerne forlaget alt medan du berre er på skissestadiet. Du kan slett ikkje rekne med noko forpliktande svar frå forlaget så tidleg, men du kan få verdifulle impulsar til det vidare arbeidet. Dessutan kan du sleppe pina det er å gjere eit manus ferdig, for så å oppdage at ingen forlag vil ta i det med eldtong ein gong. Tidleg kontakt med forlaget kan òg vere med på å så interesse og entusiasme for boka di rundt om i organisasjonen der.

5. Men ikkje for tidleg
Du bør likevel ha arbeidd grundig nok med ideen til å kunne gjere skikkeleg greie for kva slags bok du ser for deg, elles blir det lite å snakke med forlaget om. Du får neppe ein gratis lunsj ein gong på det viset, berre status som ein dilettant.

6. Vis andletet ditt
I dag blir dei fleste fagbøker initierte av forlaget, og det er ikkje lett å få gjennomslag for ein ukjend debutant. Eit velskrive brev som presenterer bokideen din for forlaget, kan vere vel og bra. Men forlag får så mangslags rart i posten, og det er ikkje alltid du blir sett på den måten. Det kan vere minst like bra å ta ein telefon til den redaktøren du meiner er den rette å snakke med om boka di. Ver i så fall godt budd, tydeleg og klår i samtalen, og prøv å skape nok interesse til at du får avtalt eit møte med vedkomande. Der kan du få lagt fram tankane dine og svart på nødvendige spørsmål,og det er betre sjanse for å bli hugsa.

7. Ver kortfatta og klår
Om du skal presentere prosjektet ditt skriftleg for eit forlag for første gong, ver kortfatta og seriøs. I første omgang kan det vere nok med ei prosjektskildring på ei side eller to. Få fram realismen i prosjektet, legg fram ein tidsplan for korleis det kan gjerast. Sjølvskryt er ikkje spesielt interessant for forlaget.

8. Tenk på lesaren
Det er ikkje berre simpel kommersialisme å tenkje over kven som kan vere interessert i boka di. Det handlar òg om å nå ut, opp og fram. Folk er ulike, og til lags åt alle kan ingen sakprosaforfattar gjere. Vil du skrive for indremedisinarar, for kommunistar, vil du skrive for dei allminneleg litteraturinteresserte? Ideane dine om publikummet ditt kan vere avgjerande for korleis boka til slutt blir sjåande ut. Uansett kjem forlagsredaktøren din til å stille spørsmål om dette. Og om du sjølv har tenkt gjennom det på førehand, stiller du langt betre rusta når du kontaktar eit forlag.

9. Sjå boka for deg
Det er lurt å prøve å sjå for deg korleis boka di plasserer seg i høve til bøker som alt finst: Kva nytt har du eigentleg å tilføre? Er du sikker på at denne boka ikkje er skriven før? Og er du sikker på at det er ei bok du bør skrive om emnet, og ikkje ein kronikk eller tidsskriftartikkel? Har du tenkt grundig over desse spørsmåla, er det lettare å argumentere for prosjektet ditt overfor forlaget.

10. Snus opp pengar sjølv
For ein faglitterær debutant er det sjeldan særleg store forskot å hente frå forlaget. Om du treng pengar til å drive med datainnsamling eller skrive på manuset ditt, sjå deg godt rundt etter moglege andre kjelder. Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) gjev no debutantstipend til gode prosjekt. Men tenk gjerne vidt og breitt og kreativt sjølv: Kanskje finst det offentlege instansar, organisasjonar eller private bedrifter som kan ha lyst til å støtte boka di?

11. Ikkje ta eit tja for eit tja
Dersom du får for mange halvkveda viser og vage svar frå forlaget, er det lov å setje foten ned og krevje eit svar: Er de interesserte i denne boka, ja eller nei? Har du sendt inn eit manus, gje forlaget ein tidsfrist på til dømes ein månad til å gje eit svar. Om du får for uklåre eller sprikande signal om kvaliteten på manuset ditt undervegs, bør du òg stå på og forlange svar på kva problemet er.

12. Krev din rett
Ikkje ver for audmjuk, ikkje stå med lua i handa. Forlaget er til for forfattaren, ikkje omvendt! Om du og redaktøren/forlaget ikkje kommuniserer godt, bør du vurdere å gå andre stader med boka di. Problema treng ikkje å handle om kompetanse, det kan handle om personkjemi òg. Ver òg på vakt om det blir uklårt kven du eigentleg har med å gjere i forlaget. Om det verkar som om ingen einskildperson eigentleg har ansvaret for boka di, bør du forlange ei avklåring så du ikkje forsvinn i ein skrivebordskuff.

13. Ver varsam, men ikkje aldeles paranoid
Det høyrer til skrekkhistoriene frå bokbransjen, og det er alt anna enn vanleg, men det kan likevel nemnast her: Det har skjedd at store delar av refuserte manus har dukka opp som bok nokre år seinare – med ein annan forfattar enn den opphavlege på omslaget. Difor: Ver ein smule varsam med kva du sender frå deg, dersom du ikkje har full tillit til forlaget.

14. Ikkje tru at du blir rik av dette
For ein debutant er det liten grunn til å drøyme sitt eige namn inn under salstala til Arne Næss eller Åsne Seierstad. Dei fleste norske sakprosabøker sel berre nokre hundre eksemplar. Om du ikkje slumpar til å ha eit fjes folk kjenner frå fjernsynsskjermen, skal det godt gjerast å bli ein bestseljar. Men om verdsleg rikdom var sjølve målet ditt med å lage bok, er det ikkje så sikkert det var særleg verdi i prosjektet ditt uansett.

15. Krev oppfølging heilt til mål
Når boka di skal lanserast, skal du forlange at forlaget tek også den jobben alvorleg. Smale fagbøker får ikkje breie annonsar i Dagbladet, men forviss deg i alle fall om at media får vite om boka di, at meldareksemplara blir sende ut, og at dei rette folka blir informerte om boka di. Har du nokre nyttige nettverk å ty til sjølv, så bruk dei for det dei er verde. Det er trass i alt boka di det handlar om. Du debuterer berre ein gong.Denne teksten byggjer i hovudsak på samtale med eller tekstar av: Trond Andreassen, generalsekretær i NFF og tidlegare forlagssjef og forleggar. Trond Berg Eriksen, forfattar. Nina Refseth, redaksjonssjef i Samlaget. Svein Skarheim, forlagsredaktør i Universitetsforlaget. Knut Olav Åmås, Samtiden-redaktør, forfattar og tidlegare forlagsredaktør. Utvalet og presentasjonen av poenga står fullt og heilt for rekninga til artikkelforfattaren.

 

Abstrakt forlag
Først og fremst eit akademisk forlag, men har nokre få bøker om arkitektur retta mot eit noko breiare publikum. Kjem med ein til to slike titlar i året.
Kontaktperson: Forleggar Einar Plyhn (23 35 79 43).
Adresse: Postboks 6952, St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Internett: www.abstrakt.no

Akribe Forlag
Gjev for det meste ut lærebøker, men har nokre få meir allmenne utgjevingar om barndom og oppvekst.
Kontaktperson: Forlagssjef Marit Berntsen (22 04 32 43).
Adresse: Postboks 456 Sentrum, 0104 Oslo.
Internett: www.akribe.no

Andresen & Butenschøn
Har tyngdepunkt innanfor norsk kulturhistorie, gjerne godt illustrerte verk. Gjev òg ut generelle historiske bøker og biografiar. Andresen & Butenschøn gjev i alt ut 15–20 titlar i året.
Kontaktperson: Redaktør Merete Granlund (23 13 92 40)
Adresse: Postboks 1153 Sentrum, 0107 Oslo.

Arfo forlag for arkitektur og kunst
Lite spesialforlag for bøker om arkitektur, kulturminne og byggeskikk. Satsar på rikt illustrerte utgjevingar.
Kontaktperson: Jiri Havran (22 69 55 94).
Adresse: Fauchaldsgate 1, 0365 Oslo.
Internett: www.arfo.no

Arkitekturforlaget
Mest eit fagforlag for medlemmene i Norske Arkitekters Landsforbund, men kjem i blant med arkitekturbøker med breiare appell. Gjev ut ei til to bøker i året.
Kontaktperson: NAL ved direktør Hans Halvorsen (23 33 25 00)
Adresse: Josefines gate 34, 0351 Oslo.

Aschehoug Forlag
Aschehoug gjev ut sakprosa av dei fleste slag, frå små faktabøker til tunge fleirbandsverk. Gav ut kring 30 sakprosatitlar i 2001, inkludert omsetjingar. Faktaavdelinga til Aschehoug har organisert utgjevingane sine i ti kategoriar, mellom anna biografi, samfunn/historie, kunst/kultur og reiselitteratur.
Kontaktpersonar: Redaksjonssekretær Hege Stølen Berstad (22 40 04 94) og redaksjonssekretær Hege Blom (22 40 04 98).
Adresse: Postboks 363 Sentrum, 0102 Oslo.
Internett: www.aschehoug.no

Boksmia forlag
Einmannsforlag som gjev ut bøker om miljøspørsmål, landbruk, språk og historie. Kjem med to-tre titlar i året.
Kontaktperson: Olav Randen (32 08 43 98).
Adresse: 3570 Ål.
Internett: www.boksmia.no

J.W. Cappelens forlag
Redaksjonen for generell litteratur står for utgjeving av dei allmenne sakprosatitlane på Cappelen: Reiseskildringar, biografi/memoarar, samtidsdokumentar, populærvitskap, debattbøker og generell faglitteratur. Kring 30 nye titlar i 2002.
Kontaktperson: Forlagssjef Ida Berntsen (22 98 53 70).

• Cappelen fakta gjev mellom anna ut bøker om kulturhistorie, sjølvutviklingsbøker, naturhandbøker og større verk, under namnet Forlaget Natur & Kultur.
Kontaktperson: Forlagssjef Kari Skodvin (22 36 52 50)
• Cappelen Akademisk Forlag gjev ut lærebøker.
Adresse: Postboks 350 Sentrum, 0101 Oslo.
Internett: www.cappelen.no

Commentum Forlag
Sandnesforlag som for det meste gjev ut lokale og regionale bøker: Histore, natur, praktbøker. Einskilde dokumentarutgjevingar med vidare nedslagsfelt. Sju utgjevingar i 2002.
Kontaktperson: Dagleg leiar Tom Gaudland (51 97 49 10).
Adresse: Hanavegen 17, 4327 Sandnes.

N.W. Damm & Søn AS
Damm gjev mest ut omsette faktabøker, men har nokre norske utgjevingar om tradisjonell kunst og kultur.
Kontaktperson: Redaksjonssjef Halvard Vik (22 47 11 06).
Forlaget planlegg òg ei satsing på biografiar.
Kontaktperson: Redaktør Edvard Thorup (24 05 11 20).
Adresse: Fridtjof Nansensvei 14, 0055 Oslo.
Internett: www.damm.no

Dinamo Forlag
Årsgammalt forlag med utspring i reklamebyrået Dinamo. Ønskjer å satse breitt innanfor sakprosa, har ingen spesielle tyngdepunkt eller preferansar. Har gjeve ut fire sakprosabøker så langt, vil utvide neste år.
Kontaktperson: Redaktør Merete Henriksen (67 20 01 54).
Adresse: Postboks 442, 1327 Lysaker.
Internett: www.dinamo.no

Eide Forlag
Gjev ut seks-sju sakprosatitlar i året. Tyngdepunkt på historie, også større verk. Regionalt orientert mot bergensområdet og Vestlandet elles.
Kontaktperson: Dagleg leiar Roald Flaten (55 32 90 40).
Adresse: Sandbrugaten 11, Postboks 4081 Dreggen, 5835 Bergen.
Internett: www.eideforlag.no

Fagbokforlaget
Stort lærebokforlag som òg gjev ut nokre meir allmenne bøker. Frå 2003 skal den satsinga utvidast. Dei allmenne titlane skal da gjevast ut under vignetten Vigmostad og Bjørk, og 8–10 bøker er planlagde i fleire kategoriar: historie, biografiar, filosofi, praktbøker og anna.
Kontaktperson: Arno Vigmostad (55 58 88 35).
Adresse: Postboks 6050 Postterminalen, 5892 Bergen.
Internett: www.fagbokforlaget.no

Forlaget Fritt og Vilt
Gjev ut berre sakprosa. Fritt og Vilt kjem med to til seks norske titlar i året, om samfunnsspørsmål i vid forstand. Forlaget kallar seg kresent, og vil berre gje ut bøker som representerer nytenking.
Kontaktperson: Forleggar Syphilia Morgenstierne (66 85 90 40).
Adresse: Grønsundåsen 55, 1394 Nesbru.
Internett: www.frittogvilt.no

Gaidaros
For det meste skulebøker, men Gaidaros gjev òg ut nokre få meir allmenne titlar, for det meste om kunst og kultur.
Kontaktperson: Dagleg leiar Bjørn Brænd (23 27 59 15).
Adresse: Boks 5178 Majorstua, 0302 Oslo.
Internett: www.gaidaros.no

Gyldendal Norsk Forlag
Gyldendal har organisert sakprosautgjevingane sine i fleire sjølvstendige redaksjonelle einingar.
• Gyldendal Fakta gjev mellom anna ut bøker om helse, mat og drikke, reiser, kunst og kultur, natur og friluftsliv.
Kontaktperson: Redaksjonssjef Lars Røtterud (22 03 41 81).
• Gyldendal Litteratur gjev ut ulike typar dokumentarlitteratur i tillegg til skjønnlitteraturen. Her kjem Gyldendal sine biografiar, debattbøker, essayistiske og journalistiske bøker.
Kontaktperson: Redaksjonssjef Hans Petter Bakketeig (22 03 43 61).
I tillegg kjem
• Gyldendal Akademisk, som gjev ut lærebøker for universitet og høgskular,
• Gyldendal Tiden, som gjev ut faktabøker for barn, og
• Gyldendal Undervisning, som lagar lærebøker frå grunnskule- til høgskulenivået.
Adresse: Postboks 6860, St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Internett: www.gyldendal.no

Humanist Forlag
Satsar på etikk, menneskerettar, populærvitskap, religion og historie, mellom 8–12 titlar i året.
Kontaktperson: Forlagssjef Bente Pihlstrøm (22 36 48 29).
Adresse: Postboks 6744, St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Internett: www.humanistforlag.no

Høyskoleforlaget
I all hovudsak eit reint fagbokforlag retta mot universitet og høgskular. Somme av bøkene om massemedia på underbruket IJ-forlaget har meir allmenn interesse.
Kontaktperson: Redaktør Jan Erik Mustad (38 10 50 15).
Adresse: Postboks 39, Dronningens gate 67, 4661 Kristiansand S.
Internett: www.hoyskoleforlaget.no

Kagge Forlag
Kagge gjev ut eit breitt spekter av sakprosa, kring 30 titlar av ymse slag i 2002. Tyngepunkt i reiselitteratur, popularisert filosofi og handbøker. Satsar mot ein brei marknad med dei aller fleste titlane sine. Forlaget seier seg særleg interessert i originalitet og friske idear.
Kontaktperson: Redaktør Jan Swensson (23 11 82 84).
Adresse: Stortingsgata 30, 0161 Oslo.
Internett: www.kagge.no

Kom Forlag
Utgir bøker innen temaene: reise i Norge, kulturhistorie, Norgesbøker, norsk mat og matkultur, marinbiologi, filosofi og hobby.
Kontaktperson: Forleggar Svein Gran (71 57 33 10)
Adresse: Postboks 865, 6501 Kristiansund.
E-post: post@komforlag.no
Internett: www.komforlag.no

Labyrinth Press
Forlag som satsar på praktbøker om kunst og kunstnarar. Fokus på samtidskunst, ein del kunstnarbiografiar. Lagar ofte bøker i samarbeid med ulike museum. Kjem med åtte–ni titlar i året.
Kontaktperson: Øivind Pedersen (22 55 02 05).
Adresse: Skovveien 2, 0257 Oslo.

Landbruksforlaget
I tillegg til bøker om landbruk og hobbybøker gjev Landbruksforlaget ut ein del titlar om kulturtradisjonar. Også nokre bøker om miljøspørsmål. Kom ut med kring 70 titlar i 2002, men få av desse er for allmenn sakprosa å rekne.
Kontaktperson: Gunnar Høiås (23 15 89 20).
Adresse: Boks 9303 Grønland, 0135 Oslo.
Internett: www.landbruksforlaget.no

Messel Forlag
Lite forlag som i hovudsak satsar på kunst- og kulturhistoriske bøker, oftast rikt illustrerte. Fire til seks utgjevingar per år.
Kontaktperson: Forleggar Anne-Grethe Messel (22 20 29 15).
Adresse: St Olavs g 21A, 0165 Oslo.

Novus Forlag
Gjev for det meste ut bøker for universitets- og høgskulemarknaden. Har òg nokre få meir allmenne titlar, mest av kulturhistorisk slag.
Kontaktperson: Forleggar Olav Røsset (22 71 74 50).
Adresse: Herman Foss gate 19, 0171 Oslo.
Internett: www.novus.no

Oktober forlag
For det meste skjønnlitteratur pluss essaysamlingar frå eigne forfattarar og nokre få sakprosatitlar. Har for tida liten kapasitet til å ta imot nye forfattarar.
Kontaktperson: Spør etter ein av redaktørane.
Adresse: Postboks 6848, St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Internett: www.oktober.no

Orion Forlag
Satsar mellom anna på praktbøker, hobbybøker og dokumentarlitteratur. Har gjeve ut ein god del historiske bøker og memoarlitteratur om 2. verdskrigen. Gav med stort og smått ut kring 40 titlar i 2002.
Kontaktperson: Forlagssjef John Bilek (23 19 60 90)
Adresse: Sørkedalsvn. 10 C, 0369 OSLO.
Internett: www.orionforlag.no

Orkana forlag
Frå Orkana kjem ein del bøker om kulturhistorie og allmenn historie, dessutan einskilde debattbøker, alt med utgangspunkt i Kyst-Noreg. Dei fleste titlane er knytte til Nord-Noreg, men forlaget er interessert i forfattarar frå heile landet.
Kontaktperson: Forlagssjef Elisabeth Johansen (76 08 95 05).
Adresse: Postboks 127, 8378 Stamsund.
Internett: www.orkana.no

Pantagruel forlag
Pantagruel forlag er ope for all slags sakprosa, men det må vere bøker av folk som forleggaren beundrar. Forfattarane må høyre til på A-lista innanfor feltet sitt, dei må tenkje annleis, og skrive bøker av reell verdi. Slike kjem det ein liten handfull av på Pantagruel kvart år. Er du ein slik forfattar, kontakt forleggar
Alexander Elguren (22 54 82 40).
Adresse: Postboks 2370 Solli, 0201 Oslo.

Pax Forlag
Pax er først og fremst eit forlag for tyngre utgjevingar innanfor samfunnsfag og humaniora. Kring 80 prosent av bøkene frå Pax er retta mot høgare utdanning. Forlaget gjev òg ut nokre biografiar og andre sakprosabøker med breiare nedslagsfelt. Gav ut kring 30 titlar av norske forfattarar i 2002.
Kontaktperson: Ingen særskilt. Ring 23 13 69 00 og spør etter ein av redaktørane.
Postadresse: Boks 2336 Solli, 0201 Oslo.

Polar Forlag
Ungt, nordnorsk forlag som har gjeve ut nokre dokumentarbøker og historiske bøker frå landsdelen. Satsar ein del på polarlitteratur, men ønskjer å utvide virkefeltet sitt ut over det nordnorske.
Kontaktperson: Forleggar Kjell Berg (77 68 42 20).
Adresse: Kortbølgen 10, 9017 Tromsø.
Internett: www.polarforlag.no

Det Norske Samlaget
Samlaget gjev ut dei fleste typar sakprosa, så lenge han er på nynorsk. Tyngdepunkt: kulturhistorie og anna historie, språk og litteratur, biografiar, debattbøker. Gjev ut 25–30 sakprosabøker av ulike slag i året.
Kontaktperson: Redaksjonssjef Nina Refseth (22 70 78 30).
Adresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo.
Internett: www.samlaget.no

Chr. Schibsteds Forlag
Schibsted gjev ut ein god del biografiar og nokre dokumentarbøker, til saman 10–15 titlar i året. Ein del historiske bøker, med særleg vekt på lokalhistorie for Oslo. Gjev i tillegg ut ulike typar faktabøker og oppslagsverk.
Kontaktperson: Redaksjonssjef Elin Vestues (24 14 69 09).
Adresse: Postboks 6973, St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Internett: www.schibsted-forlag.no

SEBU Forlag
Kjem med omlag to-tre bøker i året retta mot barnehage- og skoletilsette, og utgir lærebøker for førskole- og allmennlærarutdanninga.
Kontaktperson: Reidar J. Pettersen (22230571).
Adresse: John Brandts vei 69, 0860 Oslo

Selja Forlag
Gjev ut fyldig illustrerte bøker med utgangspunkt i Vestlandet, særleg Sogn og Fjordane. Historie, arkitektur og kultur, ein del biografiar, seks til åtte titlar per år.
Kontaktperson: Forlagssjef Torkjell Djupedal (57 83 22 20).
Adresse: Postboks 151, 6801 Førde.
Internett: www.selja.no

Skald Forlag
Skald Forlag kjem med 6–8 bøker i året, for det meste praktbøker om kunst, natur og kultur på Vestlandet. Kunstnarportrett, lokalhistoriske verk og ei og anna regionalt vinkla debattbok.
Kontaktperson: Forleggar Lars Nes (57 65 41 55).
Adresse: Postboks 61, 6861 Leikanger.
Internett: www.skald.no

Snøfugl Forlag
Gjev ut ein del regionalt orienterte bøker frå Midt-Noreg, og nokre historiske og dokumentariske utgjevingar. Kjem med fire-fem bøker i året.
Kontaktperson: Forleggar Åsmund Snøfugl (72 87 24 11).
Adresse: Postboks 95, 7221 Melhus.

Solum Forlag
Solum gjev i all hovudsak ut vitskapleg, humanistisk litteratur og skjønnlitteratur. Forlaget har òg ein serie faktabøker for barn.
Kontaktperson: Espen Holtestaul (22 50 04 00).
Adresse: Postboks 140 Skøyen, 0212 Oslo.
Internett: www.solumforlag.no

Spartacus forlag
Spartacus gjev dels ut akademisk litteratur for universitet og høg-skular, dels allmenn sakprosa med utgangspunkt i akademia. I all hovudsak emne frå humaniora og samfunnsfag. Mykje historie og kulturhistorie, ein del debattbøker. Gjev òg ut ein serie med reisebøker. 15–20 allmenne utgjevingar per år.
Kontaktperson: Forlagssjef Per Nordanger (22 44 56 70).
Adresse: Postboks 2587 Solli, 0203 Oslo.
Internett: www.spartacus.no

Spektrum forlag
Gjev ut skule- og faktabøker for ungdom. Forlaget er interessert i å kome i kontakt med forfattarar av meir allmenn sakprosa.
Kontaktperson: Cyrus Brantenberg (22 12 39 03).
Adresse: Tostrupgaten 29, 0264 Oslo

Tapir Akademisk Forlag
Som namnet fortel, er Tapir mest eit lærebokforlag retta mot høgare utdanning. I tillegg gjev forlaget ut eit tital meir allmenne bøker kvart år. Dei fleste av desse bøkene har ei regional vinkling retta mot Midt-Noreg, anten det er historie, kultur eller natur som er tema.
Kontaktperson: Forlagssjef Torbjørn Lefstad (73 59 31 90).
Adresse: Nardoveien 14, 7005 Trondheim.
Internett: www.tapirforlag.no

Tiden Norsk Forlag
Spesialiteten til Tiden innanfor sakprosa er arbeidslivslitteratur, men forlaget gjev òg ut politiske debattbøker, essays og andre typar allmenn litteratur. Forlaget ønskjer å utvide satsinga si på politisk litteratur, eit felt der Tiden har lange tradisjonar.
Kontaktpersonar: Redaktør Tonje Vold (23 32 76 78), redaktør Mattis Øybø (23 32 76 81).
Adresse: Postboks 8813, Youngstorget, 0028 Oslo.
Internett: www.tiden.no

Unipub Forlag
Først og fremst eit akademisk forlag, men vil utvide satsinga på bøker med vitskapleg basis og meir allmenn appell. Har også ein serie debattbøker kalla Perspektiv: 17x24.
Kontaktperson: Redaktør Rune Rambæk Schjølberg (22 85 33 02).
Adresse: Postboks 84 Blindern, 0314
Oslo Internett: www.unipubforlag.akademika.no

Universitetsforlaget
Stort forlag for akademisk litteratur, som òg gjev ut ein del forskingsbasert sakprosa med breiare appell. Kring 10–12 titlar i året kan seiast å vere meir allmenn sakprosa. Gjev ut bøker innanfor humaniora, samfunnsfag, økonomi og juss, ingen særskilde tyngdepunkt blant desse fagområda.
Kontaktpersonar: Forlaget har ni redaktørar innanfor sju redaksjonelle område. Potensielle forfattarar bør spørje etter redaktøren for sitt fagfelt. Telefon: 24 14 75 00.
Adresse: Sehesteds gate 3, Postboks 508 Sentrum, 0105 Oslo.
Internett: www.universitetsforlaget.no

Valdisholm Forlag
Einmannsforlag med base i Østfold. Gjev dels ut litteratur med lokal eller regional tilknyting, dels bøker om kunst, kulturhistorie og filosofi.
Kontaktperson: Forleggar Tore Stubberud (69 22 71 16).
Adresse: Kullebund, 1890 Rakkestad.

Wigestrand Forlag
Lite stavangerforlag som gav ut fire titlar i 2002. Kunst, kultur og historie, gjerne med regional forankring og mange illustrasjonar. Har òg gjeve ut større verk av nasjonal interesse.
Kontaktperson: Forleggar Øyvind Wigestrand (51 89 49 69).
Adresse: Postboks 621, 4003 Stavanger.

 

   
forrige side
© Prosa - Faglitterært tidsskrift. Utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Uranienborgveien 2 - 0258 Oslo. Tlf.: 22 12 11 58 - Faks: 22 12 11 50. E-post: halvor.fosli@nffo.no