>Debatt Tilbake til debattoversikt

Lærebokkritikk

Debattinnlegg

 

Lærebokkritikk i krise

Arnhild Skre

1990-talets gylne år for lærebokkritikken er forbi. Nå råkar finans- og mediekrisa sakprosaens stebarn. Likevel finst det vegar framover for den som tør.
    I skoleåret 2009–10, skal reformen Kunnskapsløftet fullførast. Sluttpuljen med nye læreverk blir nå send ut på marknaden og hamnar i ranslar og på skjermar. Men spår eg rett, er ikkje eit einaste eitt av dei kvalitetsvurdert i norsk dagspresse. Kritikken kunne vist at vi i dette samfunnet tek alvorleg kva tekster og læremedier forlaga byr barn og ungdom. Ei slik kritisk rolle ser ikkje norske medier seg lenger råd til å ha. Dermed tek dei eit langt steg tilbake.

Det gylne 1990-talet Mandag 18. august 1997 var ein historisk dag for norsk sakprosa. Da trykte VG første del av «Den store skoleboktesten». Reform 97 gav 240 000 skoleelevar på fire klassetrinn nye lærebøker i alle fag det året. «Men hvor gode er disse bøkene egentlig?» spurde VGs sjefredaktør Bernt Olufsen. Svaret på Olufsens spørsmål fylte 18 tabloidsider i veka som kom. Nærare 90 nye lærebøker blei vurderte. Ekspertpanelet avisa brukte spente frå mødre og fedre blant VGs eigne journalistar til ekstern spisskompetanse som historikar Guri Hjeltnes, læremiddelprofessor Svein Sjøberg og direktør i Kirkerådet Erling Pettersen. Satsinga var solid forbrukarjournalistikk som berre VG kunne det.
I Aftenposten var vi forvirra. Vi hadde også bestemt oss for å gjera dette og ingen forsto heilt kvifor ikkje også vi trykte vegg-til-vegg-meldingar av dei nye lærebøkene hausten 1997. Men i april 1998 var kollega Tor Marcussen og eg «fit for fight». Frå kvar vår kulturavdeling, han i kommentar og kritikk, eg i reportasje, planla og organiserte vi Aftenpostens lærebokmelderi. Rundt skulestart i 1998 og 1999 kom det på trykk, tre fullformat­sider for kvart klassetrinn med meldingar av alle nye læreverk i norsk, samfunnsfag og KRL.

Læreverk er kultur
Vi konkurrerte med VG, men vår tilnærming skilde seg frå VG-testen.
I Aftenposten trykte vi lærebokmeldingane der bokmeldingane brukte stå, på kultursidene i morgonutgåva. Kvar melding var noko kortare enn annan litteraturkritikk i avisa, men ikkje mykje, og kvar av dei var signert. Fleire av meldarane var nye for lesarane. Dei var skriveføre lærarar frå grunnskole og høgskole, folk som supplerte den kompetansen vi hadde i huset frå før. Instruksen var sjølsagt å vurdera verket i forhold til læreplanene, men ellers skulle meldarane følgja vanleg kritikarpraksis og fortelja lesaren om boka heldt som litteratur, og om språk, utforming og tenking fylte dei krava ein kan stilla. Meldingane blei plasserte etter kvalitet, men var ellers utstyrte som vanlege bokmeldingar.
Konkurrenten lengre oppe i Akersgata brukte ein annan mal. I det oversiktlege skjemaet som VG laga var det omlag 20 linjer pr bok med usignerte innhaldsvurderingar, evaluering av pedagogisk nivå og ei samla sluttvurdering. I tillegg fanst det rubrikk for pris, slitestyrke og sjølsagt ein terning til slutt – eit konsept heilt i tråd med andre forbrukartestar i VG. I Aftenposten oppsummerte vi at presentasjonen vår kunne ha vore tydelegare, men vi var fornøgde med signala vi sende om at læreverk er kultur.

Optimismen rådde
I kjølvatnet av reform 97-satsingane fekk VG læremiddelpris og vi i Aftenposten blei inviterte til debattar og seminar der formålet var å utvikla lærebokmelderiet. For sjølsagt måtte det førast vidare, det vi hadde fått til.
Læremiddel for grunnskolen og vidaregåande skole skaper store tal i forlagsstatistikken anten ein måler etter titteltal eller inntekter. I 2007 omsette lærebøker for grunnskolen og videregående skole for meir enn det dobbelte av skjønnlitteraturen. Dette var rett nok eit reformår, men ser vi på eit vanlig år som 2004, omsette forlaga lærebøker for like mykje som allmenn sakprosa og skjønnlitteratur til saman. Då skal det begrunnast svært godt at skjønnlitteraturmelderiet utgjer mykje meir enn halvparten av all norsk litteraturkritikk.
Reform 97-satsingane i VG og Aftenposten var forsøk på å retta opp ubalansen. Vi fekk ros for resultat og tilnærming, men kritikk for at ikkje bøker i alle fag var melde. Rett som det var kom det telefonar frå enkeltforfattarar og enkeltforlag som hadde produsert eit nytt læremiddel. Men i vår tenking var det ikkje råd å melda enkeltverk utan også å ta med dei verka det konkurrerte med. Læreverk er kultur, men dei er også varer som i større kvanta enn annan litteratur og andre medieprodukt blir målte mot kvarandre før kjøpsavgjerder blir tekne. Derfor krev lærebokmelderiet større løft og større redaksjonelle ressursar enn annan litteraturkritikk. Det skulle vi få merka ved neste reform.

Kunnskapsløftet
I 2006 kom Kunnskapsløftet og sjansen til å løfta norsk læreverkkritikk vidare. I Aftenposten begynte eg den interne overtalinga ved nyttårstider med kommentaren «Årets viktigste bøker». Og her skal ikkje skjulast at det måtte overtaling til. På reportasjeplass følgde journalist Kaja Korsvold opp. Saman dekka vi kappløpet mellom forlaga som selde inn uferdige læreverk til faglærarar på påkosta «seminar» landet rundt. Og i april var saka klar: Aftenposten skulle melda dei nye læreverka sjøl om det kom til å gå på bekostning av mange andre bokmeldingar hausten 2006.
Planlegginga kom i gang og 14. august 2006 trykte vi meldingane over fire dagar, til saman nærare 20 heilsider med kritikk, kommentarar og debatt. Denne gongen var det VG som kom springande etter. Dei la seg nå på ein mal nærare vår, med ein signert og samla tekst for kvart læreverk. Og vi nærma oss VG si 1990-talsløysing ved å gje kvart verk talkarakter frå 1 til 6. Responsen var overveldande, både negativ og positiv. Foreldre las og sende takkemailar og -telefonar. Forlag og forfattarar klaga over dårleg kritikk og ville underkjenna meldarane sin kompetanse. Det kom debattinnlegg og Dagsnytt-18 fanga opp kommentarpoeng. Nokre få veker rundt skolestart 2006 var kvaliteten på den litteraturen alle skolebarn må lesa, eit offentleg debattema. Media tok samfunnsansvar.

Tilbakeslaget
Som Reform 97, er Kunnskapsløftet innført over fleire år. Men den som venta på læreverkmeldingar i rikspressa i 2007 og 2008, blei sørgeleg skuffa. Satsinga i 2006 sende inspirasjonen over havet til The Independent i London, men sjøl følgde vi ikkje opp. Årsaka er sjølsagt fleirfoldig, men økonomikrise er åpenbart eitt av fleire svar.
Morgonutgåva frå 1998 der Aftenposten trykte dei første lærebokmeldingane, besto av vel 60 fullformatsider. Samla sett dekka annonsene over halvparten av desse. I dag er dei feite morgonavisene historie, i lag med den frodige annonseinngangen som sto for meir enn halvparten av inntektene. Å melda læreverk på skikkeleg vis, er ingen hastverksjobb og slett ikkje gratis. Store redaksjonelle ressursar gjekk med både internt og til eksterne meldarar. Når ein veit at budsjetta for litteraturkritikk dei siste åra har minka i alle redaksjonar, seier det seg sjøl at klimaet er lite gunstig for store satsingar. Med dagens overgang til digitale læremiddel, kjem også til at det må utviklast ny kritikarkompetanse. For ti år sidan var det komplisert å finna meldarar som kunne vurdera alle sider ved eit læreverk. Dei måtte dyrkast fram. I dag er dette meir sant enn på 1990-talet.

Tid for knusing Likevel kjem ein ikkje unna utgangspunktet: At nye læreverk er årets viktigaste utgjevingar nesten uansett fag. At dei ikkje er utsette for offentleg kvalitetsvurdering, er eit like stort problem i dag som det var før 1997. Media begår ei unnlatelsessynd som må bøtast. For meg er løysinga åpenbar.
Den einaste vegen til meir læreverkmelderi går gjennom knusing av det hegemoniet skjønnlitteraturen har i norsk litteraturkritikk. Vanemelderiet av romanar og poesi må erstattast av ei totalvurdering av vesentlegheit og kulturell betydning der sakprosa, læreverk og skjønnlitteratur for barn, ungdom og vaksne stiller likt når redaksjonsressursane skal fordelast. Vegen er like brutal som han er pragmatisk, men resultatet kan bli det beste ein kan ønskja seg nett nå: Ein kritisk praksis som forsyner skaparane og læreverkbrukarane med relevant kvalitetsvurdering og dermed også med grunnlag for val og utvikling. Og ein kritikk som speglar den lesinga og den litteraturen som formar dette samfunnet.


<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>