>Anmeldelser Prosa 04|10

Lange omvegar til innsikt

Ove Eide

Etter ha lese 1038 sider med skuleforskning, etterlyser Prosas anmeldar sterk satsing p formidlingskompetanse hos norske forskarar som forvaltar skulefaglege innsikter.

<empty>

Sylvi Stenersen Hovdenak og Ola Erstad (red.)
Kunnskap i skolen
222 sider
Tapir Akademisk Forlag 2010

Eyvind Elstad og Kirsten Sivesind (red.)
PISA – sannheten om skolen?
323 sider
Universitetsforlaget 2010

Erling Lars Dale
Kunnskapsløftet. På vei mot felles kvalitetsansvar?
276 sider
Universitetsforlaget 2010

Mats Ekholm, Torbjørn Lund, Knut Roald og Beate Tislevoll (red.)
Skoleutvikling i praksis
218 sider
Universitetsforlaget 2010



Anmeldt av Ove Eide

«DET GÅR EN ANGSTBØLGE over landet. Det gjelder skolen denne gang. Den holder ikke mål, – veid og funnet for lett,» skriver Nils Christies i artikkelen «I skyggen av PISA» (Nytt Norsk Tidsskrift 2/2008), der han ropar eit kraftig varsku mot PISA-undersøkingane sin urimelege innverknad på norsk skule-politikk og -forsking. Christies ønske er illsinte forskarar som kan tale makta i mot, ikkje lojale tenarar av den herskande meininga. Angsten han peikar på, kan nok gje både sterke og svakare uttrykk, men sikkert er det at vi det siste tiåret har fått mange artiklar, bøker og oppslag i media om utviklinga i norsk skule. Skulerelatert forsking og elevtestar har blitt godt stoff, som det heiter, og PISA-undersøkingane har i stor grad lagt premissar for norsk skuledebatt.
   Men vi ser óg at forskings- og testresultat kan brukast på ymist vis – alt etter ståstad og interesser. For forskarar handlar det nok mest om å utvikle ny kunnskap. Politikarar brukar resultata for å grunngje standpunkt og til å lansere større og mindre tiltak. Skuleeigarar viser til datamaterialet når dei set i gang prosessar i skule og barnehage. Medan lærarane – og elevane – håper at alle innsiktene skal kome dei til gode i praksis og gje hjelp til å meistre alle utfordringane som politikarane, skuleeigarane og forskarane viser fram i tallause dokument og pålegg.
   Min ståstad er arbeidet som utviklingsleiar og norsklærar på ein middels stor vidaregåande skule, i eit dagleg skjeringspunkt mellom forsking, politikk, skuleleiing og undervisning. Eg har spurt meg: Kva slags innsikter gjev nyare skuleforsking? Og: er dei nyttige for ein som har brukt deler av sommaren til å førebu neste skuleår? Mellom anna ved å lese fire nye bøker om skule og opplæring.

Gode spørsmål, middels svar Med Kunnskap i skolen ønskjer redaktørane å problematisere kunnskapsomgrepet. I eit innleiande kapittel blir det spurt: «Hva er viktig kunnskap i skolen? Hvorfor er dette viktig kunnskap i skolen? Hva kjennetegner kunnskap i utdanningsprosesser? Hvilke kunnskapsformer blir sett på som viktige blant elever og lærere? Hvorfor blir de det?» Svara på desse konkrete og særs viktige spørsmåla blir i hovudsak gitt som teoretiske drøftingar og generelle ytringar. Artiklane er openbert skrivne meir for kollegaer enn for praksisnære skulefolk. Dette betyr ikkje at boka manglar interessante problemstillingar – som kontekstbunden kunnskap i kontrast til kontekstuavhengig, forholdet kvardagskunnskap og vitskap, kritikk av PISA-undersøkingar m.m. Men boka er uklårt redigert, utan noko samlande grep (trass i tittelen) – og det er lang veg fram til konkrete innsikter, som i tillegg stort sett er velkjende.
    PISA – sannheten om skolen? er ei bok om å besinne seg. Eit viktig utgangspunktet for artikkelsamlinga er den nemnde artikkelen av Nils Christie, der han skuldar tilsette ved Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling ved Universitetet i Oslo for å vere for lite kritiske, ja, beint fram for lite fagleg medvitne i PISA-saker: «Dette er blitt en arbeidsplass hvor svært mange lever av PISA. Den burde hatt sitt tilhold i departementet så avhengighetsforholdene ble tydeliggjort.» Artikkelsamlinga er innspel til ein opplyst debatt, mellom anna for å gå Christies kritikk i møte.
   PISA har vorte OECDs viktigaste instrument i arbeidet med utdanningsspørsmål og OECD ein sentral premissleverandør for snakk om skule. I botnen ligg ei tenking om at kvaliteten på utdanninga har konsekvens for økonomisk utvikling og framgang i eit land. Målingar av skuleresultat skal gje det vitskaplege grunnlaget for skulepolitikken. Dette er tidlegare tiders vitskapsoptimisme i pedagogisk drakt.
   Då vert det avgjerande å få svar på spørsmål som dette: Kva seier PISA noko om? Gir PISA eit sant bilde av skulen? Og ikkje mindre viktig: Kvar er grensa mellom tilrådingar som byggjer på vitskaplege innsikter og dei som er ideologiske/politiske? Har OECD empiriske bevis for dei råda som vert gitt??
   Eit sentralt poeng i boka er at PISA ikkje gjev grunnlag for eksakte mål på kvalitet eller er eigna som grunnlag for pedagogiske og didaktiske tiltak. Resultata frå PISA har blitt tolka mykje vidare enn det er sakleg grunn for, og fått sett for sterkt preg på ordskifta. I tillegg står PISA for verdiar som er vindskeive i høve til dei som lenge har prega norsk skule, utan at dette synest å rokke ved den tverr-politiske semja om Kunnskapsløftet.
   PISA – sannheten om skolen? er ei viktig bok, velredigert og velskriven i sin sjanger, ei bok som stiller nødvendige og betimelege spørsmål til PISAs innverknad på norsk skule og skulepolitikk. Svaret på spørsmålet i tittelen er sjølvsagt nei – PISA fortel langt frå sanninga om skulen. Dette kan bli ei viktig bok viss innsiktene blir allment kjende – ikkje minst blant politikarane.

Abstrakt eller innlysande Den neste boka i bunken min, Kunnskapsløftet. På vei mot felles kvalitetsansvar? av Erling Lars Dale, er ei bok eg etter kvart les med kløyvt sinn. Eit hovudmål med boka er å gje råd om korleis Kunnskapsløftet kan utviklast og fornyast. Og det er openbert at boka kviler på omfattande kunnskapar om og innsikter i norsk skulepolitikk. Nokre av innspela er også overlag viktige, som Dales framlegg til revisjon av karakterskalaen, kravet om revisjon av den generelle delen av læreplanen (som ikkje er tilpassa kunnskapssamfunnet) og drøftingar om tilpassa opplæring. Men framstillinga lir av det eg etter kvart mistenkjer mykje av skuleforskinga for: anten vere for abstrakt, og dermed gje lite ny, praktisk kunnskap og rettleiing – eller bli så konkret at drøftinga ikkje gjev anna enn innlysande innsikter.
   Dale skriv fram sine tilrådingar på tre nivå – to av dei fungerer greitt på eigne premissar. Dale (og Kamil Øzerk, som er medforfattar til somme avsnitt) er god når han analyserer styringsdokument, og får fram motsetningar og uklar tenking i desse, og når han gjev allmenne råd bygt på teori og prinsipielle drøftingar. Veikskapen kjem fram når han nærmar seg røyndomen, til dømes i gjennomgangen av læreplanen i norsk: «Slik norskfaget er i dag, er ikkje faget egnet til å lære eleven å bruke norsk i relasjon til sitt eget liv.» (s. 123) Påstanden er mildt sagt underleg, og ytterst svakt underbygt: Den sterke konklusjonen byggjer på lesing av ein avgrensa del av norskplanen og manglande empiri om norskfagleg praksis i skulen. Litteraturlista har då heller ikkje med ein einaste referanse til litteratur om norskfaget. Dette viser Dales store veikskap: han har djup innsikt i store dokumentmengder og leverer interessante analyser av politiske og ideologiske sider ved utdanningsreformer, men har svakt feste i praksis.
   På generelt og politisk nivå har Dales bok nokre interessante poeng, men desse vert alvorleg skjemma av ein usedvanleg ring bokproduksjon. Eitt er at Dale ikkje er ein stor formidlar i skrift (i alle fall ikkje i denne boka). Framstillinga burde vore sterkt gjennomarbeidd på språksida, særleg med tanke på setningsbygnad, gjentakingar og ordval. I tillegg har Universitetsforlaget svikta fundamentalt i produksjonen: korrekturlesinga er så svak at ein til tider tenkjer at dette må vere eit førebels manus. Ein ser sjeldan så grove trykkfeil i ei bok som i denne.
   Kva så med den siste boka, Skoleutvikling i praksis, som etter tittelen å dømme skulle vere midt i blinken for ein utviklingsleiar? Artikkelsamlinga viser fram nokre resultat frå det nasjonale skuleutviklingsprogrammet «Kunnskapsløftet – frå ord til handling». Artiklane har sin styrke i konkrete døme, men dei fortel ikkje så mykje nytt for skulerøynde folk. Den beste teksten er av Ulf Blossing, som drøftar verknaden av skuleutviklingstiltak – og konkluderer med at elevane må dragast inn i endringsarbeidet. Til no er det helst lærarane som har blitt kursa, utan at det har vist særleg att i praktisk undervisning. Derfor er det framleis langt att frå ord til handling.
   I artiklar og samlingar som dette, med skuleforskarar som avsendarar, ser ein ofte påstandar om at skulen står overfor fundamentale utfordringar i kunnskapssamfunnet, knytt til digitaliseringa. Slik også i min bunke, og då særskilt i Kunnskap i skolen: «Den digitale revolusjonen som vi opplever i dag, har ført med seg betydelige endringer når det gjelder spredning og utvikling av kunnskap og informasjon» (Svein Østerud s. 41) og «Hva skjer med skolens tradisjonsrike kunnskapskulturer i møte med de nye digitale redskapene for informasjonsbehandling, kommunikasjon, læring og undervisning?» (Trond Eiliv Hauge s. 99.)
   Etter å ha lese gjennom 1038 sider med tekstar som skal bidra til utvikling av norsk skule, kan eg ikkje trekke andre konklusjonar enn at høgskular og universitet i alle fall ikkje har tatt inn over seg utfordringane frå den digitale revolusjonen. Forfattarane skriv for sine eigne miljø, leverer tekstar som får lite praktisk relevans for skulekvardagen – og dei gjer det i trykt skrift, i ei gammalmodig form. Og ikkje eingong spesielt vellukka. Det slår meg at den gjentatte insisteringa på at digitaliseringa har skapt grunnleggande nye vilkår for læring og kunnskapsformidling, kanskje ikkje har særleg grunnlag – sidan sentrale skuleforskarar framleis skriv så tradisjonsbunde?
   Det er vidare rimeleg å tru at berre få eksemplar av desse bøkene vil nå fram til lærarar og elevar. Så kanskje kunne artiklane vore distribuerte digitalt lærestadene i mellom, utan den tungvinte vegen gjennom bøker? For dei skriv vel helst for kvarandre, skuleforskarane?
   Eg vil likevel halde fast på at det må vere eit vesentleg poeng å formidle aktuell skuleforsking til både klasserom og til det offentlege rommet. Denne sommarens lesnad har lært meg at det trengst sterk satsing på formidlingskompetanse hos dei som forvaltar skulefaglege innsikter. Viss eit viktig mål er å påverke utviklinga, legge grunnlag for endringar i skule og politikk, treng vi verkeleg dei illsinte forskarane Christie etterlyser. Dei må vere tydelege, og til stades. Å vere illsint er likevel ikkje nok. Ein må også kunne både tenke og skrive klart, og ha kunnskap om skulen.


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>