>Artikler Prosa 01|10

>Min metode: Sm ord. Store kontor. Om produksjonen av TI-rapport 982/2008

Oddgeir Osland



Prosa 01 10

>Prosas essaykonkurranse

Prosa takker alle deltakere for stor interesse for essaykonkurransen «Min metode»! Vi har gleden av å presentere de tre sakprosaskribentene som juryen – Prosas redaksjonsråd – plasserte på pallen:

1. Oddgeir Osland
2. Sigrid Bø Grønstøl
3. Johan I. Borgos.

De tre essayene publiseres i papirutgaven av Prosa og her på www.prosa.no – ett essay i hvert av vårens nummer.

Her er juryens begrunnelse for å tildele Oddgeir Oslands essay 1.-plassen i Prosas essaykonkurranse:

«Oddgeir Osland har skrevet et reflektert, morsomt og nedtonet essay om sine metoder i det byråkratiske universet. Å forholde seg slavisk til rapportsjangeren er et genialt grep, særlig ettersom det metodiske er relevant for andre sjangre og annen type skriving – noe som er åpenbart essayet igjennom. Osland skriver troverdig, ikke tilgjort, når han trekker inn erfaringer fra dagliglivet sitt. Essayskribenten hevder rapportsjangeren er i ’sakprosaens sjuandedivisjon’. Det gleder juryen å premiere et essay om rapportskriverens metode i sakprosaens førstedivisjon.»

RAPPORTSJANGEREN ER DEN MEST utbreidde og samstundes den mest nedvurderte sjangeren innan norsk sakprosa. Denne uheldige kombinasjonen av utbreiing og nedvurdering gjer at vi kanskje kan kalle han sakprosaens Harry. Men det er med rapporten som det er med Harryen, bak eit nedvurdert ytre kan det skjule seg tankar og kjensler omverda ikkje kjenner til. Og når eg no, etter å ha gått frå kontoret mitt og den relativt godt betalte rapportskrivarjobben eg har, – for det er jo slik at vi som spelar i sakprosaens sjuandedivisjon, der jo rapportsjangeren er, vi har betre betalt enn dei fleste i høgare divisjonar; essayistane, forfattarane av dei vitskaplege artiklane, biografane, ja vi er på nivå med hagiografane – når eg no har gått heim og set meg til å skrive denne for meg uvanlege rapporten som heilt bryt med rapportsjangeren, er det fordi eg kjenner det som ei plikt ikkje berre å formidle kva metodar vi rapportskrivarar nyttar, men også den større samanhengen vi inngår i. Så sjølv om eg no skriv på fritida, i ein annan sjanger enn den eg vanlegvis brukar, så skriv eg meg inn i det som er sjølve rapportsjangerutøvarane sitt ethos: Vi er meir enn oss sjølve. Vi representerer ikkje først og fremst oss sjølve. Vi søkjer ikkje eit sjølvstendig utrykk, og definitivt ikkje eit eine­ståande uttrykk, eller å vere originale eller tankevekkande, men

noko anna.

Og eg skal her prøve å seie noko om kva dette andre er, og kven vi andre er, og korleis vi gjer det vi gjer, med bakgrunn i produksjonen av TØI-rapport 982/2008, heretter berre «982/2008». 982/2008 er det beste eg har medverka til innanfor rapportsjangeren, ja eg trur kanskje han er eit nær perfekt stykke norsk sakprosa innan for rapportsjangeren – nesten på line med NOUane. For sjølv om mange institutt, som mitt eige Transport­økonomisk institutt, har sine rapportseriar, så er det vel kanskje nettopp Norges offentlige utredninger som er topplaget i sakprosaens sjuandedivisjon. Men akkurat 982/2008 synes eg er på nivå med NOUen. NOU-laget er nok eit betre lag enn TØI-laget, men av og til, no og då, kan vi vere likeverdige. 982/2008 er ikkje den einaste TØI-rapporten på dette nivået. Eg meiner vel at til dømes TØI-rapportane 341/1996 og 667/2003 også har slik høg kvalitet.

Når eg hevdar
at rapportsjangeren er den mest utbreidde sjangeren er det ikkje berre fordi det blir skrive så mange rapportar og vi er så mange rapportskrivarar, men også fordi sjangeren strekker seg utover rapporten som publiseringsform. Vi finn han igjen i mange vitskaplege artiklar. Sjølv synes eg spesielt statsvitarane beherskar sjangeren godt, også når dei skriv vitskaplege artiklar. Slik stadfestar dei orda til ein sint franskmann: «Å tenke om Staten er å tenke som Staten.» Juristane er på nivå med statsvitarane, ofte endå betre. Men dei er jo Staten: Juristane administrerar og tolkar Lova, og den juridiske teksten skal basere seg på fakta, rettsreglar og eit avgrensa og distinkt formulert skjønn. Slik samfunnsøkonomane er Staten, denne profesjonen med slik presis sondring mellom sak og vurdering – og med Stortingsproposisjon nr. 1, den fremste proposisjonen av dei alle – Statsbudsjettet – som ein årleg paradedisiplin der faglege og politiske vurderingar inngår i ei høgare treeinigheit. Sosiologane er ofte dårlegare. Det trur eg er fordi dei trur dei skal vere originale, dei skal liksom være litt «fikse» i formuleringane, ikkje meir presise, berre meir «fikse». Dei brukar ofte store, litt rare ord. Rapportar skal ha små ord. Akkurat passe små, slik at dei dekker det dei omhandlar.
    Men dette var eit sidespor, eit sidespor som rett nok førte oss vidare i retning av spørsmålet om kva vi gjer, vi rapportskrivarar; kva er metoden vår? Og dette spørsmålet om kva vi gjer er nært forbunde med spørsmålet om kva rapportsjangeren er. Det er nesten som sjangeren er metoden. Så kva særdrag har sjangeren?
    Eit særdrag er at prosaen er utan sjølvstendig tiltrekningskraft. Det er ikkje noko ved teksten i seg sjølv, som tekst, som trekker lesaren mot teksten. Tvert om. Dersom ein ikkje er interessert i det teksten handlar om, vil ein lesar som er litterært kjenslevar søke å unngå teksten. Opningslinene i oppsummeringskapitlet i 982/2008 er illustrerande:

Lokal kollektivtransport, jernbane og regional luftfart har gjennomgått store omstillinger de siste 15 årene. Mens offentlig kjøp av lokal kollektivtransport både har vært preget av økende bruk av anbud og av fristilling av tidligere kommunale/interkommunale virksomheter i forkant av anbudsprosessene, har offentlig kjøp av persontransport på jernbane hovedsaklig vært preget av det sistnevnte; fristillingen av NSB.

Dette er ikkje setningar nokon vil lese fordi dei er velformulerte. Lesaren som vender seg til denne teksten gjer det av interesse for det teksten handlar om. Og lesaren er truleg interessert fordi han er kjøpt og betalt. Det kan vere fordi jobben hans direkte blir påverka av konklusjonane i rapporten, i tilfellet 982/2008 kan dette for eksempel gjelde direktørar eller sjåførar i transportbedrifter. Eller det kan vere fordi vedkommande er forplikta til å vere interessert i teksten for at ho eller han skal kunne seie at dei gjer jobben sin som byråkrat eller forskar, til dømes fordi dei skal skrive framtidige rapportar om emnet og derfor må vere «oppdaterte».
    Men dersom lesaren vender seg mot denne teksten med ei slik interesse, altså blotta for interesse for teksten som tekst, men berre for saksforholdet teksten handlar om, vil han finne at dette er ein sjanger som er kjenneteikna av økonomisering med ord. Teksten skal ideelt sett ikkje innehalde eitt ord for mykje. Han skal innehalde tilstrekkeleg mange ord til at argumentet og dei kjeldene som underbyggjer argumentet kjem fram, men han skal unngå eitkvart unødig ord, eitkvart avsnitt som ikkje er funksjonelt for det føremålet.
    Det er også ein tekst som inkluderar alle relevante og kjende pro et contra-argument om det emnet som teksten omhandlar. Og desse momenta vert drøfta sakleg, utan andre retoriske knep enn det at dei vert drøfta sakleg. Drøftinga er fri for spekulasjonar. Og teksten, drøftinga, har ei utforming som om det ikkje er eit skrivande subjekt som har skrive teksten, på overflata synes det å vere ein tekst som er objektiv, som om han er skriven av ein som har oversikt over det teks­ten handlar om og som er uinteressert i substansen i konklusjonane, om ein konkluderer pro eller contra ein bestemt påstand. Det er sjølve drøftinga, og kvaliteten på drøftinga som skal ha motivert det skrivande subjektet, og då på eit slikt vis at det skrivande subjektet trer attende som subjekt og sjølv har blitt ein sjanger, ein drøftingsmåte. Og nettopp dette at teksten ikkje rommar unødige ord, at forfattarane trer attende og er utan eiga stemme, er avgjerande for å nå fram til den type lesarar som er målgruppa for denne type rapportar: Dei som har som arbeid å vere oppdaterte på kunnskapen innan sitt kompetanseområde, og som er pressa på tid mellom anna fordi dei skal halde seg oppdaterte på kunnskap, eller har høg møteaktivitet, og som framfor alt treng å vite om det står noko nytt i denne teksten, og kva dette nye eventuelt er.

I dette tilfellet, altså tilfellet 982/2008, er underteikna ein av forfattarane, altså ein av dei som medvite har trekt seg attende frå teksten som skrivande subjekt, som har skrive seg inn i ein bestemt sjanger der sparsemd med ord er avgjerande, og der originalitet i framstillingsform er fråverande.
    Korleis blir så ein slik tekst til? Kva er motiva, metodane og omgjevnadane som krevjast for å skape den perfekte rapportprosaen?
    Motivet først: Ein rapport er eit bestillingsverk. For 982/2008 vart problemstillinga gjeve i Samferdselsdepartementets utlysing innafor «Program for Overordnet Transportforskning». For det andre. Det trengs ein lang komprimeringsperiode. Denne teksten er toppen av isfjellet. Under teksten, skjult, men likevel gjort kjent for lesaren, ligg mellom anna TØI-rapport 508/2001, TØI-rapport 787/2005, TØI-rapport 819/2006, TØI-rapport 860/2006, TØI-rapport 896/2006, TØI-rapport 909/2007, TØI-rapport 927/2007, og tilgrensande publikasjonar – som til dømes NOU 1989: 5.
    Og desse rapportane som 982/2008 byggjer på, byggjer igjen på mange skriftlege kjelder, som lover og reguleringar, stortingsmeldingar, statistikkar og utskrifter av intervju. Og desse skriftlege kjeldene har igjen vore drøfta på eit utal møte og blitt omformulerte og balanserte. Intervjuobjekta er gjerne kunnskapsrike, vel­artikulerte personar som representer ulike interesser som står i motsetning til kvarandre, men dei har ei felles interesse i den endelege rapporten og korleis den formulerer desse motstridande interessene og omsyna, nemlig kva konklusjonar han dreg. I arbeidet med denne rapporten, og rapportane som ligg til grunn for rapporten, har vi møtt ulike artikulasjonar i form av representantar for fagforeiningar, bedrifter og offentlege organ. Og medan mange fagforeiningsrepresentantar gjerne uttaler seg «friskt», vil representantar for offentlege organ nettopp tale den sakprosaen som pregar rapporten. Men denne variasjonen i artikulasjonar er borte i det endelege produktet, omformulert til rapportsjangeren. Undertittelen i denne rapporten er illustrerande:

Konkurranseutsetting og fristilling ved offentlig kjøp av persontransporttjenester: Effekter for tilbud, kostnader og arbeidstakere.1

Her er ulike interesser omgjort til målsetningar som kan målast. Tittelen signaliserer at her er det ingen verdikamp, her er det ingen kjensler, her er det nøkterne prioriteringar og vurderingar. Dette grepet blir ofte anerkjent av andre som er i rapportsjangeren, som lever livet sitt i rapportsjangeren. Dei nikkar anerkjennande. Andre kan ha litt tungt for det. Då eg snakka om denne rapporten på eit årsmøte i ein nasjonal fagorganisasjon, var det mange som var rett ut forbanna på meg. Nokre var det nok fordi dei hadde betalt for det, slik profesjonelle forbanna fagforeiningsfolk har – det er nesten oppløftande å sjå kor forbanna dei som har betalt for å vere forbanna er, kva fortel ikkje det om insentiva si kraft og dermed korleis vi kan stelle oss dersom vi nyttar den krafta! – men nokre var nok forbanna fordi teksten omforma røynslene deira til noko dei ikkje kjende igjen. I rapporten heiter det:

Det synes å være bred enighet om at innføring av anbud har vært assosiert med strammere rutetider og meir effektive skiftordninger og dermed mindre slakk i arbeidsdagen. (…) I den grad anbud har ført til ytterligere intensivering av rute- og skiftplan utover effektiviseringen som skjedde i forkant av anbudskontraktene, er det grunn til å anta at anbud har en negativ innvirkning for de ansatte.

Nokre av desse folka som reiste seg i salen, med harmdirrande røyst og like harmdirrande peikefingrar retta mot meg, rapportskrivaren, dei meinte at denne rapporten vrei på erfaringane deira til det heilt uattkjennelege:
    – Skal dette liksom setje ord på at her går det faen ikkje an å få seg ein skikkeleg pause lenger, at før hadde vi noko å seie og at no bestemmer andre alt over hovudet på oss, og at anbod gjer at eg ikkje veit om eg har denne jobben om fire år? Kva er det de tenker på når de sit i desse forskarkontora inne i Oslo? Tenker de i det heile tatt?
    Slik tenker og snakkar folk med liten respekt for rapportsjangeren. Men det er nettopp denne mangelen på respekt rapportskrivaren må oppvege gjennom den sjølvrespekten han sjølv finn i det å vere sakleg og nøyaktig. Og det er nettopp det å vere sakleg og nøyaktig som gjer at rapportskrivaren arbeider i samsvar med rapportsjangerkravet om å transformere informantane sine erfaringar og kjensler, slik desse har kome fram i intervju og samtaler, til saksforhold.

Rapportsjangeren handlar også om å transformere rapportskrivarane sine eigne personlege kjensler og vurderingar til ein sakprosa der alt dette er borte. Sublimert. Derfor er også det ideelle sosiomaterielle utgangspunktet for rapportsjangeren kontoret. Kontoret, med denne pc’en, desse bøkene i hylla, og ikkje minst dei andre rapportane, dei som denne rapporten byggjer på, og desse kollegiale samtalene om rapportar som er under produksjon, eller som er avrapportert eller som ein akkurat no sender ein søknad om ein kan få lov til å skrive.
    Kontoret er ikkje eineståande, det er ein del av eit kontorlandskap, eit kontorfellesskap der det er andre rapportskrivande kollegaer. Ideelt sett burde dette kontorlandskapet brakt fram avpersonifiserte relasjonar, vurderingar og relasjonar. Rapportrobotar. Og langt på veg kan det sjå slik ut. Vi rapportskrivarar er først og fremst kollegaer for kvarandre, meir enn menneske overfor kvarandre, vi er bundne saman gjennom rapportane, akkvisisjonane, møta og den tvers gjennom saklege stilen vår. I alle dei møta som ligg til grunn for 982/2008 har vi rapportskrivarar heile tida lagt vekt på å vere korrekte og distanserte, anten vi gjennomfører intervju eller legg fram rapportutkast for oppdragsgjevaren vår: Departementet. Særlig i Departementet er dette viktig, fordi departementa er den staden der rapporten – saman med rapportembryoet; notatet – er hovuduttrykksforma. Det å vere korrekt er slik meir enn eit metodisk prinsipp for oss, det er ein stil, ein stil som også inkluderar konduite, evna til å vite når ein kan vere uformell og spøkefull.
    Ikkje det at rapportskrivarar ikkje har privatliv, sjølvsagt har vi det, men desse privatliva er utanfor jobben. Der rapporten skal skrivast, der rapportørane møtes, der skal alt vere underordna rapporten. Så blir då også i aukande grad kontorlandskapa avprivatiserte og avpersonifiserte. 982/2008 er skrive i det nye kontorlandskapet vårt i Forskingsparken ikkje langt frå Universitetet i Oslo på Blindern, eit ope landskap der berre glasdører skil oss, der vi alle kan sjå inn til kvarandre. Men også dette er blitt umoderne, det neste, førebels høgaste trinnet er det heilt opne kontorlandskapet der alle kontora er blitt eitt einaste stort Kontor. Der er det ingen private bilete på veggen, ingen private teikn. Når dørene slik blir rivne ned er oksymoronet ’det personlege kontor’, oppheva. Rapportroboten er eit faktum.

Eller er dette, og her tillet eg meg å vere spekulativ, ein illusjon? Kanskje er det andre særdrag ved produksjonen av 982/2008 som viser ut over Kontoret, som viser nedover mot rapportens djupaste grunn, og som også forklarer kvifor rapportørane berre unntaksvis stivnar heilt til, slik tilfellet var for kulturrapportør Thomas Olsen Myrbråten?2 På dette tidspunktet, som eit ledd i denne spekulasjonen, finn eg det rett å introdusere medforfattaren til 982/2008. Eg skal sjølvsagt ikkje introdusere han med namn – vi er jo ikkje eineståande. Men eg ønskjer å peike på at han fins, at vi var to forfattarar til 982/2008, at vi har vore medrapportskrivarar på mange rapportar, og at dette omfangsrike samarbeidet er prega av at vi tar rapportar svært alvorleg. Vi kan gå på eit møte og med stor interesse seie: «Hm. Sjå på lønnsutviklinga for sjåførar! Interessant!» Vi kan finne på å ringast og sende sms-ar til kvarandre seine kveldar for å drøfte enkeltformuleringar i rapporten. Og av og til, nokre gonger i året, går vi kanskje innom ein pub, gjerne den med det for oss litt dristige namnet «Sidesporet». Der drikk vi øl og snakkar om rapportar. Av og til drøftar vi også andre tema, sjølvsagt – bøker, politikk, barn – men vi snakkar alltid om rapportane først. Den rapporten vi held på med, eller ein vi kunne tenkje oss å skrive. Og av og til fører desse samtalane til små eureka-opplevingar – eit analytisk grep, eit moment som bør inn – som får oss til humre litt. Men berre litt. For vi diskuterer rapporten med det største alvor. Vi kan rett nok sitje og ironisere over dette alvoret, over korleis vi tar dei mest underlege problemstillingar for gjevne (som vi jo gjer), vi kan spøkefullt humre over vårt eige engasjement for rapportane, ja i rapportane, slik vi ofte sat og humra over engasjementet vårt i 982/2008. Men denne latteren er ei stadfesting av det alvoret rapporten er skriven med.

TØI-rapport 982/2008: 49 sider nesten perfekt rapportprosa, nesten utan unødige ord. Mellom linjene kan rapportforfattaren lese historier om lange samtalar over kaffikoppar og ølkrus. Mellom linjene latter, mellom linjene usikkerheit over formuleringar knapt nokon les, mellom linjene eit svare strev i grunnen.

Mellom linjene. Og heilt usynleg.

 

 

Noter

  1. Eg avgrenser meg her til undertittelen. Heile tittelen er slik: «Anbud på norsk. Konkurranseutsetting og fristilling ved offentlig kjøp av persontransporttjenester: Effekter for tilbud, kostnader og arbeidstakere». Nettopp denne «fikse» starten, «anbud på norsk», viser at rapportskrivarane er sosiologar. Denne framvisinga av «originalitet» som viser at ein tilhøyrer sosiologstamma er etter mitt syn rapportens einaste store svakheit. Resten av rapporten er heldigvis blotta for slikt.
  2. Eg viser her til Thure Erik Lunds tankevekkande undersøking av kva psykologiske og/eller eksistensielle verknader rapportskriving (i dette tilfellet «En betenkning om kulturminnene») kan få.

 


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>