>Fagforleggeren Prosa 05|06

Sverre Tusvik: Det norske Samlaget

 

«Det er ­nærast språkleg apartheid på fagbok­marknaden.»

Foto: Ane tusvik bonde
Sverre Tusvik (61) har vore tilsett i Det ­Norske Samlaget frå 1976, som skolebok­redaktør og skriftstyrar i Syn og Segn, redaktør og redaksjonssjef i skjønnlitterær seksjon, og frå 1999 sjefredaktør i fagbokseksjonen, som no tel 5 person. Tusvik arbeider mest med biografiar, kulturhistorie, humor, praktbøker.

Kvifor jobbar du med faglitteratur? Etter 20 år med mest skjønnlitterære manus, ville eg nødig bli den surmaga proppen som hindra nye talent i å utfalde seg, så eg er gradvis erstatta av yngre og meir fordomsfrie krefter. Viktigaste motivering og grunn til at eg stortrivst i fagbokseksjonen, er målpolitisk: Mens nynorsk skjønnlitteratur risikofritt kan kome ut på store og små bokmålsforlag, er det nærast språkleg apartheid på fagbokmarknaden.

Faglitterære favorittar frå eige forlag: Eg burde dradd fram nokre av titlane min brysamt vondgode fe og mangeårige hovudkonsulent Einar Økland har forført meg til å gi ut, Brevmerke på norsk post (1988), Norske Bokomslag 1890–1980 (1996), men av språk- og kulturpolitiske årsaker vil eg skryte av at vi fekk litteraturprofessor Per Buvik til å skrive pionerverket Pornografi (1987). Initiativet kom frå litteraturprofessor Bjarte Birkeland, som peikte på kor ille det var at bokmålet skulle ha monopol på smuss- og triviallitteratur. No skreiv Buvik ein altfor fagleg-skikkeleg tekst, men med bilda fekk vi justert totalinntrykket. Er også stolt over å ha gitt ut Halvor Foslis Kristianiabohemen (1994), takka vere at Laila Stange, den gong i Bokklubben Kunnskap og Kultur, med salssuksess lanserte denne 565 siders magisteravhandlinga med 460 ekte fotnotar (stadig nesten umulig i norske forlag!) som hovudbok. På sitt ledige og uforferda nynorsk skapte Fosli ei kritisk mentalitetshistorie og ein kollektiv-biografi. Av litterære biografiar vil eg framheve Otto Hagebergs meisterlege bøker om Olav Duun og Ragnvald Skrede.

Faglitterære favorittar frå andre forlag: Få av dei totalt 711 titlane eg i 30 år har vore redaktør for, har hatt mange illustrasjonar, og eg har med misunning beundra intelligente og smale bildebøker hos konkurrerande venner: I 1981 gav AOF ut Vi har gått under faner og flagg. Et utvalg av arbeiderbevegelsens faner, og på Grøndahl kom i 1985 Det norske Bildet. Knud Knudsens fotografier 1864–1900, redigert av Åse Digranes, Solveig Greve og Oddlaug Reiakvam. Dyktige Torkjell Djupedal i Selja forlag har med rette hatt braksuksess med Anne Rudsengen: Opptur. 267 fotturar i Sogn og Fjordane (2005). Når kunnskapsrike willy b. skriv om omslag på pocketbøker, vekeblad og kiosklitteratur – komne på Bladkompaniet og Aschehoug – kvalifiserer det for at han omsider blir statsstipendiat! Og om ikkje Tor Bomann-Larsen eller Espen Søbye blir for sjølvnytande og -høgtidelege, men maktar å porsjonere sine vondskapsfulle poeng, sluker eg med glede det meste frå deira hand.

Kva for bokprosjekt drøymer du om å realisere? Skulle gjerne gitt ut band 3 og 4 av Norsk litteraturkritikks historie (2 flotte band på Universitetsforlaget i 1990 og 1992), men sidan eg i 2008 gir ut Norske landsgymnas, veit eg om andre miljø eg ville sett kollektivbiografiar om, t.d. om det ein populært kalla Gardens russiskkurs. Målpolitisk ivrar eg for redigerte eittbandsutgåver av Garborgs tidsskrift Fedraheimen og ditto av Rasmus Steinsviks avis Den 17deMai, og ein gamal draum er å gi ut ei gjennomillustrert Norsk tidsskrifthistorie 1760–2007. Gode forleggjarar vil helst av alt gi ut ei bok dei på førehand ikkje hadde drøymt om ville gå strålande (som då vi fekk Kolloens Tor Jonsson-biografi i hendene!), men no ventar vi at Finn Erik Vinje skal bli ferdig med å tusje strek-koden på Nynorsk viskeler (1/4 kilo, 6 sider).


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>