>Form & Design Prosa 04|10

Revolusjonen vil ikkje bli typografert

 



<empty>

Bokhylla i iPad-tapning.

NÅR VI LES EIN TEKST har vi oftast nok med å tenkje på det vi oppfattar som sjølve teksten, men av og til – frivillig eller ufrivillig – blir vi merksame på korleis teksten kjem oss i møte, som eit fysisk objekt med omslag, storleik, vekt, papir, skrifttyper, og så vidare: alt vi tenkjer på som design. I tillegg kjem det som er vanskelegare å kontrollere: lesesituasjonen, dagshumøret, lyset, sitjestillinga, tida og utrustinga som kvar enkelt må ha – eller trur dei må ha – for å lese ein tekst. Eg nemner desse tinga som ei påminning fordi dei er i endring, raskt eller sakte, alt ettersom korleis ein ser det.
    Denne sommaren har eg for første gong lest bøker på eit lesebrett. Eg har lest ti-tolv e-bøker av ymse slag, og det lesebrettet eg har er ein iPad. Eg var spent på korleis denne dingsen ville gjere seg som e-boklesar. Og resultatet? Ei blanding av entusiasme og frustrasjon.
    Frustrasjonen kjem av at desse endringane framleis, i stor grad er ein ingeniørens og kapitalens revolusjon. Overgangen skjer direkte frå ingeniøren til kapitalens domene, utan at nokon form for handverk har ein naturleg plass, slik det hadde i den revolusjonen som blei sett i gang av Gutenbergs trykkpresse. Dei nye plattformene, med namn som Kindle, Sony Reader, Nook og iPad, jobbar alle fram mot straumlinjeforming og einsretting av bokdesign. Lesaren får velje blant eit knippe skrifttyper, som ser ut til å vere valt av nokon utan interesse for verken bøker eller typografi. Standardinnstillinga på Apples iBooks-program er blokkjustert tekst utan orddelingar, noko som gir ujamne satsflater som verken er pene eller lesevennlege. Forlaga og designarane har ingen innverknad, og resultatet er at alle bøkene blir like, som ei brakke der ei broket mengde ungdom går inn éi dør og uniformskledde førstegongstenande kjem ut av ei anna. Om ein først skal legge alt i hendene på lesarane, så kunne ein gitt mange fleire val, som fargar, margar, linjeavstand, ordmellomrom og fleire skrifttyper.
    I tillegg kjem sjølvsagt den håplause situasjonen med digitale rettar, der bøkene i praksis blir bundne til ein produsent. Om du i framtida vil bytte til eit lesebrett av eit anna merke så kan du ikkje berre flytte over bøkene.
    Skjermen på iPad er blank. Ingen ville valt blank skjerm om dei skulle velje ei overflate å lese lange tekster på, men det plagar meg i praksis overraskande lite, bortsett frå i direkte sollys. Å lese i skuggen går bra. Dei dedikerte lesebretta har matte svart-kvitt-skjermar som fungerer betre jo meir lys det er, men det går til gjengjeld treigare å bla i bøkene.
    Og alt er ikkje berre sorg. Apples touchskjerm gir ei særeigen kjensle av å kome nærmare teksten. Det er overraskande kor stor forskjell det gjer at ein skjerm er hendig og til å ta på, og at grensesnittet er enkelt og lystrar fingrane. Det kjennest heilt klart som å ta på framtida. Men ho blir ikkje servert på eit brett. Dersom bøker og tidsskrift skal ha interesserte lesarar i framtida, må aktørane i og rundt bokbransjen vere villige til å satse på større visuelt og funksjonelt mangfald.

Av Øystein Vidnes


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>