Prosa 2-2005: Bokessay

Atle Christiansen

Ein motefilosof og ein smertefilosof

To filosofar har skrive kvar si bok frå to ulike livsområde. Arne Johan Vetlesen har skrive ei bortimot uleseleg bok om smerte som eg likte, og Lars Fr. H. Svendsen har skrive ei lettfatteleg bok om mote som eg ikkje likte, skriv kritikaren Atle Christiansen.

Lars Fr. H. Svendsen: Mote – et filosofisk essay
191 sider Universitetsforlaget 2004

Arne Johan Vetlesen: Smerte
185 sider
Dinamo forlag 2004

Før vi les bøker om mote og smerte, har vi sjølvsagt fordommar. Moten kan vi raskt avfeie som overflatisk jåleri og lite anna. Jåleriet er noe utvendig og påklistra som ikkje har djupare meining, tenkjer vi. Smerte, derimot, er ei innvendig erfaring vi i grunnen ikkje vil ha for mye av. Ved sida av sjølve døden og tida som går, er smerta det vi intuitivt fryktar mest av alt her i verda.

På førehand aner vi at boka om moten vil avsløre ein flik av det slette, late og enkle ved mennesket. Og når det gjeld boka om smerte, trur vi ho vil vise at smerta og det alvoret ho fører med seg, gjer noen menneske meir nattramma enn andre, og vi trur at dei nattramma menneska er djupare livsramma enn dei menneska som bare vassar omkring i moten. Likevel ønskjer vi oss meir av moten enn smerta, enda vi aner at moten fører oss bort frå oss sjølve mens smerta kan gi vinning eller innsikt på den andre sida, viss vi kjem oss igjennom med helsa noenlunde intakt.

Men alt dette er sjølvsagt meiningar vi har før vi les moteboka til Svendsen og smerteboka til Vetlesen. På førehand har vi nedvurdert moten og oppvurdert smerta som eksistensielle erfaringar, men på førehand kjenner vi ikkje Svendsen og Vetlesen like godt som moten og smerta. Likevel gjer vi oss både verre og betre enn vi er viss vi ikkje vedgjekk at vi har fordommar mot forfattarane også, trass i vår spinkle kjennskap til dei. Fordommar er i det heile tatt ikkje avhengig av kunnskapar. Eg har ei bok av Vetlesen i hylla (om kjensler og moral) som eg aldri har lese. Det eg veit om han, er det som står på omslaget av den nye boka hans, og der står det at han er filosofiprofessor, og eg kan lese meg til at han har gitt ut fleire bøker om moralske problemstillingar.

Svendsen veit eg noe meir om. Eg veit for det første at han arbeider som filosofilærar og at han har gitt ut mange bøker. For ei stund sidan las eg forordet hans i boka Hva er filosofi?, og eg blei slått av kor fort og entusiastisk han bana vegen for sine eigne resonnement, kor flink han var til å prioritere og avgrense teksten sin slik at han kunne dure i veg. Til samanlikning gav Erik Bjerck Hagen ut ei bok på omtrent den same tida, og på det same forlaget, som var ein introduksjon til kva litteraturvitskap er. Men mens Svendsen kunne avgrense seg og starte boka si frå ein stad, makta aldri Bjerck Hagen å prioritere og velje inngang på si bok. Dermed blei Bjerck Hagens introduksjonsbok noe anna enn ei introduksjonsbok, mens altså Svendsen imponerte med klar og fin evne til å velje bort og starte opp.

Nok om mine fordommar, til bøkene: Svendsen har skrive åtte kapittel pluss forord og sluttord. Han skriv om moten i forhold til språk, kropp, kunst, konsum og livsideal. Moten er så dominerande i vår livsverd at han nærmast har blitt vår andre natur, skriv Svendsen i forordet. Og han er ikkje blind for at moten er overflatisk. Han er klar over at mange vil hevde at moten ikkje passar som studieobjekt for eit djupt fag som filosofi. Arbeidshypotesen hans er likevel at moten er så dominerande til stades i det moderne samfunnet at ei filosofisk undersøking av han hjelper oss å forstå meir av oss sjølve og våre handlingar. Svendsen hevdar tidleg at boka hans også er kritisk til moten: «En sentral ambisjon er å etablere et mer reflektert forhold til moten, og slik sett endre måten vi forholder oss til den på. Det vil ikke frigjøre oss fullstendig fra moten, men vi kan oppnå en relativ selvstendighet i forhold til den,» skriv han.

Svendsen meiner faktisk at det er nødvendig å forstå moten for å forstå vår moderne og seinmoderne verd, men samtidig vedgår han at ingenting er mindre viktig enn mote. Svendsen er ein smart mann. Seier han det eine, seier han straks det andre. Dermed står både-og der og utelukkar anten-eller, og på det viset har ikkje Svendsen sagt verken-eller.

Adam Smith, Kant, Hegel, Walter Benjamin og og Adorno er filosofar som tidlegare har arbeidd med spørsmål omkring moten, fortel Svendsen. Heile bøker om mote har bare Georg Simmel og Gilles Lipovetsky skrive. Svendsen arbeider etter Simmel, og det vil seie at han søkjer å finne ut meir om sambandslinene mellom mote og identitet. «Klær er en avgjørende del av den sosiale konstruksjonen av selvet. Identitet er ikke lenger gitt med en tradisjon, men er vel så mye noe vi må velge oss i kraft av å være konsumenter,» skriv han.

Moten er ein del av moderniteten på den måten at det handlar om å avskaffe tradisjonar, og gjerne sjokkere med nye former i forhold til dei gamle. Men moten har også eit trekk som moderniteten ikkje vil vedkjenne seg, fortel Svendsen, nemleg det irrasjonelle. Moten handlar ikkje utelukkande om det nye og vakre, men heller om det nye og oppsiktsvekkjande. Svendsen seier Kant framheva dette poenget, at moten ikkje treng handle om det vakre men kan utarte til det eventyrlege eller heslege. Ny mote er nemleg ny mote i den grad han overbyr den gamle moten.

Svendsen fortel at moten ikkje er ein samfunnskommentar, men inngår i ei samtale med tidlegare mote. Moten utviklar seg ut frå interne forhold, som til dømes gårsdagens mote. Korte skjørt i dag gir lange skjørt i morgon. Men nå i seinmoderniteten har den tradisjonelle motelogikken endra seg frå ein erstatningslogikk til ein suppleringslogikk. Moten klarar ikkje lenger å vere ny i forhold til den gamle moten, og blir dermed bare ein gjenbrukar av gamle moteuttrykk. Moten overraskar ikkje lenger, sukkar Svendsen.

Slik Svendsen utlegg moten, er han altomfattande på ein måte som ingen av oss slepp unna. Men har har han rett i det? Han seier at moten påverkar oss alle, anten vi er moteslavar eller ikkje. Forbruksmønsteret vårt avslører oss, seier Svendsen, og det har han kanskje rett i. Og det er lett å hevde, som Svendsen gjer, at vi er fanga av det vi eventuelt vil frigjere oss frå. Men det går da an å vere ein medviten forbrukar som gjer så godt han kan i forhold til å vere minst mogleg moteslave, men dette perspektivet drøftar ikkje Svendsen. Han framstiller moten som eit fortryllande element i tilværet som vi er fanga av, anten vi vil eller ikkje. Når Svendsen vil ha det til at vi er så fanga av moten, kjem det kanskje av at han sluttar frå seg sjølv til oss andre. Sjølv liker han moten, det kjem nå fram både på og mellom linjene i denne boka. Hans smule kritikk mot moten er i beste fall veik og i verste fall eit knefall for moten. Svendsen kritiserer ikkje moten for å vere overflatisk og meiningslaus, han kritiserer dagens mote for at han ikkje er så oppsiktsvekkjande nyskapande som moten var før. Gårsdagens mote var flinkare til å vere mote, det vil seie å skifte ut gårsdagens mote med ein ny. Mote er det som skiftar fasong og utsjånad utan å skifte kvalitet, men nå synest Svendsen at moten er blitt dårleg fordi han ikkje følgjer den opphavlege erstatningslogikken til moten, men heller følgjer ei ny form for suppleringslogikk. Det var kort summert Svendsens kritikk av moten.

Sant skal seiast: Svendsen konkluderer også med at moten ikkje skaper identitet, og viss han blir norm for identitetsdanning, verkar han identitetsoppløysande. Og nesten heilt mot slutten av boka skriv han: «Konklusjonen etter disse studiene kan neppe bli annet enn at moten er et mangfoldig fenomen som foregir å ha mening, men som i realiteten har det i svært liten utstrekning.»

Eg kan ikkje sjå at moten er noe mangfaldig fenomen. Slik Svendsen har framstilt moten, er han både einsidig og meiningslaus. Når Svendsen ikkje vil innsjå det, tenkjer eg at det er fordi han liker dei overflatiske endringane moten kan by på. At forbrukaren kan velje dyrt merke eller rimeleg vare, indikerer vel ikkje at moten er mangfaldig? Det dyre og rimelege ser jo likt ut, og formålet er å kle oss opp, jåle oss til, gjere oss representative og så vidare. Han skriv forresten sjølv at moten endrar seg på overflata, altså at essens og innhald er det same, men korleis kan overflatiske endringar vere mangfaldige slik han konkluderer?

Kva som gjer moteboka til Svendsen til eit filosofisk essay, veit eg ikkje. Kanskje er det det nitide og tafatte forsøket på å definere mote-omgrepet som kvalifiserer moteboka til undertittelen «et filosofisk essay», eller det er det faktum at Svendsen arbeider som amanuensis i filosofi som gjer boka filosofisk? Eg synest moteboka hans er langt meir av ei forteljing, ein presentasjon eller ein rapport, utan at Svendsen i nemneverdig grad skriv verken essayistisk eller filosofisk. Men spørsmålet om det filosofiske med denne boka får fagfilosofane og andre interesserte drøfte vidare viss dei vil.

Mens Svendsen er deskriptiv og stort sett ukritisk til sitt tema, er Arne Johan Vetlesen både deskriptiv og moralsk til stades i teksten sin på ein heilt annan måte. Vetlesen blir til tider nesten preikande, han skriv med engasjement og har mange og viktige bodskapar til lesaren. Desse bodskapane gøymer han ikkje i tilbaketrekt objektivitet, men han står fram med dei og blir både moraliserande og nær sagt som alt sagt, preikande. Og takk for det.

Vetlesen skriv tretten kapittel pluss avslutning. Dette er ei bok som blir avslutta mye betre enn ho blir starta opp. Vetlesen ryggar inn i problemstillinga si, og det kjem seint og uklart fram kva han vil skrive om. Kapittel to om tortur, som døme på ekstrem smerte, kjem derfor uventa på lesaren. Denne boka er språkleg sett håplaus. Forfattaren skriv pussige setningar det tar lang tid å forstå. Her er innskot og parentesar og harking og innskot igjen, og når punktum endeleg kjem, er eg i tvil om kva eg har lese. Var det eit «ikkje» inni ein av setningane der som veltar meininga i den andre leia, eller?

Smerte er ikkje noe vi avgjer sjølv, hevdar Vetlesen: «Samfunnet vi lever i, epoken vi tilhører, utruster hver og en av oss med et vokabular og en måletstokk for å kommunisere om smerte og å vurdere dens betydning.» Verdens helseorganisasjon (WHO) vil utrydde smerte, med helse meiner dei fråver av smerte og ubehag. Vetlesen meiner at smerte har noe godt ved seg som vi ikkje bør kvitte oss med fullt og heilt. Vetlesen er kronglete og omstendeleg frå side éin av. Teksten krev konsentrasjon og vennleg lesarinnstilling. Vetlesen vil seie at smerte har noe godt ved seg, men han utset poenget sitt for lenge, han dveler ved det og ryggar inn i forklaringane sine, og han kjem seint til poenget, og ærleg talt veit eg ikkje om eg fekk det med meg. Etter innleiinga forstår eg at det skal handle om at smerte har noe bra ved seg, men eg forstår ikkje kva, og eg har ærleg talt skjønt lite av mesteparten av det Vetlesene seier, det vil seie, eg forstå det vel, men eg forstår ikkje at det er så vanskeleg, eller klarare uttrykt frå mi side: eg forstår ikkje at han må formulere det så vanskeleg. Her er eit døme på kaudervelsken til Vetlesen, og denne måten å formulere seg på er det mye av i denne boka, og denne språkføringa hindrar ei god lesaroppleving, og eg vil jammen skulde litt på forlaget også, for her må det ha vore konsulentar som også har hatt vanskar med å forstå det som står skrive: «(…) fysisk smerte er enestående blant alle våre psykisk, somatiske og sanselige tilstander i kraft av at slik smerte ikke har noe objekt: fysisk smerte er en intensjonal tilstand (den er om noe, ikke blind), men det smerten er ‘om’, som gir den dens innhold, har ikke form av et objekt, noe som det er mulig å henvise til i verden». Kva betyr slike vendingar? Og kva betyr ord som «ubetvilelighet», «ufjernbarhet», «psykologisk-logisk-motivasjonal» og «aktørskap»?

Javel, håplaust språk. Men på side 39 kjem det ei setning vi kan halde fast på, og som det ikkje burde ha tatt 39 sider å kome fram til: «La oss foreløpig holde fast ved at smerte, slik jeg i fortsettelsen skal forstå den, alltid har både en fysisk og en pykisk (psykologisk, mental) komponent; disse to hovedkomponentene ‘komponerer’ den konkrete smerteopplevelsen, som slik sett er et komplekst fenomen.» Puuh, men likevel: Smerte har både ei psykologisk side og ei kroppsleg side. Visste vi det ikkje.

Mens Sartre meinte vi så å seie kan ta kjensler av og på oss, meiner Vetlesen at kjenslene tvert imot gjer oss til den vi er, og at vi såleis ikkje kan ta dei av og på som masker eller roller vi vel oss. Stemning og pykiske tilstandar er noe vald hos Sartre. Å gå inn og ut av kjensler, å så seie velje sitt sinnelag, ser Vetlesen på som sjukt, som inautentisk. Smerte er ei kjensle og den psykiske opplevinga av smerte er det vanskeleg å skilje frå den fysiske opplevinga av det same: «Felles for alle typer smerte (…) er at smerten dreier seg om å ha det vondt, at vondt er det følelsen handler om.» Utan å underslå at angst også kan vere håplaust, skriv Vetlesen (med Heidegger) at angsten kan vekkje til erkjenning av seg sjølv og livet og døden, ikkje minst på den måten at ein tar ansvar for sitt eige liv og eigne val.

Eg synest Vetlesen skriv unødvendig knudrete og lite lesarvennleg. I grunnen veit eg ikkje om eg forstår alt han seier heller, men når sant skal seiast er det vanskeleg å lese Sartre i omsetjing av Dag Østerberg også, og det er neppe fordi Sartre er forvanska i Østerbergs omsetjing. Boka til Vetlesen hadde definitivt tent på at forlag og forfattar på eit tidleg tidspunkt hadde gått inn og sett ein standard for språkføringa. Vetlesen går glipp av mange lesarar på grunn av ei tung og rar språkføring, og det er dumt, for i tilfellet Vetlesen snakkar vi ikkje om ein fagfilosof som ønskjer å imponere fagfeller; Vetlesens tankar har allmenn interesse og hadde definitivt tent på ei anna språkdrakt.

Likevel, trass i ei håplaus språkføring, så liker eg denne boka, trur eg, ikkje minst på grunn av dei preikande innsmetta i henne, kort sagt den moraliserande hangen til Vetlesen, slikt kan vi godt ha meir av i skriftlivet, og dessutan liker eg trua hans på det gode i mennesket, og eg liker hans syn på kunsten og kulturen som kongevegen til praktiseringa av det gode framfor det vonde i mennesket. Slikt osar det menneskevennleg klokskap av, og det kan vi aldri få nok av. Dessutan blir boka betre etter kvart, særleg mot slutten når Vetlesen skriv om korleis kulturen har eit ansvar når det gjeld å forvandle og omforme smerte og gi det form og utløp i kunst.

Lesinga av Mote og Smerte stadfestar i grove trekk mine fordommar: Moten er overflatisk og seier mindre om mennesket og livet enn smerta. Moten er eit overskotsfenomen vi kan velje å forbruke, mens smerta er noe som rammar oss anten vi vil eller ikkje. Det overraskar meg elles at eg liker ei bok som er dårleg skriven, men takke meg til det hakkete og snirklete framfor det flinke og friserte som glir som gudsord inn i ein galning.

 

   
forrige side
© Prosa - Faglitterært tidsskrift. Utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Uranienborgveien 2 - 0258 Oslo. Tlf.: 22 12 11 58 - Faks: 22 12 11 50. E-post: halvor.fosli@nffo.no