>Debatt Tilbake til debattoversikt

Seminar om sakprosakritikk i dagspresse og etermedier 22.1.09

Debattinnlegg

 

Lansering eller litteraturkritikk? Analyse av hÝstens sakprosakritikk i avisene

Marta Norheim

Eg forstår av seminartittelen at ordet sensasjonell ikkje er eit positivt lada ord, så derfor lovar eg at dette skal vere eit heilt usensasjonelt innlegg. Kva så med kritikken, gir det meining å seie at den er styrt av sensasjonar? I første runde vil eg ikkje svare på det. Ikkje i andre heller, men i tredje. Eg vil først møblere det rommet der kritikken finst, før eg går inn på den reelt eksisterande kritikken, slik han kom til syne i diverse norske aviser i 2008. Deretter skal eg plassere sensasjonane der dei høyrer heime. Når eg no set i gang, snakkar eg som kritikar i dagsmedia.

Eg skal starte med ein omveg: For eit par år sidan overnatta ein kompis av sonen min hjå oss etter ein fest. Då han kom inn på kjøkkenet litt utpå søndagen, spurte han om å få låne fasttelefonen. Han måtte seie ordet to gonger før eg forstod kva han ville, og då gjekk det opp for meg at den telefonen som i mange år hadde hengt på veggen i stova ikkje lenger var ein telefon, den var blitt ein fasttelefon. Nye tider og nye fenomen krev nye ord, og på kritikerlagets årsmøte i fjor vår opplevde eg noko av det same: Der sat vi nokon, og oppdaga at vi var skjønnlitteraturkritikerlaget, utan at vi eigentleg hadde tenkt så mykje på det før. Det viste seg at det berre var ein i forsamlinga som hovudsakleg dreiv med sakprosa, og han blei ganske forbløffa over at han var så aleine. Så vidt eg veit, var det første gongen kritikerlaget tok opp dette som tema, og det skjedde spontant og ikkje som del av dagsorden.

Kva kan vi lære av dette? Fleire ting. Det eine er det vi allereie veit, nemleg at sakprosaen no er i ferd med å endre status og bli sett på som ein eigen litteratur, ikkje berre som ei samling fakta mellom to permar. Litteratur var jo sakprosaen også i tidlegare tider, før skjønnlitteraturen blei spalta ut og fekk ein særeigen status - i Norge skal dette ha skjedd i siste halvdel av 1800-talet. Dette kan ein feks lese om i Trond Berg Eriksens bok Nordmenns nistepakke, som nettopp er eit forsøk på å få sakprosaen tilbake igjen som del av det ein kallar for litteraturen. Berg Eriksen går idehistorisk til verks. Nokon tiår tidlegare dreiv Georg Johannesen med noko av det same, via retorikken. Og no er vi i gang igjen, men på ein litt annan måte som eg ikkje skal bruke tid på å definere. Eg nøyer meg med å konstatere at sakprosaen, også i desse dagar, er i ferd med å endre status. Og no som ein tendens og ikkje som utspel frå enkeltpersonar.

Det andre vi kan lære, er at sakprosakritikarane har låg organisasjonstilknyting, og truleg også låg kritikaridentitet. Deira primære rolle er ei anna; vanlegvis hevar dei løn på universitet eller  høgskule. Dermed er dei som regel tilknytt aviser på frilansbasis, og står utanfor alt det andre som blir gjort omkring ei bokutgjeving frå avisas side. Reknar med at mange som sit her er både forfattarar, kritikarar og noko tredje og at det er dette tredje som er yrket dykkar.
Det tredje eg har lyst å nemne, og som eg lærte etter å ha googla, er at ordet skjønnlitteraturkritikk ikkje finst. 0 treff. Men sakprosakritikk finst. Det betyr, slik eg tolkar det, at sakprosakritikken er den svake parten her, det er den som må definere seg, mens skjønnlitteraturkritikken kan kvile i sin eigen stabile identitet som litteraturkritikk,- enn så lenge.
                ******
Sakprosakritikaren er altså ofte ikkje ein kritikar, men ein fagperson. Kva konsekvensar har det for kritikken? Sånn eg ser det, er det springande punktet kunnskap om emnet. Kan ein skrive ein viktig kritikk om ei sakprosabok utan kunnskap om emnet? Reint unntaksvis ja, men som regel: nei. Kan ein så skrive ein god kritikk om ei sakprosabok med kunnskap om emnet? Forbløffande ofte er svaret også her: nei. Og det gjeld ikkje berre for forfattarar av norske sakprosakritikkar frå 2008 som NFF har plukka ut eit utval av til meg slik at eg skulle ha grunnlag for eigne påstandar her eg står, problemet er meir utbreidd enn som så.
Skal snakke litt om problemet med kunnskap hjå ein sakprosakritikar.
1.    Kritikaren meiner ho sjølv er betre eigna til å skrive boka enn det forfattaren er, og er kanskje til og med sur for at ho ikkje blei spurt av forlaget. Ho nyttar høvet til å forklare korleis ho ville ha skrive denne boka.
2.    Kritikaren fortaper seg i stoffet, og gir seg til å teikne og fortelje for eigen maskin. Det blir uklårt korleis denne stoffgjennomgangen står i forhold til den boka det skal handle om. Kritikaren blir rett og slett forført av eigne kunnskapar og gløymer kva for sjanger ho er inne i. Kanskje sjangeren ikkje er så krystallklar heller, viss ho vanlegvis står og føreles dette faget for elevar eller studentar. Boka blir eit påskot for å fortelje om noko kritikaren interesserer seg for.
3.    Kritikaren har ei fagleg høne å plukke med forfattaren, og plukkar og  herjar så den vanlege lesar ikkje  ser boka gjennom skya av fjør.

I sakprosakritikken frå 2008 ser ein spor av dette, særleg vanleg er det med å gå seg bort i sine eigne historier.  I Arne Strands kritikk i Dagsavisen av Bomann-Larsens kongebok ”Makten”, er det flytande overgangar mellom Strands og Bomann-Larsens tekst. Kanskje ikkje så farleg, for Strand synst det er ei god bok og har ingen vesentlege innvendingar. Det same gjeld i hovudsak John Olav Egelands kritikk i Dagbladet. Begge dei to dokumenterer at dei kan noko om emnet, men dei fortaper seg i sitt eige kunnskapsunivers i staden for å formulere ein kritikk av boka som handlar om dette emnet. Trond Nordby i Klassekampen er på si side i tydeleg konflikt med Bomann-Larsen, i første runde handlar det om forholdet til kjeldene:

”Forfatteren kunne med hell ha løftet blikket over arkivmappene. Mest av alt lider framstillingen under mangelen på historisk kompetanse, ikke nødvendigvis i form av akademiske titler, men en viss kunnskapsbredde. Tro meg, det finnes en verden utenfor Bygdø, Kongssæteren og Slottet”. (Klassekampen 15.11.2008)
Seinare går det slag i slag. Nordby viser fram punkt etter punkt der han er ueinig med forfattaren, utan å gje særleg greie for prosjektet. Her kjem det med fjøra inn. Han avsluttar med å kritisere ”enkelte journalister” – ikkje namngjevne, og kong Harald! Dette er faktorar som opererer uavhengig av Bomann-Larsen og som heller ikkje er del av hans prosjekt. Nordbys tekst har stor underhaldningsverdi, den er kanskje litt sensasjonell, men som kritikk er den middelmådig. Arnhild Skre melder boka for Aftenposten. Ho har valt einslags  institusjonssosiologisk eller kanskje heller -psykologisk innfallsvinkel og analyserer Bomann-Larsens problem med historikarlauget og tolkar heile kongeserien som ein strategi for å bli ein av gutta. Eg veit ikkje kva for kjelder ho byggjer på, men det er neppe boka. Dette er ein velskriven tekst, men som kritikk kan ikkje kallast viktig, sidan kritikaren ikkje vurderer det faglege innhaldet. Det same gjeld Hovdenakk i VG som berre er fan og trillar seksar på terningen. Han refererer nokre sentrale poeng hjå forfattaren og glir raskt over i ovasjonar.
 ”Bedre kan det vanskelig gjøres. Tor Bomann-Larsen har hatt et ubegripelig stort kildemateriale til rådighet i dette biografiprosjektet, men han går seg aldri vill i arkivene: Han er som dirigenten av et stort symfoniorkester der han med sikker, men ledig hånd tryller frem alle nyansene i det store verket, og setter dem sammen til en medrivende helhet.” (VG 04.11.2008)
Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad er klart den beste kritikaren av denne boka så langt eg har oversikt. Han kan stoffet, men gløymer aldri at han melder ei bok. Han analyserer TB-Ls tekst og vurderer kjeldene, bruken av kjeldene, sterke og svake sider ved prosjektet. Kallelid har ikkje størst underhaldningsverdi, det er kanskje ikkje heller den kritikken forfattaren sel mest bøker på, men dette er ein skikkeleg kritikk.

Eg skal berre kort gå inn på kritikkane av andre bøker frå i fjor, for å dra fram nokon generelle trekk: Dei beste kritikkane (ikkje mest positive, men beste innanfor sjangeren kritikk) kjem der ein ikkje treng spesielle fagkunnskapar for å vurdere boka. Dette er tydelegast når det gjeld Marit Eikemos essaysamling ”Samtidsruinar”. Boka handlar om relativt nye byggverk som ikkje lenger er i bruk, ho betraktar dei og reflekterer over dei. Her fungerer alle kritikarane som kritikarar. Samtidsruinforsking let seg ikkje katogorisere innanfor eit fag, teksten appellerer til den alment danna kritikaren. Men når vi er tilbake til bøker frå dei meir etablerte kunnskapsfelta,  ja, då går det i ball. Kunnskap er ein slu jævel som lokkar kritikaren til å hive seg på med sine eigne greier.

Eg står altså likevel hardt på at kritikaren må ha kunnskap om emnet, når emnet er knytt til eit kunnskapsfelt. Dette heng saman med den rolla eg meiner kritikken har. Kortkort sagt: Kritikken er del av den offentlege samtalen, her må bøkene målast opp mot det som finst av kunnskap om emnet. Representerer forfattaren ei eller anna retning? Er denne sentral eller perifer? Korleis plasserer den seg i forhold til andre retningar? Er forfattaren à jour med det som skjer i faget? Er dette originalt?- viss ja, er det klokt eller berre spekulativt?  Slikt må kritikaren kunne seie noko om. I fagtidsskrift er slikt sjølvsagt. Eg meiner kravet også bør stillast til dagskritikken, i alle fall stille det opp som ei ideal fordring, sjølv om både form, funksjon  og publiseringstempo gjer at dagskritikken stiller i ein annan kategori.

Så langt om kunnskapsproblemet. Men i tillegg til kunnskap om emnet må ein ha kunnskap om sjangeren, altså sjangeren ”kritikk”.
Og då er spørsmålet: Kan sakprosakritikarane lære av skjønnlitteraturkritikken, og av dei debattane som har gått i skjønnlitteraturkritikerlaget,-for no igjen å bruke ord som ikkje finst? Sit norsk kritikerlag og norske kritikarar med nøkkelen, klare til å overlevere den til sine ”nye” kollegaer sakprosakritikarane?

Skulle ønske eg kunne svare ja, av fleire grunnar, men eg er redd det ikkje er slik, av fleire grunnar. Litt flåsete kan ein seie at kritikken av skjønnlitteratur er oppteken av form, mens kritikken av sakprosa er oppteken av innhald.
Trond Berg Eriksen skriv i Nordmenns nistepakke at ”…innholdet i tekstene (altså dei skjønnlitterære) langt på vei er blitt en privatsak, mens de formelle aspektene står tilbake som det eneste som kan diskuteres som faglige spørsmål.” (s 18) Då snakkar han rett nok ikkje om dagskritikken, men om meir akademisk arbeid med tekster.
Vi stiller andre spørsmål til ein tekst der Frølich og Gunnarstranda oppklarer eit mord, enn til ein tekst som handlar om aksjonane til Blekingegadebanden. Av Kjell Ola Dahl vil kritikaren kreve ei historie som er spennande og  som står til truande innanfor sjangerens og forfattarens eigne rammer, av Peter Øvig Knudsen bør kritikaren kreve at han dokumenterer, forklarer og tolkar kva som faktisk hende, og at han er tydeleg på kva som ikkje går an å vite. Karl Ove Knausgård får skjønnlitterære prisar for ein roman der engleforsking står sentralt, men denne forskinga ville ha stroke med glans på Universitetet. Ja, alt er tekst, men det er ulike kontraktar mellom forfattar og lesar.
Skjønnlitteraturkritikken handlar om form, sakprosakritikken om innhald. Dei som les kritikkar vil vite at dette ikkje er ein fullt ut dekkjande  karakteristikk, og den bør vel ikkje vere eit ideal heller. For den skjuler nettopp dette at sakprosateksten er ein tekst, og som alle tekster byggjer den opp meining ved hjelp av retoriske grep. Den skjuler vidare alle dei vala ein sakprosaforfattar står overfor, frå valet av sjanger til valet av metaforar. Så sjølv om kontraktane mellom forfattar og lesar er ulike, så er det ein del spørsmål som er felles for sak og fiksjonskritikk.

Eg vil meine at den skjønnlitterære kritikaren også må forholde seg til realitetar og ikkje berre til vurdering av fiksjonar: fiksjonar har også ei meining, dessutan er bruken av verkelege hendingar på full fart inn i skjønnlitteraturen og dermed krevst nye innfallsvinklar også for denne kritikken, men det er ei anna historie. Om vi held oss i empirien og ser på kritikken, så er det mest påfallande fellestrekket mellomkritikken av sak og skjønn faktisk  ei unote, nemleg hangen til å fortelje historia. Eit kritisk minimum av historie må med både for å forklare kva slags bok det er og for å underbyggje dei kritiske poenga, men her går som før nemnt den kunnskapsrike sakprosakritikaren lett i ball, og eg meiner fiksjonskritikarane har lett for å gå i ei felle som liknar. Dei gir seg til å gjenfortelje boka av fryd eller skadefryd, alt ettersom. (Av naturlege grunnar kan ikkje skjønnlitterære kritikarar ikkje fortelje  sin versjon av historia, ettersom det berre finst ein versjon og det er sjølve boka.)  Uansett, i begge tilfelle går gleda over å fortelje ut over analyse, kontekstualisering og vurdering, som eg meiner må vere hovudelementa i ein kritikk.

Analyse. Kontekstualisering. Vurdering. Ikkje fortape seg i dei gode historiene. Dette er ideal henta frå heilt andre kjelder enn dei marknadsøkonomiske. Her skal eg forlate ideal og faglege krav, og seie noko om dei andre interessene som knyter seg til ei bokutgjeving. For om ein skal snakke om lansering, så ligg den sjeldan i sjølve kritikken, den ligg i totalpakka av mediedekning av ei bok. Og skal ein snakke om skandalar, ligg dei også der. (Det ligg vel elles under det meste eg har sagt til no at skandalar ikkje er det mest sentrale karakteristikken på dekning av sakprosa i media.)
Eg vil nemne tre aktørar: forlag, forfattar, avis.
Dei færraste sakprosaforfattarar skriv utelukkande for å bli rike, og dei fleste forleggarar har interesserer i bokutgiving som går utover det kommersielle, men no er det den sida eg skal snakke om. Forlag og forfattar vil selje boka, avisene vil selje aviser med drahjelp frå gode kjelder, som for eksempel kan vere bøker. Her er det mange samanfallande interesser.
Forlaget veit at ein ikkje kan stole på kritikken. Den kan vere negativ, den er ofte for tung fagleg, den er ein kompakt ”klædd” av ein tekst som står litt for seg sjølv, skriven av folk som står fjernt frå dei journalistiske formidlingsideala.
Forlaget må selje inn stoffet på andre måtar, og det bør skje før kritikaren kjem og øydelegg moroa. Det finst ein tre-fire måtar å selje inn ei bok på:
1. forlaget kan tipse media om sjølve saka. Lat oss seie det er ei bok om barnevernet. Ein journalist får manus eller del av manus, gjerne eksklusivt. Avisa lagar ein reportasje om barnemishandling. Bruker materiale frå boka som faktastoff: To av 10 barnevernssaker endar med …så eigen case: Simen er ein av…osb.
2. Intervju med forfattaren, sjølvaste krona på verket for ein marknadskonsulent i forlag. I intervjuet får forfattaren fortalt kor interessant og relevant boka er, og kor hardt vedkomande har arbeidd for å få fram dette unike materialet. I 99% av tilfella er journalisten på parti med forfattaren. Ein viktig del av oppslaget er eit stort bilde der forfattaren blir vist frå si beste side. Det er her lanseringa er mest tydeleg, ikkje minst dersom journalisten ikkje har lese boka og prøver å skjule nett det.
3. Dersom boka inneheld noko skandaløst, dvs kjønnsliv eller korrupsjon/nepotisme, noko som ein kan godte eller indignere seg over, får det gjerne eit eige oppslag, der boka er einekjelde eller hovudkjelde: ”hadde sex med den svarte hushjelpen som ikkje har arbeidsløyve mens kona fødte tvillingar”. Her har sakprosaen heilt klart ein force. Eit slikt oppslag får ikkje same susen viss historia var dikta opp av Vigdis Hjorth eller Pål Gerhard Olsen. Den einaste måten skjønnlitterære forfattarar kan få skandaleoppslag på i vår tid, er ved å oppføre seg skandaløst, eller ved å skrive om skandalar frå det verkelege livet. Det er her ein kan finne det sensasjonelle i dekninga av sakprosaen, i alle fall viss sensasjon betyr spekulativ vinkling i retning periferie sider av boka. Altså vekk frå hovudsaka.
4. Så kjem kritikken, ideelt sett som siste del og etter at salet likevel er i gang. Sjeldan kritikken har lansering som siktemål, sjølv om ein positiv kritikk kan fungere lanserande.

********
Slik er det. Det finst to ulike perspektiv her, det kritiske og det kommersielle, og forleggar/ forfattar prøver å styre eller i alle fall manøvrere etter beste evne mellom journalistar som fokuserer på dei juicy sakene som ikkje nødvendigvis er dei mest sentrale og kritikarar som gjerne fokuserer på det sentrale og det kritikkverdige, som ikkje nødvendigvis er det som sel best.

Her er det ei mølje av aktørar med dels samanfallande og dels motstridande interesser, som eg ikkje skal meine så mykje om, utover det at einkvar bør kjenne si rolle og den etikken som høyrer med til den rolla. Om forlag og forfattarar driv for ivrig innsal av sensasjonelle poeng, om journalistar driv for heftig utsal av ting dei fann ut av på eiga hand, slikt er det rett og slett vanskeleg å meine noko generelt om.
I denne mølja er kritikaren den som aldri må gløyme at det handlar om ein tekst, om ei bok, som gjennom forfattarens val av sjanger, dramaturgi, språklege verkemiddel, forfattarrolle og så vidare er blitt eit diskutabelt verk som ho, altså kritikaren, er med på å skape ei lesing av gjennom å løfte boka inn i det offentlege rommet.

Eg opna med å seie noko om at litteraturen er i endring, og at lesinga av litteraturen også er i endring. Historisk sett er det i slike periodar kritikken har mest å seie: når definisjonane flyt, er det å definere kva som skjer og korleis dette skal tolkast, ei viktig oppgåve. Vi såg det under det litterære gjennombrotet på slutten av 1800-talet, med kritikarar som Brandes og Collin, og forfattarar som Garborg. Vi såg det på 60-talet, då ein generasjon av kritikarar og forfattarar meldte kvarandre inn i det norske tetskiktet og meldte andre ut ved å dele ut ”Votten” som var teiknet på at du som kritikar var heilt på jordet. No er litteraturfeltet igjen ganske flytande, så her er det berre for kritikarane å kjempe med og mot forfattarar og forleggarar om definisjonsmakta og derigjennom vere med på å prege litteraturen framover. Slik kan kritikarar og forfattarar i fellesskap løfte litteraturen opp til nye, uante høgder. Dersom dette skjer, kan vi kanskje skimte ein ny gyllen tidsalder for norsk sakprosa.



<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>