>Debatt Tilbake til debattoversikt

Geir Grothens bokanmeldelse av Marit Eikemos Samtidsruinar


 

Om Geir Grothens bokanmeldelse av Marit Eikemos Samtidsruinar

 

Innlegg fra Georg Arnestad:

Det er både synd og skam at Prosa, Noregs leiande (?) sakprosablad, gir plass til ei bokmelding av den typen som Geir Grothen kjem med i nr 4/08. Grothen skal liksom melde den vemodig-vakre boka Samtidsruinar, skriven av Marit Eikemo. Men Grothen melder ikkje boka. Han skriv derimot mykje om seg sjølv, sin eigen lengsel og eigne kjensler, med eit svulstig og liteseiande språk. Han diktar til og med opp eit asylmottak i Gulen. Har Grothen ikkje ein gong lese boka? Det naturlege spørsmålet er: Finst det ikkje minstemål på bokmeldarar i Prosa? Bladet er visst farleg nær å verte ein, ja, nettopp, samtidsruin.


<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>