>Debatt Tilbake til debattoversikt

Litteraturpolitisk debatt

 

Askeladden og det tre-hoda boktrollet

Av Egil Hyldmo, forfattar av fakta/fiksjonsbøker for barn og unge

Langt mot nord budde det eit folk, som strevde og sleit for føda. Da ridom råka folket, vart menneska kravstore og kunnskapslause prispugarar. Det mislikte kulturfyrsten i landet. Han lyste ut ei tevling, for å auke folks kunnskapsnivå. Vinnaren skulle få heile Nord-Norge og halve prinsessegemalen.

I ein avdal sit Espen askeladd ved grua og gnukkar på sine gullkorn og drøymer om å bli diktar. Dei to eldre brørne hans, Per og Pål, døydde nyleg av skjønnlitterær overdose. Likevel finn Espen ut at kunnskapen fins i litteraturen, må vite.
Etter å ha gått lengre enn langt kjem han til næraste bokhandel. Bak store bokstablar og grelle plakatar, dukkar det trehoda boktrollet opp. Euro-stjerner lyser ut av tallerkenstore auge.
- Velkomen til vår skjønne verd, ljomar det første hovudet. - Her finn du dei nyaste og mest spennande bøkene på heile kloden. Espen ryggar attende, men klorer seg fast i dørklinka. Det andre hovudet smiler sleiskt og kviskrar lågt, til troll å vere: - Om du syns at prisane er vel høge, så har vi nett halvert prisane på halvt år gamle bøker. Askeladden tar noen sakte steg innover i butikken. Brått dukkar risen opp igjen. Det tredje hovudet opnar kjeften på vidt gap. Ein illeluktande kuling held på å blåse Espen over endre.
- Og ikkje nok med det, rungar det: - No kan du kjøpe fjorårets bøker i mjuke permar til under hundrelappen. Askeladden gjer katedralteiknet og brått dreg trollet ad dundas.
-Det må da finnast andre bøker, tenkjer Espen. Da høyrer han ein gammel mann seie: - Er du på leiting etter ekte kunnskap? Espen spør djervt: - Koss veit du det, og kor er du?
- Eg har vore her i alle år og sett eigarar og kundar kome og gå. Få viser respekt for lødig litteratur, dei behandlar bøker som bleier og dopapir. Pris betyr meir enn kvalitet. Eg heiter Æsop, og du finn meg i hylla framfor deg.
- Eg opplever å bli flytta stadig lengre bak i butikken saman med eventyrbøker og annan faglitteratur, såkalla ”smal litteratur”og diktsamlingar. Bokhandlarane har snart ikkje plass til oss lenger. Gå til innerste hylle, der finn du dei som verkeleg er ille ute.
Ståkande gutestemmer møter Espen, når han nærmar seg kroken. Den er full av barnebøker. Gamle figurar som Tante brun, Pippi og Ole Brumm ruler. Dei sinte ropa kjem frå noen få fagbøker for barn:
- Vi gjespar oss i hel! Nesten ingen kjem og spør etter oss. Vi vil opp og fram! Vi blir færre og færre norskskrivne, mange av vennene våre er kasta ned i den kalde kjellaren. Nesten ingen nye kameratar dukkar opp. Dei fleste som kjem er oversette, noen er til og med på dansk! Ikkje minst likar gutar å lese oss. Og så skjenner dei vaksne på unge menn, fordi dei les så lite!
Espen askeladd skundar seg til kulturdrotten. Der får han vite at motstandarar same dag har kasta fyrsten i frykt for kunnskapens makt og gitt jobben til ein pengepugar.

PS: Ifølgje Forlagssentralen/Mentor stupte salet av faglitteratur for barn og unge med 39 prosent frå mai 2005 til mai 06.


<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>