>Anmeldelser Prosa 05|09

Kritisk historie

Olav Hamran

Åndssvak! har Halvor Fjermeros kalla si kritiske historie om åndssvakeomsorga i Norge i tida frå førre hundreårsskifte og fram til 1960–70-åra. Mange interessante emneområde og problemstillingar vert lagt fram, men det vert for mange lause trådar i den ferdige veven.

<empty>

Halvor Fjermeros
Åndssvak! Et bidrag til sentralinstitusjonens og åndssvakeomsorgens historie
334 sider
Universitetsforlaget 2009

Anmeldt av
Olav Hamran

FJERMEROS` KRITISKE UTGANGSPUNKT i boka er ikkje først og fremst retta mot institusjonars (hardhendte og valdelege) behandling av pleietrengande pasientar, som til dømes i «Gro-saken» (Klæbu 1974) og «Sol-saken» (Emma Hjorth 1990) . Han set skarpast søkelys på situasjonen til dei menneska som vart feilplasserte inn i åndssvakeomsorga, og på manglande undervisning og skulegang for velfungerande og åndsfriske born. Det er «de friskeste, de mest talentfulle og mest oppgående pasientene som ble rammet hardest,» skriv han.
    Mange born kom inn i åndssvakeomsorga ut frå sosiale og moralske – og ikkje medisinske – grunnar. Dei var ikkje åndssvake, men tyskarungar, taterar eller sigøynarar, utstøytte og fattige. Dei var «små barn som la ut på livets landevei så å si uten bagasje i det hele tatt», men som kom seg gjennom livet «på anstendig måte - tross det ytterst vanskelige utgangspunktet». Sentralt i boka er intervju med om lag 20 slike «løvetannbarn», som då er heltane i framstillinga. Skurkane er både det samfunnssystemet som i si tid støytte desse borna ut og kalla dei åndssvake (idiotar, debile, oligofrene, evneveike osb.) og dei institusjonane og personane som seinare praktiserte denne oppfattinga. Fjermeros er ikkje minst kritisk til dei privatdrivne småinstitusjonane i utevernet. Utevernet var «plageåndenes paradis», heiter det. Nokre av dei intervjua fortel om vald og seksuelle overgrep. Nokre om vanrøkt, manglande skolegang og om å ha blitt utnytta som billig eller gratis arbeidskraft.

Innanfråperspektiv
Fjermeros presenterer seg sjølv, og blir presentert, som journalist og som tidlegare tilsett innanfor omsorga og som bebuar på Emma Hjorth. Altså ikkje som historikar. Og tittelen Åndssvak! Et bidrag til sentralinstitusjonens og åndssvakeomsorgens historie, modererer og tonar ned ei forventning om ei vidt famnande framstilling av åndssvakeomsorgas historie i Norge. Eg vurderer likevel boka som om den skulle vera eit slikt forsøk, og meiner boka sjølv legg opp til ein slik lesemåte: Ambisjonen er tydeleg tilstades gjennom heile brødteksten. Framstillinga byggjer på eit breitt kjeldegrunnlag og dekkjer et langt tidsspenn med fleire sveip tilbake i hundreåra. Utviklinga på Emma Hjorth, som Fjermeros i 1998 skreiv ei hundreårs jubileumshistorie om, dannar ryggraden i framstillinga. Han tek vidare for seg den historiske utviklinga av norsk forvaltning og politikk innanfor åndssvakeomsorga og debatten om rasehygiene i Norge. Det blir gjort greie for eutanasiprogrammet i Nazi-Tyskland, krigsoppgjeret i Norge, norsk og nordisk steriliseringspolitikk og -praksis i 1950- og -60-åra og også generelt om integrering og internering av marginale grupper i samfunnet. Ut frå inngangen og ambisjonsnivå i teksten står boka fram som eit historiefagleg verk, og lesaren blir ført inn i ei rad interessante tema og problemstillingar. Og får svar på mykje. Samstundes blir eg sitjande igjen med spørsmål. Det er både ein kvalitet og ein mangel ved boka, og har å gjera med Fjermeros historiefaglege ambisjonar.
    Det å yta omsorg for det einskilde, trengjande mennesket, på den eine sida, og, på den andre, å verna samfunnet/fellesskapet har vore to sider av same sak i den vesteuropeiske institusjonshistoria, heiter det. Men vektlegging og argumentasjon har vore ulik, til ulik tid og stad. Eg saknar ein meir eksplisitt og konkret diskusjon av denne problemstillinga innanfor den norske åndssvakeomsorga. Til dømes av behandlingsregima på Emma Hjorth under styrarane Jens Hole (fram til byrjinga av 1940-åra) og Ole Bull Munch (i dei etterfølgjande tiåra). Fjermeros viser til at det fann stad ei grunnleggjande mentalitetsendring innanfor åndssvakeomsorga i andre halvdel av 1960-åra, og også at det fann stad ei epokegjerande endring av heile omsorga i 1970-åra. Også vedrørande desse skifta hadde det vore interessant med ein meir eksplisitt diskusjon i høve til integrerings-/interneringsproblematikken – sidan den nå ein gong er framstilt som så sentral innanfor institusjonshistoria.

Å snu på forteljinga Fjermeros går ut frå at lesaren forventar at det må ha vore dårleg stell innanfor den norske åndssvakeomsorga under den tyske okkupasjonen Og han syner at det var det. Svært mange døydde, ikkje minst av tuberkulose og av andre sjukdommar. I 1942 blei det sett ein «makaber rekord» på Emma Hjort: 52 pasientar døydde det året. Men det hadde vore ille også i 1920- og 30-åra, og det heldt fram med å vera «uhyrlige forhold» utover i 1950- og -60-åra. Og det er desse elendige tilhøve då som først og fremst opptek Fjermeros. Han gjer greie for at fleire hundre tusen utviklingshemma, handikappa og sinnsjuke blei drepne i Tyskland under krigen. Med dette spent opp som bakteppe kunne ein frykta at det også i Norge fann stad drap på åndssvake. Det gjorde det heldigvis ikkje. Men, og det er eit viktig poeng for Fjermeros, delar av det same tankegodset hadde vidt spelerom i Norge i 1920- og 1930-åra og også utover i andre halvdel av hundreåret. Det blir fleire gonger lagt vekt på at «NS-vedtatt lovverk frå krigens dager» var gjeldande også etter 1945. Eit hovudtema i boka er som nemnd utstøyting og internering (og sterilisering) av einskildmenneske og marginale grupper etter 1945 og i tiåra framover. I handsaminga av dette stoffet ville Fjermeros kunna ha tent mykje på å ha ei meir historisk enn journalistisk tilnærming til emnet: Det er for lettvint å ta utgangspunkt i ei forenkla forståing av at det var ille under krigen og godt og betre etterpå, for så å avdekka at det skjedde mykje kritikkverdig etter 1945 og i dei følgjande tiåra. Særleg når han til slutt viser til sentrale verk innanfor den nordiske velferdsstatskritikkdebatten og om steriliseringspraksisen i dei nordiske landa og bruker desse til å gje seg sjølv rett. Det ville blitt mykje meir interessant dersom Fjermeros hadde byrja i andre enden, ved å gjera greie for nyare funn og status innanfor forskinga på området, og så drøfta sitt eige materiale i høve til dette.

Laus tråd Ved eit høve tek Fjermeros eks­plisitt opp ein debatt om truverdet til eit av intervjuobjekta. Ella, fødd i 1943, fortel mellom anna om å ha blitt valdteken fleire gonger av ein internatskulestyrar på Hunn Offentlige Skole ved Gjøvik midt på 1950-talet. Ho fortel også om å ha blitt slått helselaus og stengd inne i kjellaren i to døgn. Då ho var 17, blei ho gravid og det blei utført abort på Bærum sykehus. Det er «lett å avfeie» slike historier med at dei er «overdrevne, tendensiøse, kanskje preget av en hukommelse som blander fakta og fiksjon etter fire og fem tiår,» skriv Fjermeros. Deretter set han seg føre å undersøkja saka nærare. Ei kjøkkenhjelp som er intervjua, kjenner ikkje til Ellas historie, men stadfestar at styraren ikkje var ein snill mann. Han drakk og ga kona si juling. Samstundes hugsar ho at Ella var «ganske vill av seg» og festa med gutar i lokalmiljøet. Vidare sjekkar Fjermeros Ellas historie med bygdas dåverande lensmann. Ella sa at ho budde hos han og kona i periodar. Lensmannen minnest Ella, men seier at det ikkje var ho, men ei anna jente som budde hos dei. Han kjenner ikkje til at Ella blei valdteken eller at ho blei gravid med styraren. Han hugsar at styraren drakk. Som eit siste vitne har Fjermeros snakka med Liv, som også var elev på internatskulen. Liv blei valdteken av sonen til styraren. Ho blei også valdteken på ein annen institusjon. Liv seier imidlertid ikkje noko direkte om det Ella fortalde.
    Fjermeros fører ikkje denne interessante undersøkinga vidare, og nokon konklusjon eller oppsummering i høve til truverdet til Ella blir ikkje gitt. Det er påfallande ettersom problemstillinga så tydeleg blei lansert nok­re sider tilbake. Og det er synd ut frå at det hadde vore interessant å få følgja Fjermeros sitt vidare resonnement i saka. Eg går ut frå at han meiner at dei tre stadfestar Ellas historie. Liv hadde tilsvarande opplevingar og så vel kjøkkenhjelpa som lensmannen mintest at styraren ikkje var snill. Eksempelet kan illustrere korleis Åndssvak kunne ha blitt ei endå meir interessant bok om forfattarens historikarambisjonar i større grad hadde blitt gjennomført, og veven hadde fått færre lause tråder.
    Boka er ført fram til 1960–70-åra. Skulle det vera på tale med eit andre bind som tek føre seg dei seinare tiåra, ville det kunne vera håp om at forfattaren i større grad kunne føra saman og integrera dei mange emneområda og problemstillingane som er lagt fram i den føreliggjande boka.


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>