>Minibiografi Prosa 04|09

Ein norsk Aristoteles. Essayisten og antidogmatikaren Jon Hellesnes

Atle Måseide og Jan Inge Sørbø



Foto: KLASSEKAMPEN

I denne minibiografien presenteres utvalgte deler av Jon Hellesnes’ forfatterskap. For en mer utfyllende bibliografi, se http://ask.bibsys.no eller Svein Sundbøs bibliografi over forfatterskapet.

Jon Hellesnes
Sjølvkunnskapen og det framande medvitet
189 sider
Johan Grundt Tanum Forlag 1968

Jon Hellesnes
Jakta etter svikaren. Om nødvendet av praktisk filosofi
172 sider
Gyldendals Fakkel-bøker 1978

Jon Hellesnes
Den postmoderne anstalten
170 sider
Gyldendal 1986

Jon Hellesnes
René Descartes
158 sider
Gyldendals Ariadne-serie 1999

Jon Hellesnes
Om livstolking
200 sider
Det Norske Samlaget 2007

 

JON HELLESNES, som fyller 70 dette året, har vore ein uvanleg aktør på den norske intellektuelle scenen i snart femti år. Det uvanlege er at han, til skilnad frå fagfilosofar elles, vandrar mellom ulike sjangrar. Han har skrive og publisert tradisjonelt fagfilosofisk om ei rekke emne, så som sinnsfilosofi, sosialfilosofi, etikk, pedagogisk filosofi, filosofisk antropologi, politisk filosofi, filosofihistoriske emne frå fortid og samtid, både i bok- og artikkelform. I desse arbeida viser han noe som, i alle fall på sekstitalet, truleg var særeige for deler av norsk filosofi: Ei evne til å orientere seg på basis av filosofiske tradisjonar mange til den tid hadde sett på som uforeinlege, nemleg analytisk filosofi og fenomenologi. I dette var han, naturleg nok, påverka av Hans Skjervheim, som på mange måtar opna augene til norske filosofar for det som gjekk føre seg på det europeiske kontinentet blant fenomenologisk orienterte filosofar. Like viktig var det filosofiske miljøet i Bergen, der Knut Erik Tranøy, ubunden som han var av norsk filosofisk tradisjon, bidrog til eit ope miljø som skapte ein spennande syntese av kontinental fenomenologi og anglosaksisk analytisk filosofi. Magisteravhandlinga til Hellesnes, «Sjølvkunnskap og menneskeforståing» (Bergen 1966) er uttrykk for denne syntesen. I det heile er Hellesnes ein antidogmatikar med evne til å sjå ærenda andre filosofar er ute i. Følgjeleg kan han også akseptere argumenta deira om han ser dei har større tyngde enn hans eigne, ev. at dei identifiserer problem han sjølv til nå ikkje har vore merksam på.

Hellesnes er òg ein av dei fremste essayistane i norsk filosofi. I essaya handsamar han ulike temata frå ein filosofisk synsstad på måtar som gjer dei lesverdige og opplysande både for fag- og lekfolk. Slik føyar han seg inn i den filosofiske opplysningstradisjonen Skjervheim representerte, samstundes som han, saman med Skjervheim og Gunnar Skirbekk, er ein av dei som skal ha hovudæra for at vi i Norge har ein levande tradisjon for filosofi formidla på nynorsk. Han har såleis, motsett det mange i si tid trudde, vore med på å syne at nynorsk er like eigna for avansert filosofisk refleksjon og formidling som eitkvart anna språk. Han står også på skuldrane til fortidige essayistar, som Holberg og Vinje. Linene tilbake til Garborg og Raknes er der òg.
    Fagpuristar vil truleg meine dette ikkje er skikkeleg filosofi. Dei har ikkje rett. Å skrive slik at det faktisk er folkeopplysande, kan berre den som meistrar faget og emna han skriv om. Kanskje er det i vellykka filosofiske essays snarare enn i tradisjonelle avhandlingar og artiklar at meisteren viser seg.
    Det essayistiske grepet er ikkje utvendig hos Hellesnes. Det handlar ikkje om popularisering. I møtet mellom den strenge og lærde tyske tradisjonen og det meir daglegspråklege i den angelsaksiske, fører han inn eit tredje element: Det folkeleg saftige. Når han skriv om korleis «ula frå senile blanda seg med seksualmystikkens intense lydar» når elskaren vitjar kjærasten på sjukeheimen, liknar det korkje Kant eller Strawson og minner heller ikkje om Merleau-Pontys analysar av kroppssubjektet og livsverda. Det minner meir om Sivles stubbar. I dette ligg ein ironi i høve til abstraksjonsnivået i ein filosofi som gjer livsverda til ein viktig kategori, men sjeldan brukar språket derifrå. Men lina går også andre vegen: Den alt klassiske soga om «Den galne grisen hans Lars Liabø og dei tre verdene hans Jürgen Habermas» viser at Habermas sine inndelingar faktisk kan opplysa ting som skjer eit norsk bygdelag i eit språk som har karnevalistiske drag.

Dette representerer ei viktig side ved Hellesnes, både som tradisjonell fagfilosof og essayist. Eit sikkert kriterium på at ein skjønar det ein skriv, er at ein kan eksemplifisere poenga sine. Dette kjenner dei som har lese den «seine» Wittgensteins skrifter: Filosofiske poeng kjem til uttrykk gjennom døme som lar det eksemplare ved dei komme til syne for lesaren – som langt lettare vil kunne «sjå» vesentlege poeng enn om dei vert framstilde ved hjelp av lange og kompliserte resonnement. Få meistrar dette. For filosofar som freistar å beskrive livsverda, er det eit paradoks når lesaren må sitje med ordbok for å skjøne menneskas kvardag. Eit døme på Hellesnes’ meisterskap er artikkelen «Vitskapsteori eller fiks idé?» (Norsk Filosofisk Tidsskrift 1/1984), der han med noen enkle, men presise og avslørande, døme viser at Jakob Meløe sin prakseologiske vitskapsteori ikkje kan ha universell validitet.
    Ofte syner ekspemplifiseringsevnen seg i ordval. Hellesnes har ein forkjærleik for arkaiske nynorskord, som «ofse» og «gryl», og komiske namn som «Sture Sutle», «Klas Klunk» og «Sjur-Olina-Guri». Ein representant for postmodernistisk tenking har fått eit høveleg namn i Hellesnes sin roman «Den postmoderne anstalten»: Peter van Druiten. Hellesnes har laga nye nemningar som «livssynsberserk» og «gurugluping». I dette ligg eit signal om at han kjenner andre språkfellesskap enn filosofiseminaret, og ei påminning om at jamvel vesentlege filosofiske innsikter kan trenge saftig språk og innslag av merkelege namn for å bli forstådde. Som vestlending er han godt kjend med kulturelle, sosiale og geografiske spenningar i landet vårt, spenningar som også får språklege uttrykk. Den som les Hellesnes sine essay, får både vestnorsk og mold på fingrane.

Samstundes hyser språkbruken humor. Han har lite imot å slå hardt til mot det han oppfattar som lærd toskeskap, politisk dumskap eller byråkratisk maktbrynde. Med namnet Peter van Druiten er ironikaren Hellesnes ute og avslører akademisk jåleri. Men formuleringar og namn røpar eit smil: han slår den slappe tanken, men blunkar til motstandaren.
    Bruken av anekdoter, skrøner og stubbar er ein del av den essayistiske utforskinga og representerer utviding av filosofiens felt. Sikre slutningar og kvasse distinksjonar er avgjerande, men det finst òg område for skjønn og klokskap. Filosofen kan ikkje nøye seg berre med det første, da blir han fort ein av dei som held til i elfenbeinstårnet. Ikkje minst krev forstandige bidrag om problem i etikk og politisk filosofi klokskap og skjønn. Mye ville verte usagt, skorta det på klokskap og skjønn, skriv Hellesnes ein stad. Det er såleis ikkje å undras over at da Gunnar Skirbekk melde første boka til Hellesnes, essaysamlinga Sjølvkunnskapen og det framande medvitet (Tanum 1968), var overskrifta «Ein norsk Aristoteles».
    Dette viser seg i Hellesnes sin evne til å handsame kvardagsemne av ymse slag. Spor etter han som filosof finn ein i debatt om politiske spørsmål, problem knytte til skole og utdanning, til helsesektoren, medisisk etikk osv. Han er såleis, til skilnad frå mange filosofar, heimlege som utanlandske, i stand til å syne relevansen av eit filosofisk perspektiv på emne dei fleste truleg i det heile ikkje assosierer med filosofi. Slik er han ein av dei viktigaste ambassadørane for filosofi i Norge i dag.
Det fins kritisk kulturdiagnostikk i skriftene til Hellesnes. Med essayistens mot til å overprøve sjølvsagde ting i samtida, går han inn på fenomen som keisemd og farane ved den, baksida av den metafysiske optimismen, moralisme i politikken og overtru på spesialistar og helsefolk. Eitt tema har vore konsekvensane av å skulle freiste kontrollere alle faktorar i tilværet for å kunne leve i tryggleik, eit anna konsekvensane av historiemetafysiske teoriar omsette i politisk praksis: Slike teoriar er knytte til trua på at historia har eit mål, Det Gode Samfunnet, og gir såleis den som til eikvar tid sit i det politiske førarsetet, ikkje berre ein moralsk rett, men òg ei moralsk plikt, til å straffe den som er usamd med føraren. Slike brotsverk mot historia er eitt av emna han drøftar i Jakta etter svikaren (Oslo 1978). Einkvar medieballong av ein viss storleik må kalkulere med faren for å bli punktert av hans spisse formuleringar. Ein av ballongane er postmodernismen, der ein av forfedrene er Nietzsche. Hellesnes har aldri løynt at han ser på Nietzsche som ein framståande diktarfilosof. Samtidig har han vore ein av dei få som i skrift og tale har peika på og åtvara mot problematiske sider ved Nietzsches filosofi, ikkje minst på det ved filosofien hans som kom til å tene som ideologisk ammunisjon for nazismen. Men postmodernisme er meir enn Nietzsche og arven etter han. Den inneber ikkje berre relativisme i etikk og meiningslaus antirealisme. Den har allmenn fordumming som innebørd og har fungert som intellektuell svindel og forsøpling. Emnet han kanskje er mest kjend for, er pedagogisk filosofi. Hovudarbeidet hans er Sosialisering og teknologi (Gyldendal 1975). Eitt av dei sentrale begrepspara hans er ’daning’ vs. ’utdanning’. I artikkelen «Ein utdana mann og eit dana menneske» (i E.L. Dale (red.): Pedagogisk filosofi,1992) presenterer han begrepa slik: «Daninga kan korkje brukast eller misbrukast, for daninga er det vi brukar og misbrukar ut frå. Daninga har i det heile ingen middeleksistens. Når folk tek til å tale om allmenndaning som eit middel til større lykke og trivnad (og dermed høgre produksjon), er det fare på ferde. Dermed er daninga heller ikkje essensielt knytt til nokon bestemt funksjon innanfor samfunnet. Daninga er mellom anna det å problematisere samfunnet som totalitet og dermed dei einskilde funksjonane. I eit samfunn som har eliminert daninga, vert samfunnet som totalitet ikkje problematisert, og eit slikt samfunn er totalitært.» Med moduliseringa av fag som «kvalitetsreformen» i høgare utdanning har ført med seg, har desse orda så visst ikkje tapt relevans.

Hellesnes’ faglege inspirasjon frå utlandet har frå slutten av sekstiåra i særleg grad vore Habermas og Apel. Det har òg vore påverknad frå anna hald. Skriftene om skeptisisme viser at sein-antikk tenking har vore éi kjelde. Arven frå Kant, Hegel og Marx har sett sine spor. Det har òg arbeid med Sartre, Merleau-Ponty, Hampshire, Strawson, Wittgenstein sine filosofiske teoriar gjort. Han har òg eit internasjonalt publikum, særleg mellom tyske filosofar.
    La oss til sist ikkje gløyme den skjønnlitterære forfattaren Jon Hellesnes. Ikkje berre held essaya hans høg språkleg og litterær kvalitet. Med bøkene Carolus, klovnen og Den posmodertne anstalten har han demonstrert at fantasien hans kan utfalde seg på andre felt enn fagfilosofien. Også her er det lett å sjå tilknytninga til essaytradisjonen. Fascinasjonen av Holbergs essay og epistlar fører over til ein fascinasjon av Nils Klims reiser under jorden. Både i humor, spennvidde og tankeføring kan ein sjå ein holbergsk impuls hos Hellesnes.
    Det er knapt noen norsk filosof som er, eller har vore, så produktiv som Jon Hellesnes. Stort sett kjem det kvart år ei eller to nye bøker – fagfilosofiske arbeid, filosofiske essays om ymse emne, romanar òg. Jamvel om han nå rundar dei 70, er det lite grunn til å tru at produktiviteten vil avta. Det skal vi vere glade for!


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>