>Artikler Prosa 02|10

Djevelen er i detaljane

Geir Follevåg

Ein sterk tendens i nasjonal og internasjonal sakprosa er den aukande mengda av «ikkje-romantiserande» bøker om mafiaen. Bøkene vil vere ei motvekt til The Godfather og The Sopranos, men det er grunn til å tvile på at dei lykkast med det.

Prosa 02 10

Denne artikkelen publiseres bare i nettversjonen av Prosa 02 10.

Vil du lese mer om true crime-utgivelser? Les også Olav A. Hegdals artikkel Forbrytelsens historie

Fleire og fleire bøker om mafiaen blir omsett til norsk: Cosa Nostra (John Dickie), Gomorra (Roberto Saviano), Mafiaen i krig (Tim Newark), Den siste gudfaren (Clare Longrigg), Mafiaens siste gudfedre (John Follain). Blant bøker som, så vidt eg veit, ikkje har blitt omsett enno, men burde det, kan nemnast den monumentale Five Families (Selwyn Raab). Desse bøkene har ei sjølverklært antimafiahaldning. Bøkene blir presentert som motvekt til populærkulturelle framstellingar av mafiaen, som dei meiner har ført til romantiserande og forskjønande førestellingar om mafiaen. Dei vil erstatte entertainment og fiction med facts og non-fiction. Dei vil vise fram den «brutale» og «mørke» sida ved mafiaen i staden for å «romantisere» og «forskjøne» mafiaen, som dei meiner The Godfather og The Sopranos gjer. Det er likevel grunn til å stille spørsmål om desse antimafiabøkene, som fokuserer i så stor og einsidig grad på det valdelege, kyniske og brutale med mafiaen, lykkast. Kriminalitet, vald og brutalitet er nettopp sentrale verkemiddel i (populær)kulturindustrien for å gjere eit produkt attraktivt.

Djevelen er i detaljane Detaljen og anekdoten kjenneteiknar desse bøkene. Den minste detalj blir pedantisk utbrodert i homerisk stil. Antimafiabøker har stor sans for anekdoten, som ofte kan vere ein rein digresjon, men som bidrar til å krydre og kaste lys over heilskapen. Det underliggjande mottoet for desse bøkene er: Djevelen er i detaljane. For å drive djevelen ut, må dei få fram mest mogleg detaljar for å vere sikre på at ingen rest av djevelen framleis forblir i det skjulte. I Roberto Saviano sitt møte med det unge Camorra-medlemmet Pikachu i Gomorra finn vi formulert poetikken for desse mafiabøkene. Trass i sin unge alder er Pikachu som informant og kjelde «truverdig» [credible] i Saviano sine auge fordi «He was pedantic, precise to the point of eliminating any doubt.»1 Dette er ein presis karakteristikk av den typiske antimafiaboka. Den vil framstå som «truverdig» ved å vere mest mogleg «pedantisk» og «presis», dvs. detaljert, for at det ikkje skal vere nokon «tvil» om mafiaen sin «onde» karakter. Mengda av detaljar og anekdotar har nok mykje av si forklaring i det Ola A. Hegdal skriv i sin artikkel «Forbrytelsens historie. Om sanne og oppdiktede forbrytelser og gangsterens fascinasjon for Hollywood.» i siste papirutgåve av Prosa, nemleg at journalistar er «det mest vanlige rekrutteringsmiljøet for dokukrim-forfattere». Fokuset på detaljar kan likevel slå ut i motsett retning. Den sensasjonalistiske, ambivalente fascinasjonen for mafiaen kjem til syne i nettopp den utstrakte bruken av detaljar og anekdotar. Detaljane og anekdotane gjer dei «seriøse» bøkene langt meir «underhaldande» og «romantiserande» eller «mytologiserande» enn det forfattarane har intendert eller vil vedgå.
      Dette kan illustrerast med nokre utvalde symptomatiske døme frå dei ulike nemnde bøkene. John Dickie, som ikkje er journalist, men akademisk utdanna historikar, imponerer med grundig research. Han gjev detaljerte utleggjingar av personar frå mafiaen sin aller tidlegaste periode på Sicilia rundt 1860: Dr. Galati, Baron Turrisi Colonna, Leopoldo Franchetti, Sidney Sonnino. Dickie presenterer deira historier med dramatikk på høgde med einkvar god krimroman ved å fokusere på spaninga som er knytt til vald og frykt. Dickie er også flink til å dramatisere og «levandegjere» karakterane:

Det kom nye trusselbrev; dr. Galati fikk én uke til å skifte ut den nye oppsynsmannen med en «mann av ære». Men han ble styrket av vissheten om at klagene hans hadde ført til at den politibetjenten som han mistenkte for å stå i ledtog med mafiaen, ble fjernet. Dessuten tenkte han at mafiaen neppe ville ta sjansen på å drepe en mann med så mye jord og status som han hadde, så han bestemte seg for å overse ultimatumet. Like etter at fristen utløp, i januar 1875, ble den nye oppsynsmannen hans skutt tre ganger i fullt dagslys. Benedetto Carollo og to andre tidligere arbeidere på eiendommen ble arrestert på mistanke.2

Presisjonen og detaljrikdommen er upåklageleg: «fikk én uke», «like etter at fristen utløp, i januar 1875», «skutt tre ganger», «i fullt dagslys», «to andre tidligere arbeidere». Dickie kan vere endå meir presis og nøyaktig: «Ved titiden om kvelden 2. juli 1874 ble den mannen dr. Galati hadde ansatt som oppsynsmann på Fondo Riella i stedet for Carollo, skutt flere ganger i ryggen på en av de smale veiene mellom sitronlundene.»3 Dickie kunne ha skrive: «I juli 1874 blei ein mann som arbeida for dr. Galati skoten i Palermo.» Dramaturgisk og narrativt er den presise og detaljerte skildringa, heilt ned til klokkeslett, mykje betre lesing. Det skaper spaning, som nettopp er det som gjer filmar og (fiksjons)bøker om mafiaen gode. Dickie gjengjev ikkje fakta på ein «tørr» objektiv måte, men fortel frå dr. Galati sitt perspektiv: «Dessuten tenkte han...», «så han bestemte seg for...», heller enn: «Dr. Galati blei ikkje skremt.» Den innlevande dramatiseringa er gjennomgåande hos Dickie:

Don Raffaele Palizzolo pleide å motta sine klienter om morgenen hjemme i Palazzo Villarosa, som lå i via Ruggiero Settimo i Palermo. Klientene kom med blomster og gaver mens Don Raffaele satt i sengen med et teppe rundt skuldrene. (...) Don Raffaele var ingen hofferdig person; han lyttet velvillig til alle, småpratet, spurte hvordan det sto til med de besøkende slektningene, viste medfølelse og lovet hjelp. Audiensen fortsatte mens han vasket seg, stelte de flott oppadstrebende krøllene som avsluttet mustasjen hans, og trakk på den lange, ettersittende, dobbeltspente frakken som italienerne kaller redingote (ordet kommer fra «ridefrakk»).4

Kva effekt og funksjon har detaljar som at Don Palizzolo bur i Palazzo Villarosa, som ikkje berre ligg «i Palermo», men «i via Ruggiero Settimo i Palermo», at han har «et teppe rundt skuldrene», har flotte «oppadstrebende» krøller og mustasje, og ikkje berre ein heilt vanleg frakk, men ein lang ettersitjande, dobbeltspent frakk, redingote, som tyder «ridefrakk»? Dei har definitivt ikkje inkriminerande effekt. Hår og mustasje er ikkje avgjerande for å få eit historisk korrekt inntrykk av Palizzolo sin (u)moralske karakter, men slike detaljar gjer han meir menneskeleg. Han framstår med ein spesifikk utsjånad og med spesifikke, eksentriske vanar. Slike detaljar har som funksjon det Roland Barthes kalla «røyndomseffekt». Dei skal gje eit preg av autentisitet. Vi skal kunne sjå Don Palizzolo føre oss mentalt like klart som Don Corleone på film.
       I lys av Dickie sin ambisjon om å vise den demytologiserte «sanninga» om det mafiaen sjølve kallar Cosa Nostra, kan vi så spørje: Gjer skildringa av Palizzolo det klart for oss at denne personen, «den mest notoriske mafiosoen fra tiden rundt århundreskiftet»,5 må vi fordømme moralsk? Bryt den ned alle «mytar» vi har om «edle» mafiosi frå filmar som The Godfather? Palizzolo framstår som ein eksentrikar med ei nobel haldning og tydeleg respektert av andre folk, ikkje så ulikt Don Corleone. Heller enn å bli skildra som ein hardbarka, skruppellaus kriminell, blir Palizzolo tildelt sympatiske eigenskapar som å ikkje vere «hofferdig» (overlegen og hovmodig). Han lyttar «velvillig» til alle, viser «medfølelse» og lovar «hjelp» til dei som treng det. Alle detaljane i anekdoten om Don Palizzolo underminerer Dickie sin ambisjon om å ikkje bidra til «sensasjonalisering» og alle dei «romantiske mytane» om Mafiaen slik vi kjenner den frå populærkulturen. Skildringa av Palizzolo gjer heller Don Vito Corleone meir truverdig.

Kleda skaper mannen Fikseringa på (luksus)klede og mafiaen sin elegante klesstil finn vi i utstrakt grad hos dei fleste mafiologar, godt illustrert med Selwyn Raab si bok. Kapittelet som handlar om den endelege arrestasjonen av John Gotti, den mest kjende «moderne» amerikanske mafiaboss, blir avslutta med følgjande skildring: «As usual, Gotti dominated the fashion scene. Draped in a dark cashmere overcoat with a striking yellow scarf flapping around his neck, Gotti smiled serenely as he left for a jail cell.»6 Gotti si tiltrudde høgrehand Sammy Gravano, som etter arrestasjonen blei ein svikar og tystar, gjekk mindre fasjonabelt kledd: «Dressed in his customary austere work clothes of jeans, a white T-shirt, and a leather windbreaker, underboss Salvatore Gravano made no pretense of defiant resistance.»7 Igjen må vi seie at det har ingenting med saka å gjere kva slags klede Gotti og Gravano hadde på seg då dei blei arrestert. Det kan ikkje nyttast verken for eller mot dei i ei rettssak eller som del av ei moralsk vurdering av deira karakter.
      Gotti si påkledning forsterkar og stadfestar den populærkulturelle «myten» om den velkledde mafioso. I ein roman ville, i tillegg til «røyndomseffekt», dei mindre fasjonable kleda til tystaren og svikaren Gravano kunne ha hatt som funksjon å vise skilnader mellom karakterane og å vere frampeik mot sviket til Gravano. Gravano er kledd som ein «arbeidar» [work clothes] som står under den dresskledde Gotti i hierarkiet. Han er ein meir «simpel», potensielt ungdommeleg «rebelsk», karakter, som ikkje er like «lojal» mot tradisjonane i mafiaen som den «konservativt» kledde Gotti. I motsetnad til romanar kan klesstil i «røyndomen» likevel ikkje seie oss noko som helst sikkert om kva eigenskapar ein karakter har. I «røyndomen» ville vi ikkje kunne trekkje slutninga at den mindre fasjonable påkledninga til Gravano var eit klart varsel om at han var ein svikar. Den detaljerte skildringa av påkledninga, spesielt av Gotti, er heller uttrykk for den allmenne fascinasjonen for det estetiske ved mafiaen, til dømes dressane.
      Vi ser det same i utleggjinga av rettssaka mot bossen Joe Massino. Vi får vite at kona, Josie, som var «dressed in well-tailored suits», kvar dag hadde med seg «two large bags of homecooked and takeout food for her husband’s lunch». Massino sjølv var kledd i «a boxy blue or gray suit and open-collared white shirt.» Under rettssaka pleide Massino å nyte tyggjegummi, «chewed gum», og andre søtsaker, «snacked incessantly on luncheon left-overs or candy.» Vi får også vite at Massino var «diabetic», og at han dermed i pausane «used medical equipment to test his blood-sugar level and blood pressure.»8 Er det i eit moralsk perspektiv avgjerande at vi får vite korleis Josie og Massino var kledde, kva mat Massino åt under rettssaka og at han var diabetikar? Nei. Er det fascinerande krydder på forteljinga som hindrar at det blir ei keisam og tørr faktaoppramsing? Ja. Tiltalen mot Massino inneheldt alt frå drap til grove økonomiske lovbrot. Intendert eller ikkje, dei trivielle, men menneskeleggjerande detaljane om mat, klede og sjukdom står i fare for å fjerne fokuset frå det moralske alvoret og å ufarleggjere mafiabossen Massino. Tyggegummien og sukkertyet gjev assosiasjonar til noko uskuldig, «søtt» og barnleg. Raab opptrer her, med alle sine detaljar, ufrivillig som «djevelens advokat». Med ein slik antimafiaforfattar, kven treng ein promafiaadvokat?
John Follain er kanskje den som i mest konsekvent grad nyttar ein dramatiserande, innlevande skrivestil med utstrakt bruk av dialog: «’And a remote control?’ Riina said. Brusca repeated: ’No problem.’»9 Follain nyttar heile 11 sider på ei detaljert skildring av korleis Giovanni Brusca nitidig og pedantisk planla attentatet mot antimafiadommaren Giovanni Falcone i 1992. Ingenting blei overlate til det tilfeldige. Han testa mellom anna kor lang tid det tok frå han trykte på fjernutløysaren til sprengstoffet blei detonert. Dette måtte koordinerast med kor lang tid bilen til Falcone ville nytte til å krysse strekninga der Brusca hadde plassert sprengstoffet -- 350 kg TNT -- under vegen. Ved å spane på Falcone i førevegen hadde dei rekna ut den sannsynlege farten Falcone kom til å køyre i. Er det avgjerande for vår moralske distansering frå mafiaen at vi får vite kor nøyaktig og grundig Brusca førebudde seg? Har det ikkje like gjerne den motsette effekten at vi beundrar Brusca sine strategiske og til og med matematiske evner? Det stadfestar «den romantiske, sensasjonalistiske myten» om at mafiadrap ikkje er som andre vulgære og simple drap.

Sympatien for djevelen Problemet i eit antimafiaperspektiv er at også sympatien for djevelen ligg i detaljane. Desto fleire detaljar, desto større blir sjansen, eller faren, for at ein kan sympatisere og identifisere seg med mafiaen. Roberto Saviano nyttar mykje plass på sakleg sett irrelevante, men underhaldande detaljar om opphava til dei sære kallenamna kjende camorristi har, om kva musikk dei liker å høyre på, om sexlivet deira, osb. Mordaren Ugo De Lucia blir skildra som både ein kaldblodig mordar og ein videospelfantast: «One of the neighborhood legends had it that Ugo De Lucia was obsessed with Winning Eleven, a popular soccer video game. According to informants, in four days he not only committed three murders, but also played an entire soccer championship.»10 Hadde videospelet vore eit valdeleg spel, hadde kanskje mange tenkt at det valdelege videospelet hadde forsterka og stadfesta det «umoralske» ved De Lucia som mordar. At det var eit «uskuldig» fotballspel, derimot, har heller ein formildande effekt: De Lucia er så «barnsleg» eller «nerdete», og dermed «ufarleg», kanskje potensiell «komisk», at han nyttar all si fritid på å spele fotballspel.
      Slike detaljar om mafiosi har litt av same effekt som når til dømes ein statsminister eller ein konge avslører interesse for heilt «vanlege» ting som ein tv-serie eller aktivitetar som å gå på ski, fiske, samle frimerke, osb. Dei høgtståande personane har også heilt «normale» sider ved seg som gjer at «vanlege» folk faktisk kan identifisere seg med dei. Sjølvsagt må ikkje slike høgtståande personar vere for «folkelege». Då forsvinn den magiske auraen rundt dei. På den andre sida må dei, som dei greske tragiske heltane, ha enkelte heilt «vanlege» trekk for å ikkje framstå som for heva over «folket». Heller enn å fjerne all romantikk og mytologi rundt mafiosi, blir romantikken og mystikken forsterka av slike «allmennmenneskelege» detaljar. Slik sett er ikkje antimafiabøker nødvendigvis mindre «romantiserande» eller «sensasjonaliserande» enn The Godfather og The Sopranos. Der ein gjennomsnittleg filmsjåar for lenge sidan har mista uskulda i høve til det ideologiske Hollywood-apparatet og faktisk er meir truande til å umiddelbart tenkje at framstellinga av Don Vito Corleone er for «god» og «idealisert» til å vere «realistisk», viser historiske antimafiabøker at det faktisk har eksistert slike «edle» og «høgverdige» mafiosi i røyndomen før fiksjonen blei til. Dei avkreftar den opphavelege mistanken om at Don Corleone er for «romantisk» til å vere ein «sann» figur.11
      Dette illustrerer den gjensidige imitasjonen mellom fiksjon og røyndom som Hegdal påpeikar i sin artikkel: «Populærkulturens bilde av den kriminelle verden er et overraskende realistisk bilde.» Når ein les historiske bøker om mafiaen, kjenner ein lett igjen mange detaljar og anekdotar frå røyndomen som Puzo har inkorporert i fiksjonen, deriblant den «edle» Don Corleone. På den andre sida har mange mafiosi freista å imitere dei stiliserte og forfina mafiosi i The Godfather heilt i tråd med Hegdal sin påstand om at «Kriminalfiksjonens bilde av gangsteren er et portrett som er malt så flott at den portretterte gangsteren prøver å sette opp et ansikt som ligner på portrettet.» Med den stadige gjensidige imitasjonen blir spørsmålet om fiksjon og røyndom i slike høve av arten «høna og egget».12

Paparazzi
Dei mange anekdotane og detaljane har ofte paparazzi-preg. Hegdal er igjen inne på noko heilt vesentleg for å forstå populariteten til bøker og filmar om kriminalitet, nemleg at det appellerer til voyeuren i oss: «Her var snusk bak den fine fasaden. Mordet tjente dessuten som en legitimering av kikkermentaliteten det satte i gang, for finnes det vel knapt en bedre unnskyldning for å trekke frem i lyset den fornemme familiens private hemmeligheter, enn ønsket om å fakke en morder.» Dette blir sagt om eit mord i England i 1860, men kunne like gjerne ha blitt nytta om til dømes Orderud-drapet. Dickie nyttar over éi side for å formidle det faktum som blir oppsummert i éi setning: «For informasjonens skyld: Tommaso Buscetta mistet sin jomfrudom da han var åtte år gammel.»13 Før Dickie kjem til sjølve poenget, skildrar han, altså over ei heil side, korleis journalisten Enzo Biagi førebudde seg til å intervjue Buscetta der detaljen blei avslørt. Vi får vite at Buscetta var Juventus-supportar. Det viser det ordinære ved Buscetta: Han følgjer med på fotballresultata som alle andre. Det faktum at han mista møydommen då han var åtte år gammal viser den eksotiske, ekstraordinære, sensasjonelle sida ved mafiosi. Det er denne fascinerande blandinga av det ordinære og eksotiske som gjer populærkulturelle framstellingar av mafiosi populære. Dickie si grunngjeving: «Men ettersom Buscetta herretter vil dukke opp igjen og igjen i denne fremstillingen, er det viktig at vi skaffer oss et inntrykk både av mannen og av mafiosoen.»,14 er på linje med paparazzi-pressa si standardorsaking om at det er av «offentleg interesse» at folket får vite mest mogleg om kjendisane sine seksuelle eskapader.
      Follain sin paparazzi-anekdote om at Luciano Leggio var nudist, noko som nesten førte til at han blei arrestert for blotting, kan med litt velvilje seiast å ha kunne ført til alvorlege konsekvensar for Leggio, men det er nok heller pikanteriverdien som gjer at anekdoten i det heile blir nemnt.15 Leggio slapp med skrekken, og blei berre beden om å ha på seg badebuksa for å sleppe framtidige problem med politiet, som tragikomisk nok ikkje kjende igjen nudisten som ein av landet sine mest ettersøkte mafiosi. Heller ikkje denne anekdoten har nokon moralsk inkriminerande effekt. Det får oss ikkje til å innsjå kor moralsk korrumperte og «uedle» mafiaen eigentleg er. Likeleis nyttar både Follain og Longrigg mykje plass på det trivielle og pikante faktum at Bernardo Provenzano hadde prostataproblem og blei inkontinent.16 Selwyn Raab, som har hatt tilgang til enorme mengder med wiretaps frå FBI sine arkiv, klarer heller ikkje å dy seg for å nemne enkelte paparazzi-detaljar:

The only morsel of Mafia lifestyle gained from the bug was Gotti leading his button men in a chorus of complaints about devoting Saturday nights to their wives. Other nights could be spent with a goombata [elskerinne], but Mafia custom required Saturdays to be reserved for wives. Gotti’s moans that Saturday evenings were his dullest nights were amusing but worthless gossip for agents [mi utheving].17

Konklusjonen i sitatet kan nyttast om antimafiabøker generelt: Mange av opplysningane dei presenterer for oss er som facts «verdilaust sladder» [worthless gossip]. Som entertainment for mafiofile, som meg sjølv, er dei absolutt «underhaldande» og «morosame» [amusing] og dermed ein viktig del av bøkene deira.18

Mislykka avromantisering, vellykka bøker  Kommentarane til bruken av anekdotar, detaljar og psykologiserande, dramatiserande innleving er ikkje nødvendigvis meint som kritikk. Tvert om, det gjer bøkene svært så lesverdige for dei vi kan kalle mafiofile, som ser og les alt dei kjem over som handlar om mafiaen. Eg er sjølv ein av dei. Poenget er at anekdote- og detaljfikseringa svært ofte trugar med å underminere den uttalte ambisjonen om å vise mafiaen frå si avmytologiserte og ikkje-romantiserte side. Insisteringa på at ein ikkje vil «romantisere» og «sensasjonalisere» mafiaen blir dobbeltmoralsk, i beste fall naiv med sin mangel på sjølvinnsikt. Det skin gjennom i anekdotane og detaljane ein openberr fascinasjon for alt som har med mafiaen å gjere, sjølv den minste detalj og anekdote -- på godt og vondt. Då er det meir truverdig og sympatisk at forfattarane heller vedgår at dei sjølve, på godt og vondt, er fascinerte av mafiaen enn å vifte med ein dobbeltmoralsk antimafiapeikefinger overfor oss andre. Det går nemleg an å både like filmar og bøker, fiction såvel som non-fiction, om mafiaen og samstundes vere fullt klar over at mafiaen sine aktivitetar er moralsk forkastelege, på same måte som det er fullt mogleg å like å lese bøker, fiction og non-fiction, om krig og samstundes vere klar over det forkastelege ved krig.

Noter

 

  1. Saviano, Roberto: Gomorrah. Italy’s Other Mafia. Pan Books, London. 2008. Første gong: 2006. Originaltittel: Gomorra: viaggio nell’impero economico e nel sogno di dominio della camorra. Til engelsk ved Virginia Jewiss., s. 102. Boka finst i norsk omsetjing ved Jon Rognlien. Eg viser til den engelske utgåva av den praktiske grunn at eg kjøpte den før boka blei omsett til norsk.
  2. Dickie, John: Cosa Nostra. Historien om den sicilianske mafiaen. Spartacus, Oslo. 2005. Første gong: 2004. Originaltittel: Cosa Nostra. A History of the Sicilian Mafia. Til norsk ved Kjell Olaf Jensen., s. 43.
  3. ibid., s. 41.
  4. ibid., s. 93.
  5. ibid., s. 89.
  6. Raab, Selwyn: Five Families. The Rise, Decline, and Resurgence of America’s Most Powerful Mafia Empires. Robson Books, London. 2006. Første gong: 2005., s. 430.
  7. ibid.
  8. ibid., s. 682.
  9. Follain, John: The Last Godfathers. The Rise and Fall of the Mafia’s Most Powerful Family. Hodder & Stoughton, London. 2008., s. 198. Boka finst i norsk omsetjing ved Alexander Leborg. Grunnen til at eg viser til den engelske utgåva er den same som ved Saviano si bok.
  10. Saviano: Gomorrah, s. 103.
  11. Ein annan «edel» gudfar frå røyndomen som levde før den fiktive Don Corleone er Don Michele Navarra frå nettopp Corleone, som minnar sterkt om Don Corleone både i utsjånad og karismatisk utstråling. Han hadde både fryktinngytande makt og stor omsorg for dei som var «vener» av han. Sjå Follain: The Last Godfathers, s. 10-15.
  12. Det same gjeld i kanskje endå større grad The Sopranos. Serien har eit innforstått intertekstuelt forhold til historisk kriminologi. Det er mange replikkar og detaljar som er umogleg å skjøne utan at ein kjenner til historiske fakta. Til dømes blir namnet «Gravano» nemnt fleire gongar i serien utan at det nokon gong blir forklart kva eller kven «Gravano» er. Då må ein kjenne til den verkelege historia om Sammy Gravano, som altså blei kjend som ein stor svikar med sitt val om å bli tystar, for å forstå kva karakterane i tv-serien snakkar om. Det er først når ein har studert «røyndomen» at ein verkeleg kan skjøne «fiksjonen». Omvendt er det fleire mafiologar, deriblant Longrigg, som hevdar at The Sopranos faktisk har klart å få verkelege mafiosi til å endre haldning til det tidlegare tabuet om å gå til psykolog
  13. Dickie: Cosa Nostra, s. 238.
  14.   ibid., s. 237.
  15. Follain: The Last Godfathers, s. 81.
  16. Rett nok kan det seiast at inkontinensen indirekte førte til at Provenzano etter over 40 år på rømmen omsider blei arrestert. Kleda måtte altså relativt ofte vaskast på grunn av urin. Sidan Provenzano ikkje kunne vise seg offentleg, måtte han ha hjelp av andre for å få kleda levert til kona for vask. Det var ved å observere ein mistenkjeleg stor aktivitet med menn som kom og gjekk med store plastposar, som altså inneheldt klede, til og frå ei tilsynelatande tom hytte like utanfor Corleone at politiet fekk mistanke om at nokon som ikkje ville bli funnen skjulte seg der. Denne personen var altså Provenzano.
  17. Raab: Five Families, s. 418.
  18. At det er noko voyeuristisk ved å overvake nokon også frå etterforskarane si side kjem godt til syne i ein episode av The Sopranos. To FBI-agentar får i oppdrag å spane på Adriana La Cerva, kjærasten til Christopher Moltisanti. Der overvakingsoppdrag kan vere ganske keisame og traurige saker, har dei svært lite i mot å måtte overvake den fotomodellaktige Adriana på tennisbana ikledd ganske så tettsitjande treningsklede. Då kjem kikkerten svært godt til nytte for å kunne «spane» på sentrale kroppsdelar på Adriana. Tv-serien The Wire baserer seg i sterk grad på nettopp å overvake nokon inntil det voyeuristiske, som når Herc og Carver ikkje klarer å late vere å høyre på ein telefonsamtale som utartar til telefonsex sjølv om dei har som instruks å berre lytte til samtaler med «relevante» tema.

 


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>