>Debatt Tilbake til debattoversikt

Kommentar til Birger Amundsens anmeldelse av "Pyramiden. Portrett av ein forlaten utopi" av Kjartan Fløgstad


 

REVIRMARKERING

Kjartan Fløgstad

Å vurdera all litteratur om Svalbard som lokalhistorie er sjølvsagt fullt mulig. At det ikkje alltid er ein fruktbar lesemåte, demonstrerer redaktør Birger Amundsens doble revirmarkering i si eiga avis Svalbardposten og i Prosa nr. 5/2007.

Dei store utopiane frå det 20. hundreåret er ikkje ein del av lokalstyret på Svalbard, for å seia det forsiktig. Det er heller ikkje spørsmåla rundt kommunismens historie, Sovjetunionens samanbrot, sosialismens framtid. Men dette er tema som gruvebyen Pyramiden gir eit eineståande utgangspunkt for å reflektera over, og skriva om i essayistisk form.
      På den andre sida er lokalhistorie ein sjanger som stiller særleg avslørande krav til presisjon og sakkunnskap.

Under tittelen Driftsutstyr handlar kapittel XII i Pyramiden blant anna om at gruvearbeid er eit livsfarleg yrke, både på Svalbard og andre stader. Amundsens einaste faktiske innvending mot boka dreiar seg om dette emnet: «Fløgstad skriver at det har omkommet minst 220 gruvearbeidere i gruvene på Svalbard i perioden 1921-2004. «Drifta i Longyearbyen og Svea har kravd 97 liv, medan det er dokumentert 39 omkomne i Barentsburg,» skriver han. Det framgår ikke hvor han har tallene fra, men de er feil.»
      Dersom Amundsen hadde tatt seg bryet med å lesa eit par setningar vidare i same avsnitt som han siterer, ville han fort funne ut kor eg «har tallene fra». Miljøkrim er «Et tidsskrift om miljøkriminalitet for påtalemyndigheten, politiet, oppsynsmenn og miljøforvaltningen.» Miljøkrim 4/2004, som eg viser til i teksten, inneheld ein lang artikkel med tittelen «Etterforskning og påtalebehandling av gruveulykker på Svalbard», skriven av assisterande sysselmann Rune B. Hansen, sysselmannen på Svalbard.
     Under avsnittet «Gruvedrift er en ulykkesutsatt virksomhet» skriv Hansen dette: «Selv om driftsmåten er god og sikkerhetsopplegget godt, vil gruvedrift alltid være en ulykkesutsatt virksomhet. I perioden 1921-2004 har minst 220 gruvearbeidere omkommet i gruvene på Svalbard. I Kings Bays gruver i Ny-Ålesund har 82 arbeidere omkommet. Gruvedriften der ble avsluttet etter eksplosjonsulykken i Estergruva 5. november 1962. Ulykken krevde 21 menneskeliv og førte til at regjeringen Gerhardsen måtte gå av. Gruvedriften i Longyearbyen og Svea har krevd 97 liv, mens 39 personer er dokumentert omkommet i Barentsburg. I Pyramiden har minst 3 gruvearbeidere mistet livet. Vi kan regne med at det reelle antallet omkomne i den russiske virksomheten er langt høyere. Sysselmannen fikk ingen melding om ulykker i de russiske gruvene før etter en eksplosjonsulykke i Barentsburg 11. august 1989, der fem arbeidere omkom.»
      På same vis som sysselmannen understrekar eg i Pyramiden at dette er minimumstal, og at det er all grunn til å tru at arbeidet i dei russiske gruvene var minst like farleg som på norsk side. Dei eksakte tala på russisk side kjenner verken sysselmannen, Amundsen eller eg.
      Med eit par tastetrykk kan lesarar av Pyramiden. Portrett av ein forlaten utopi derimot lett finna fram til dei ovanståande opplysningane på internett. Særleg i eit tidsskrift som Prosa er det pinleg med ein sakprosameldar som ikkje meistrar ein så enkel leseoperasjon. Ein kan også spørja seg om redaktør Bjellås Gilje har innført ein heldig redaksjonell praksis, ved å gjengi gamle bokomtalar frå lokalavisene, i hovudsak uendra, og utan kjeldetilvising. 

 
Kjartan Fløgstad  
   


<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>