>Kortversjonen Prosa 06|10

Lillian Hellman: Pentimento. A Book of Portraits

Agnes Ravatn



<empty>

Agnes Ravatn (27) er forfattar og journalist i Dag og Tid, og har mellom anna gitt ut boka Stillstand. Ho les sjeldan memoarar, men har gjort eit unntak for Lillian Hellmanns Pentimento.

Lillian Hellman
Pentimento. A Book of Portraits
Little, Brown and Company 1973

Kva boka handlar om Eg kan vel ikkje seie det hender så ofte at eg set meg godt til rette i godstolen for å lese memoarar. Men det hender, tydelegvis. Eg kom over Lillian Hellmans tre memoarbøker i ein bokhandel i London, ein dag eg leitte retningslaust i hyllene utan å sjå etter noko spesielt.
     Lillian Hellman (1905–1984) var amerikansk dramatikar (The Children’s Hour, The Little Foxes og Toys in the Attic er blant hennar mest kjende stykke), politisk aktiv på venstresida (og hadde på eit tidspunkt temmeleg sterke sympatiar for Stalin), fekk kjenne McCarthyismen og heksejakta på 50-talet på kroppen, og hadde eit tretti år langt forhold til Dashiell Hammett. Blant anna.
     Pentimento er eit uttrykk henta frå målarkunsten. Når oljemåling på lerret eldast, kan han av og til bli nesten gjennomsiktig, slik at dei opphavlege figurane i nokre tilfelle kjem til syne, før målaren justerte biletet. Slik kan ein skimte eit ansikt gjennom ein kjole, til dømes, eller eit tre bak eit hus. Målaren ombestemte seg rett og slett («to repent»). I innleiinga til si andre memoarbok av tre (den første er An Unfinished Woman: A Memoir, den siste Scoun-drel Years) skriv Hellman at «the paint has aged now and I wanted to see what was there for me once, what is there for me now».
     Og boka handlar nettopp om menneske som Hellman kjende, og det som betydde noko for henne – slik ein kan vente av ei memoarbok. Ho skriv om sitt sosiale, politiske og kunstnariske liv, og fulle som bøkene er av anekdotar, må eg bruke ein floskel og seie at Hellman teiknar eit levande portrett av eit miljø og ein tidsalder eg gjerne skulle ha opplevd.
     Det heile er nesten for godt til å vere sant, og ifølgje fleire av biografane hennar smurde ho óg vél tjukt på i mykje av stoffet i memoara sine. Mellom anna er det spekulert i om hovudforteljinga i Pentimento, «Julia» – om ei barndomsvenninne av Hellman som seinare blei sosialist og flytta til Austerrike for å kjempe mot, og til slutt blei drept av, nazistane – er oppdikta. Det gjer meg ingenting, det er så bra fortald.

Leselegheit Terningkast seks. Lillian Hellman skriv medrivande og ho er morosam på ein ikkje-slitsam måte.

Tese Det må vel vere: «Livet mitt var så innhaldsrikt at ein kan trygt seie det er av offentleg interesse.»

Kven er for Dei fleste, sannsynlegvis utan å vite det sjølv.

Kven er mot
Det er vanskeleg å tenkje seg at nokon skulle ha noko spesielt imot Lillian Hellmans memoarar, og ikkje minst kvifor. Men irrasjonelle menneske finst det jo overalt. Så eg trur eg skal klinke til og nominere Bjørnstjerne Bjørnson.

Betydning i dag Medan ho framleis er ein ruvande figur i Amerika, er det kanskje ikkje så mange i Noreg som har noka forhold til Lillian Hellman i dag. Synd for dei, og heldig for oss få som slepp å dele henne med mange. Eg er iallfall glad eg snubla borti henne. Ho er tøff, eventyrleg, sterk, frekk og smart, ei slags vaksen Pippi. Eg trur eg vil gå så langt som til å seie at ho er inspirerande.

Favorittsitat «Cynicism is an unpleasant way of saying the truth.»


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>