>Debatt Tilbake til debattoversikt


 

Jon Hellesnes' artikkel i Prosa 05/07 utlÝser debatt

 

Les Jon Hellesnes' artikkel Ei "gløymd" verknadshistorie og Arne Melbergs reaksjon Nietzsche og nazismen.

Jon Hellesnes
Ei ”gløymd” verknadshistorie
 
I løpet av den siste menneskealderen er Friedrich Nietzsche (1844–1900) blitt stadig større som kultfigur i Europa, Amerika og Asia. Han er også blitt ein standard-referanse og leverandør av «visdomsord» hos litteraturvitarar, idehistorikarar og kulturjournalistar her i landet.
Dette kunne neppe ha skjedd utan fortrenging og kulturell gløymsle. Ingenting av det eg kjem med her, er derfor vanleg stoff i bøker og artiklar om Nietzsche som sirkulerer i nordiske land eller i Frankrike, England og USA. Det verkar tvert om som om den nazistiske verknadshistoria til Nietzsche er kirurgisk fjerna frå det kollektive minnet. Slik sett, trengst det ein del folkeopplysning, ikkje minst for humaniora-professorar, Arne Melberg for eksempel. Han har skrive ei heil bok om Nietzsche utan å ta opp den mørke sida hans (Forsøk på å lese Nietzsche, Gyldendal 2003). Poenget med å orientere om verknadshistoria blir dessutan forsterka ved at Spartacus forlag er i gang med å utgi Nietzsche sine samla verk i norsk omsetting, dei første fire banda kjem i løpet av denne hausten.
Nietzsche og Hitler Nietzsche formulerer det politiske synet sitt slik: «Ei kvar foredling (’Erhöhung’) av typen ’menneske’ har hittil vore verket til eit aristokratisk samfunn – og slik vil det alltid vere: som verket til eit samfunn som trur på ein lang stige av rangorden og verdiskilnad mellom menneske, og som har bruk for slaveri i ein eller annan forstand.» (Nietzsche 1980: Sämtliche Werke 5: 205, heretter CM)
      «Det vesentlege ved eit godt og sunt aristokrati er at det ikkje kjenner seg som funksjon (det vere seg av kongedømet eller av fellesskapet (’Gemeinwesen’), men derimot som samfunnet si meining og høgste rettferdiggjering – og dermed at det [aristokratiet] med godt samvit aksepterer å ofre eit utal av menneske, som for deira [aristokratane si] skuld må bli undertrykte og innskrenka til ufullstendige menneske, til slavar, til verktøy.» (CM 5: 206; begge sitata er frå Jenseits von Gut und Böse, 1886). Ingenting i skriftene hans frå same periode motseier posisjonen som her kjem til uttrykk.
      Under ei rituell høgtid etter Hitlers maktovertaking i 1933 blei tre bøker heilaggjorde ved å bli plassert i Tannenberg-mausoleet. Hierarkiet var slik: 1. Also sprach Zarathustra av Nietzsche, 2. Mein Kampf av Hitler og 3. Der Mythos des zwanzigsten Jahrhunderts av Rosenberg.       Nietzsche blei verande den guddommeleggjorde profeten for den tyske nasjonalsosialismen fram til siste slutt i 1945. Ved dei store høgtidene for Nietzsche var Adolf Hitler som regel til stades. (Nietzsche var jo død og dermed ingen konkurrent.) Unntaket var 100-årsfesten, oktober 1944. Då hadde Føraren forfall på grunn av situasjonen på austfronten. Alfred Rosenberg, riksminister, var offisiell representant for Hitler ved dette høvet. Rosenbergs bok Friedrich Nietzsche kom ut same året på sentralforlaget til NSDAP. Her blei det dionysiske og glade hos Nietzsche tona ned. Den tragiske livskjensla var i framgrunnen. Skjebnekampen i aust kasta lange skuggar.
«Intellektuell» nazisme Nietzsche-dyrkarane utgjorde ingen marginalisert fraksjon av NSDAP. Det var omvendt: Nietzsche-skeptikarane kom i bakgrunnen. Dei var ikkje få, og den mest kjende av dei var Ernst Krieck. Han peika på det som mange i dag trur er avgjerande: at Nietzsche i somme stykke polemiserer mot antisemittismen, mot rasismen («rase-svindelen»), mot sosialismen og mot den tyske nasjonalismen. Andre framheva at Nietzsche stykkevis uttrykkjer seg som «jøde-elskar». Alt dette stemmer. Men på høgste hald blei det ignorert.
      Rett nok skjedde det sensur av dei Nietzsche-utvala som blei brukte ved Nietzsche-kurs og Zarathustra-andaktar for arbeidarar i industrien og i gruvene, og for soldatane. Men for nazi-eliten blei tekstane verande usensurerte. I SS-organet «Das Schwarze Korps» og andre publikasjonar der intellektuelle nazistar ytra seg, blei den nemnde polemikken til Nietzsche oppfatta som raffinement av eit høgare slag: den småborgarlege og kristne varianten av antisemittisme, rasisme og tysk nasjonalisme fortente naturlegvis berre forakt. I Alfred Baeumlers (nazistiske) bok om Nietzsche (1931; 1940) er det eit sentralt poeng å få fram polemikken hans mot tysk kultur, særleg under Bismarck-perioden. Ei endring av Tyskland føresette «grosse Politik». Nazi-eliten såg det slik: Blant nazi-medløparar og partimedlemmer var der både nag («ressentiment») og slavemoral. Slikt kunne ein ikkje byggje på. Derimot hadde Nietzsche klarlagt at jødane stod bak slaveoppstanden i moralen, og at kristendommen var ei lur, jødisk oppfinning (ved Paulus) som sette slavemoralen gjennom som ei gift i kulturen. Dette er jo faktisk eit emne i Zur Genealogie der Moral og Antichrist. Rett nok har Nietzsche inga pseudo-biologisk raselære; han er ikkje antisemitt i den forstand. Men dei negative ytringane hans om jødane er likevel mange og sterke, særleg i Antichrist. Den «intellektuelle» tolkinga av dei aktuelle tekststykka var at Nietzsche stod for ei form for heidensk antisemittisme og germanisme som var så radikal og drastisk at berre dei mest høgtståande blant nazistane var i stand til å ta den inn over seg. Alle småborgarlege element, også i partiet, ville ryggje tilbake i skrekk. Det dreia seg om ei total omvurdering av verdiane og «grosse Politik»! «Endlösung»? At nazi-eliten forakta medløparar og vanlege partimedlemmer, er eit tema også i Hannah Arendts analyse av nazismen, men ho koplar det ikkje til elitens Nietzsche-dyrking.
       Blant tyske medisinarar og juristar var der også nietzscheanarar. Dei refererte til meisteren i tilrådingane sine av avliving av sjuke og «livsudugelege» menneske. Nietzsche fekk status som pioneren bak reinsinga av «folkekroppen». Denne delen av verknadshistoria hans finst det utførleg dokumentasjon av.
Naivitet og kvitvask I og med den poststrukturalistiske dominansen på humaniora-feltet i mange land på 1980- og 1990-talet, blei Nietzsches rehabilitert som stor tenkjar. Den nazistiske verknadshistori hans blei effektivt tabuisert. Fortolkingskunsten var ikkje utan innslag av ufrivillig (svart) komikk: Lovprisingane hos Nietzsche av krig og undertrykking blei for eksempel åndeleggjort eller utlagt som metaforisk tale. Men ikkje alle i denne «rørsla» var like ideologisk einspora.
      Det er for eksempel lite å innvende mot Jacques Derrida i denne saka. Han kritiserte det han kalla naivt, nemleg å forklare den nazistiske verknadshistoria til Nietzsche einsidig som eit resultat av misbruk og falskneri frå nazistane si side. Rett nok er denne kritikken til Derrida altfor mild; eg for min del trur ikkje at det berre er naivitet som forklarer iveren i rehabiliteringa av Nietzsche. Overlagt kvitvasking med tanke på resirkulering av kompromitterte idear er nok også ein del av forklaringa. Likevel bør Derrida respekterast for slike yringar om Nietzsche (i The Ear of the Other) som eg her siterer: «One may wonder how and why what is so naively called a falsification was possible (one can’t falsify just anything).» «There is nothing absolutely contingent about the fact that the only political regime to have effectively brandished his name as a major and official banner was Nazi.»
      Dei som ønskjer å etterprøve slike ytringar om Nietzsche som her har kome, kan søke til Tyskland og Israel, der det finst forskingslitteratur om dette elles så tabuiserte emnet. Det meste er på tysk. Lite finst på engelsk. Men ein start kunne vere boka til den israelske historikaren Steven E. Ashheim, The Nietzsche Legacy in Germany 1890–1990. Den er rik på vidare referansar.
Overskot av meining Derrida har også skrive: «The future of the Nietzsche text is not closed.» Det har han naturlegvis rett i. Det er vanskeleg å kome bort frå at der er både innsikter og god skrivekunst i forfattarskapen til Nietzsche. Delar av den er mykje betre enn det forfattaren sjølv stod for, noko som Arne Garborg var merksam på alt på 1890-talet. Ein filosofisk bodskap fell sjeldan perfekt saman med den tekstuelle ytringa som ber den fram. Der er eit retorisk overskot av meining, og hos Nietzsche som var svært kreativ, språkleg sett, er overskotet stort. Nettopp i overskotet av meining, kan det liggje ei vedgåing av slikt som hovudbodskapen fornektar. Der kan vere innsikter som dementerer eller korrigerer standpunktet til forfattaren. Eit kjent foto viser Hitler som står i ærefrykt ved Nietzsche-bysten i Weimar i 1934. Berre halve hovudet til Nietzsche er kome med. Ufrivillig (?) har fotografen dermed formidla ein adekvat bodskap. 
      I staden for å sjå på Nietzsche som ein åndshovding kan vi gjere «Nietzsche» til ei nemning for ein tekstmasse. Ein masse eller ei samling av tekstar kan vi forhalde oss fritt til, ein åndshovding krev derimot underkasting. Denne tekstmassen inneheld, i tillegg til mange ekle ytringar, god litteratur, den er rik og mangslungen og byr på mange innsikter. Dessutan gir den ei sterk påminning om dette: Dei som har forstått mykje, vinklar det på ein original måte og skriv godt, er ikkje alltid humanistar, demokratar eller «progressive». Dei er stundom svært ille.
 
 
Referanselitteratur:
 
Aschheim, S.A. (1992) The Nietzsche Legacy in Germany 1890–1990. Berkeley, London: University of California Press.
Baeumler, A. (1940) Nietzsche, der Philosoph und Politiker. Leipzig: Reclam; første utg. 1931.
Derrida, J. (1985) The Ear of the Other. New York: Schoken.
Hellesnes, J. (2007) Om livstolking. Oslo: Det Norske Samlaget.
Nietzsche, F. 1980: Sämtliche Werke. Kritische Studienausgabe in 15 Bänden, ved Giorgio Colli & Mazzino Montinari, München, Berlin: Deutscher Taschenbuch Verlag/Walter de Gruyter; bokstavane CM markerer denne utgåva, talet før kolon markerer volum.
Penzo, G. (1992) Mythos vom Übermenschen. Nietzsche und der Nationalsozialismus. Berlin.
 
 
 
 
 
 
Arne Melberg
Nietzsche og nazismen (Klassekampen 24.10.2007)
 
I en artikkel om Nietzsche og nazismen bedriver Jon Hellesnes det han kaller folkeopplysning: Han advarer mot det han mener er poststrukturalismens «rehabilitering» av Nietzsche som «stor tenkjar» og som «åndshøvding».
Slik risikerer man å glemme forbindelsen mellom Nietzsche og nazismen, mener Hellesnes, som gir slående eksempler på hvordan filosofen har blitt brukt av nazistene. Bare Jacques Derrida får et klapp på skulderen; han er poststrukturalisten som ikke bidrar til slik glemsel. Verre står det til med «humaniora-professorar, Arne Melberg for eksempel. Han har skrive ei heil bok om Nietzsche utan å ta opp den mørke sida hans.»
Merkelig! Jeg bruker vesentlige deler av «Forsøk på å lese Nietzsche» til å diskutere resepsjonshistorien: hvordan Nietzsche ble lest og brukt, først av sin søster, deretter av nazistene, av Martin Heidegger, av franskmennene fra 1960-tallet av. I avslutningskapittelet - under overskriften «Immoralisten» - tar jeg nettopp opp Nietzsches «mørke sider» og skisserer først nazi-sporet (her siterer jeg meg selv):
         «Da Elisabeth Förster-Nietzsche åpnet et Nietzsche-arkiv i Weimar med den ennå levende (men forstummede og slagrammede) broren som hovedattraksjon, begynte også Nietzsche-bildet å få en ideologisk profil som i løpet av 1900-tallet ble forsterket av Elisabeths to biografier om broren og ikke minst av hennes egenrådig redigerte utgave av Nietzsches etterlatte notater under tittelen Viljen til makt. Senere skulle nazistene utnytte Arkivet i sine forsøk på å gjøre Nietzsche til statsfilosof. Slik ble Nietzsches 'vordende væren' av den ledende nazistiske fortolkeren Alfred Baumler oversatt til vedvarende, men seierrik kamp og hans 'kommende' menneskehet til rase og folk.
      Som gammel delte Elisabeth ut Nietzsches profetiske velsignelse til 'Europas største statsmenn' - hun siktet til Hitler og Mussolini - men ikke alle lot seg overbevise, og nazi-filosofen Ernst Krieck skrev i 1936 spydig: ' Nietzsche var motstander av sosialismen, motstander av nasjonalismen og motstander av rasetenkningen. Ser man bort fra disse tre holdningene, kunne han kanskje ha blitt en utmerket nazist'.»
Deretter konstaterer jeg at det «perverterte Nietzsche-bildet» levde videre i Øst-Tyskland, bare med omvendt fortegn; det nazistene priste Nietzsche for, gjorde ham nå til «fornuftens fiende». Hvorpå jeg over fem boksider diskuterer noen «kompromitterende steder».
       Det jeg vil vise, er at Nietzsche slett ikke ble uskyldig offer for ettertidas feiltolkning, men også at selv hans mest pinlige passasjer lar seg tolke i ulike retninger. Hellesnes må gjerne lese dette avsnittet i min bok før han avskriver meg som historieforfalsker.
       Dersom han også leser resten av boka, vil han finne at vi er enige om den risikoen man løper ved å lese Nietzsche som «åndshøvding». Vi er faktisk enige med Nietzsche selv, som i et brev seint i livet skriver: «Det er absolutt ikke nødvendig, ikke engang ønskelig, å ta parti for eller mot meg, tvert om: Litt nysgjerrighet, som overfor en fremmed plante, litt ironisk motstand, forekommer meg å være en uten sammenlikning mer intelligent stillingstagen.»
 
Arne Melberg er professor i litteraturvitenskap
arne.melberg@ilos.uio.no
 
©Klassekampen
 


<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>