>Artikler Prosa 03|09

>Bibli09: Den store skilnaden. Om den digitale vekkinga som heimsøkjer våre bibliotek

Per Anders Todal

Når alle bøker i Noreg får plass i ei skuffe, og vi kan låne dei rett ut av lause lufta – kva skal vi med alle desse folkebiblioteka da?

Prosa 03 09

> BIBLIO9 Hvorfor skjer det enorme endringer i norske folkebibliotek uten offentlig debatt? I reportasjeserien Biblio9 i Prosas seks nummer i 2009 oppsøker seks skribenter sentrale personer og steder på jakt etter svar.

Se de andre artiklene i reportasjeserien på denne siden.

Planen min er enkel: Eg skal besøkje nokre gamle tomter, gå gjennom nokre dører eg ikkje har opna på lenge, og prøve å sjå desse stadene i det skarpe lyset frå alt det nye. Men før eg opnar dørene, må eg smake på ein tanke: Ikkje alt er informasjon. At det er skilnad på skilnader. Informasjon er ein skilnad som gjer ein skilnad, lærte eg ein gong.
    Så opnar eg døra og går inn på Aure folke­bibliotek, i sentrum av tettstaden Aure på Nordmøre. Biblioteket er i same bygg som ungdomsskulen. Eg har ikkje vore her på 25 år. Rommet har blitt litt utvida sidan eg gjekk på skule her, men som bibliotek er det framleis knøttlite. Da eg var liten, var det likevel stort nok. Eg oppdaga verda bit for bit her, lærte meg å sjå skilnader.
    – Biblioteket er ein stad der det er godt å vere, seier biblioteksjef Marit Alsvik. Ho har ein stille dag bak skranken. Det er ein del slike. Aure er ingen stor bokkommune. Dei to bibliotekfilialane i Aure hadde kring 12 135 utlån i fjor, av dette 9660 bøker.
    Eg forklarer ærendet mitt. Det er datamaskinene eg er interessert i, og kva dei vil gjere med biblioteka våre. I Aure, i Oslo, i Finnmark, overalt. Aure ligg ikkje nett i front. På dette biblioteket er datamaskinene knapt husvarme.
    – For berre tre år sidan var det ikkje nokon pc her. Vi brukte dei gamle kartotekkorta, og biblioteket hadde ikkje epost. Dette var ikkje satsa på, seier Alsvik.
    No er hamskiftet unnagjort: Ei og ei bok vart teken ut av hylla og registrert i datasystemet. No kan du søkje etter titlar på nettsida, du kan tilmed få eit boktips med tenesta Ønskelån. Eg set meg ved publikums-PCen og stiller inn variablane «Morsom», «Optimistisk» og «Mye sex» – pluss nynorsk. Programmet foreslår Taxfree av Reidar Karlsen. Bra forslag, det.
    – Eg trur ikkje det er så mange som brukar den tenesta der, seier Alsvik nøkternt.
    Men nettet, derimot, det brukar snart alle.
    – Lesarane er meir krevjande enn før, dei blir flinkare til å søkje, og veit mykje meir om kva som finst. Folk veit dei har rett til å låne inn bøker utanfrå, og vi har ein god del fjernlån frå Fylkesbiblioteket.
    Det er til god hjelp: På Aure er det knapt rom til fleire bøker uansett.
    – Vi skulle gjerne hatt betre plass. Her finst ikkje noko magasin eingong, seier Alsvik.

Men plass spelar kanskje ikkje så stor rolle: Dette biblioteket er jo ikkje lenger avgrensa av fire vegger. Aure folkebibliotek er i ferd med å bli umåteleg stort, for snart har heile folkebibliotek-Noreg blitt eitt, og denne filialen er berre ein manifestasjon av mangfaldet, slik William Blake meinte å kunne sjå verda i eit sandkorn. Eventuelt er Aure folkebibliotek i ferd med å forsvinne, fordi biblioteket snart er overalt og difor ingen stader.
    Eg har budd meg på bibliotekbesøket mitt med eit gløtt inn i framtida. Eg har snakka med Svein Arne Brygfjeld på telefonen. Han er utviklingssjef ved Nasjonalbiblioteket, og arbeider med digitale bibliotekløysingar.
    – Digitaliseringa viskar ut skilnader, sa Brygfjeld til meg.
    – Det som før var einskilde bibliotek, blir no felleseige. Du kan sjå alle biblioteka som ei samling, og dele informasjon og tenester mellom dei. Før var biblioteksamlingane og kompetansen på staden nær knytte saman. No vil kompetansen bli viktigare enn dei fysiske samlingane.
    Og det er meir som vil endre seg. I det komande biblioteket kan brukarane vere langt meir aktive enn før. I digitalisert materiale på nettet kan vi søkje i sjølve innhaldet. Og vi kan sjølve bidra til innhaldet, på måtar som minnar om Wikipedia eller Flickr. Folk kan leggje inn kommentarar, skildringar eller meldingar sjølve innanfor bibliotekets domene, og slik tilføre ny kunnskap.
    Det var mykje oppløftande i orda til Brygfjeld. På eitt vis er det biblioteka sin gamle ambisjon om å spreie opplysing ut til folket     – solskinn for den sorte muld – som no blir realisert til overmål: Alle bøker, all kunnskap som finst, tilgjengeleg for oss alle, same kor vi bur. I løpet av året skal katalogane til alle norske bibliotek integrerast til ein database som brukaren kan søkje i.
    – Når alt kan tingast som fjernlån over posten eller nettet, er det eit stort framsteg samanlikna med lokale boksamlingar. Og det å bruke tenester på nettet har på berre 15 år blitt sjølvsagt for ein veldig stor del av befolkninga, sa Brygfjeld.
    – Men dei folkebiblioteka vi kjenner, spurde eg Brygfjeld, kva skjer med dei?
    – Det er klart dei er truga. Digitale bøker og fjernlån gjer dei mindre naudsynte. Alle dei tradisjonelle berarane av informasjon er truga av den nye teknologien. Eg skal ikkje påstå at dei lokale boksamlingane ikkje vil ha ei rolle i framtida. Men ein må stille spørsmålet om kva dei skal vere. Eg trur at alle bøker snart vil finnast på nett i ei eller anna form.
Nasjonalbiblioteket gjev oss ein forsmak: Prosjektet «bokhylla.no» skal leggje ut all norsk litteratur frå 1790-, 1890- og 1990-talet gratis på nett. Sange for den norske bondestand, Sult og Naiv. Super skal alle kunne lastast og lesast i digital fulltekst, som eit tidsavgrensa eksperiment. Men snart er dette kanskje normalen? Brygfjeld snakka om eit grunnleggjande skifte i den menneskelege omgangen med informasjon.
    – Vi som er vaksne i dag, har tradisjon for å lese bøker. Men om ein ser litt framover, kan ein undre på om det vil halde fram. Endringane er så radikale, og kjem så fort. Når ein ny generasjon veks opp, utan vårt forhold til bøker, kan det gå enda fortare, sa Brygfjeld.
Biblioteksjef Marit Alsvik på Aure sit roleg bak datamaskina si. Ho ser ikkje ut til å kjenne seg truga. – Eg trur ikkje papirboka forsvinn, eg. Mykje av faglitteraturen og i alle fall oppslagsverk kan nok data ta seg av. Men eg trur ikkje at nettet tek over for lystlesinga. Og datamaskinene kan ikkje erstatte det å ta på boka når du vurderer ho. Nettet kan ikkje samanliknast med ei bokhylle.

Kanskje. Eller kan det det? Eg går til bokhyllene og leiter etter spor av framtida. I hylla med fagbøker for barn og ungdom finn eg boka Fremtiden av Eirik Newth. Der står mellom anna dette: «Når en liten datamaskin kan inneholde et helt leksikon og alle lærebøkene på skolen, så må det å gå på skolen bli helt annerledes.» Newth skildrar ei framtid med hjernehjelparar opererte inn i kroppen, som kan romme store boksamlingar. Der er han framleis noko i forkant. Men boka er frå 1999, og noko av innhaldet har blitt gammalt: «På internett finnes det rundt 9000 digitale bøker, men det finnes minst 50 millioner ulike bøker verden over som ikke er digitalisert,» står det. Ti år etter har Google Books åleine sju millionar digitale bøker som ein kan bla i på nettet. Men blir digitaliseringa eit supplement, eller blir ho døden for papirboka? Newth trur på det siste alternativet. I 2050 vil papirboka mange stader vere heilt erstatta av den digitale boka, spådde han i papirboka si i 1999.
    Eg vil få mannen i tale. Eller, rettare, få han i skrift. Eg set meg til publikums-PC-en, googlar Newth for å finne epostadressa hans, og sender eit knippe spørsmål. Han svarar neste dag.
    Kva rolle kan biblioteka i framtida spele i formidlinga av kunnskapen?
    En hovedrolle for bibliotekaren vil være å bidra med sin kunnskap om kunnskapen – hvordan man finner, vurderer og skaper kunnskap i vår tid. Denne rollen er sterkt undervurdert i et samfunn som generelt har lav informasjonskompetanse. Det pekes ofte på ukritiske ungdommer som klipper og limer fra Google-søk, men jeg forbløffes mest av hvor uhyre begrenset kunnskapen om kunnskapen er blant voksne – også lærere.
    Blir det meir eller mindre bruk for biblioteka?
    Bibliotekets funksjon som kunnskapsbase blir mindre viktig, og vil følge den samme langsiktige nedadgående trenden som fag- og lærebokavdelingene i forlagene, papiravisene og tidsskriftene. Nettopp derfor er man i bib­liotekvesenet så opptatt av bibliotekets rolle som en kultur- og medieagnostisk arena for kultur og kunnskap. Med dette menes biblioteket som et sted hvor brukere kan utfolde seg på egne premisser. Målet for slike bibliotek er ikke høyest mulig utlånstall, men snarere høye fysiske og virtuelle besøkstall.
    Ein nettentusiast kan hevde at tida for både papirbøker og folkebibliotek er ute. Bøkene kan vi scanne og brenne. Alt du treng, er ein PC og nettsamband. Men vil dette fungere i praksis?
    For mange fungerer dette i praksis allerede. Halvparten av nordmenn setter ikke sin fot i et bibliotek i løpet av et år, og tre firedeler av oss leser svært lite bøker i det daglige. Over 70 prosent av oss har tilgang til PC-er med bredbånd, og flertallet av oss bruker PC-en daglig. Svært mye av bruken består av kunnskapserhvervelse. Hva virkningene av dette blir på kunnskapssamfunnet som helhet, er et annet spørsmål. Alt tyder på at dette er den største omveltningen siden billige bøker og aviser ble tilgjengelige mot slutten av 1800-tallet, og det endelige resultatet av slike prosesser er vanskelig å forutsi. Jeg velger å være optimistisk, om ikke på de papirbaserte bibliotekenes og forlagenes vegne.
    Kva er skilnaden på ei boksamling og ein PC – for ein lesar, og for kulturen?
    For leseren innebærer overgangen til PC med bredbånd en endelig og permanent slutt på det kunnskapsmessige mangelsamfunnet. De av oss som vokste opp før denne teknologien, kan huske hvor vanskelig det var å få tak i informasjon utenom bibliotekets åpningstid. For kulturen innebærer dette enorme utford­ringer. Det gamle kunnskapssamfunnet ga produsenter, distributører og myndigheter en kontroll som nå er borte for alltid. Og kunnskapen som idag er tilgjengelig på PC, er i morgen tilgjengelig på mobil. Det betyr at vårt forhold til hva vi behøver å huske vil forandre seg – på samme vis som vi idag ikke lenger husker telefonnumre fordi de ligger lagret i mobilen, behøver vi imorgen ikke å huske hva hovedstaden i Colombia heter eller hvem som styrte USA i 1995.
    Har du inntrykk av at at styresmaktene har teke inn over seg kor radikale endringar som skjer på dette feltet?
    Verken Kulturdepartementet, Kulturrådet eller forfatterforeningene har tatt inn over seg grunnfjellsskiftet. Et symptom på dette er debatten om innkjøpsordningen for sakprosa, som ser ut til å foregå i et parallellt univers uten internett, og med et stabilt antall bibliotekfilialer og ditto utlånstall. Det nesten totale fraværet av bibliotekarer i den debatten er meget talende.
    Klar tale frå Eirik Newth. Om han har rett, blir papirbiblioteket på Aure til eit museum kvar augneblink. I sanning ein skilnad som gjer ein skilnad. Men burde eigentleg dette vere overraskande? Eg veit jo sjølv at det meste av den leitinga etter informasjon som utgjer så mykje av yrket mitt, skjer over internettet. Eg veit òg at mange av dei bøkene eg låner, låner eg fordi dei ikkje er tilgjengeleg på nett – enno. Men det tek gjerne si tid før ein innser det moglege, og ofte ser ein ikkje at det er mogleg før det faktisk skjer.

Eg ruslar sakte vidare mellom hyllene, og finn Mannen uten egenskaper av Robert Musil. Eg slår opp ein passasje i første bandet: «Mulighetssansen burde altså simpelthen kunne defineres som evnen til å forestille seg alt som like gjerne kunne ha vært, og ikke tillegge det som er, større betydning enn det som ikke er.»
    Sansen for det moglege. Eg tek til å tenkje på Jon Bing, jusprofessor, science fiction-forfattar, dataentusiast. Ein mann med velutvikla mogleikssans. Eg søker på Bing i det digitale kartoteket, og finn boka Hvadata? frå 1986, ei samling tekstar om moglege menneskelege framtider. Der står til dømes dette: «Skrift tillater at man kommuniserer over store avstander, både i tid og rom. Men vi har vært vant til at slik nedtegnet eller annen representert kunnskap er knyttet til et fysisk objekt – en bok, en grammofonplate, et fotografi. Hvis ikke var den flyktig som det talte ord eller det kringkastede signal.»
    Men med informasjonsteknologien endrar reglane seg: Kostnadsfrie kopiar, identiske med originalen, flyg gjennom lufta på hundredelar av sekund.
    Eg tek fram mobilen og ringjer Jon Bing. Vi utvekslar nokre flyktige ord. Eg skriv dei ned så dei kan kommuniserast over tid og rom gjennom det fysiske objektet og den digitale kanalen Prosa.
    – Kva vil digitaliseringa og nettet gjere med folkebiblioteka, Jon Bing?
    – Spørsmålet er kor mange skuffer vi treng, seier Bing.
    – Meiner du bokhyller?
    – Nei, skuffer. Vi treng nok berre ei skuff til å romme heile Nasjonalbiblioteket, tenkjer eg. Kva vi skal bruke bibliotekbygga til? Om 10–20 år blir det neppe til bøker, i alle fall. Bøkene kan vi ha i fjellet i Mo i Rana, der ligg dei trygt. Litteraturhuset i Oslo er kanskje ein betre modell for framtida til biblioteka: Dei kan vere stader der menneske kan møtast andlet til andlet.
    Nettet endrar grunnvilkåra for biblioteka, meiner Bing. – No kan du flytte heile Nasjonalbiblioteket opp på pulten til kvar skuleelev. Dagens bibliotek er svært utilgjengelege, med sine avgrensa opningstider. Internettet er ope 24 timar i døgnet heile veka. Og du slepp å ta på deg ytterty og gå for å kome til internettet.
    – Og bibliotekarane kan til naud vere rettleiarar?
    – Bibliotekarar er spesialistar på meta­informasjon, altså informasjon om informasjon. Det behovet aukar, og bibliotekarane har ei lys framtid om dei vil omfemne ho. Men eg er noko skuffa over bibliotekarane. Dei har ikkje skjønt at den aukande bruken av informasjon opnar store verkefelt for dei. Dei har lett for å bli nostalgiske, på same vis som kunstnarar og forfattarar. Ein gong på 80-talet vart eg spurd av Dagbladet om å skrive ein kronikk. Temaet skulle vere: «Går det an å skrive skjønnlitteratur på ein PC?» Å setje opp ein slik motsetnad mellom teknologi på eine sida og kunst og kultur på den andre, er livsfarleg.
    – Men det er ikkje alt vi likar å lese på dataskjermen: Brukargrensesnittet er framleis viktig. Og e-boka har framleis ikkje teke av?
    – Ho har ikkje det, men eg trur ho kjem i år. Det er sant at brukargrensesnittet avgjer om slike ting blir ein suksess. Men no kan du lese ei e-bok tilnærma som du les på papir, opplyst med lampe, ikkje bakfrå som ein skjerm. Jau, e-boka kjem. Og særleg fagbøker vil bli ramma. E-bøker opnar heilt andre høve til kontinuerleg oppdatering. Men eg har teke feil før. Eg erklærte at papirboka var død alt i 1984, eg.

Eg takkar Bing for praten, og går bort til tidsskrifthylla, blar i Syn og Segn og Samtiden, Marg og Fett. Og her står bladet til ABM-utvikling. Her finst kanskje spor etter skilnader som gjer skilnader. ABM-utvikling er statens senter for Arkiv, Bibliotek og Museum. «Den unge eBorgaren utfordrar ABM-institusjonane», står det i bladet. Eg er ikkje så ung, men kanskje er eg ein eBorgar? Er det ein kravstor, nettvant, nyfiken faen som forventar effektivitet?
    I bladet seier Gunnar Urtegaard, avdelingsdirektør for digitalt ABM: «Det skjer eit paradigmeskifte i ABM-sektoren. Dette vil utfordra arkiv, bibliotek og museum i eit omfang som saknar sidestykke. Me vil snakka om tida før og etter.»
    Ein skilnad, altså. Ein stor ein. A-en, B-en og M-en er tre sider av vårt store, felles minne, Og digitaliseringa bryt ned skilja mellom desse felta, slik det òg går fram av dei to stortingsmeldingane som kom 17. april: ei om biblioteka, ei om digital bevaring og formidling av kulturarv. Meldingane har ein stor, digital overlapp. Snart kan alle leite etter kunnskap i norske arkiv, bibliotek og museum over nettet, på tvers av institusjonane. Gjennom stadig breiare breiband kan umåtelege kunnskapsmengder hentast og bringast ut frå magasin og arkivskuffer.
    Teknikken er kanskje mirakuløs, men han gjer ingenting på eige initiativ. Det må handling til, vedtak og løyvingar, hender må setjast i sving, hyllekilometer med materiale må scannast. Å digitalisere materialet til Nasjonalbiblioteket vil truleg koste ein milliard kroner, står det i Bibliotekmeldinga. Og med digitaliseringa kjem prinsipielle spørsmål, som stortingsmeldingane stiller, men ikkje svarer på: Kva gjer ein til dømes med innkjøpsordninga og bibliotekvederlaget, som berre gjeld papirbøker?

Viktigast er likevel spørsmålet om kva biblioteka skal vere. Bibliotekmeldinga snakkar om ein kunnskapsallmenning i ei digital tid. Ei som sit med ansvar for at dette ikkje skal ende med allmenningens tragedie, er Leikny Haga Indergaard, direktør i utviklingsavdelinga (sic) i ABM-utvikling. Eg ringjer og spør ho om vi vil trenge folkebiblioteka særleg mykje lenger?    – Vi vil trenge biblioteka, men på andre premissar enn før. Vi har i dag i overkant god tilgang til informasjon, men vi må sikre oss at vi får rett informasjon. Der har biblioteka ein jobb å gjere. Og dei fysiske bib­lioteka vil framleis vere viktige – den sosiale funksjonen som møteplass vil framleis vere der, seier Indergaard.
    – Men treng vi bokhyllene?
    – Vi treng ikkje papir til alt. Meir og meir blir nettbasert, særleg oppslagsverk og faglitteratur. Men vi treng bokkompetanse. Biblioteka gjev tilgang til både litteratur og rettleiing. Nokon må hjelpe folk, og vi må gjere det enkelt for brukarane å innhente digitalt materiale.
    Og som dei fleste som har rota rundt på nettet veit: Det er greitt å vite kven ein kan stole på, og kven som lyg og slurvar. Også der finst ein skilnad som gjer ein skilnad.
    – Truverd er viktig å ta vare på, seier Indergaard.
    – Det er viktig at folk kan kjenne og stole på avsendaren. Dei fleste foretrekker informasjon frå pålitelege kjelder framfor det som har ukjend opphav. Det handlar om kvalitetssikring.
    Indergaard gjer ingen forsøk på å skryte på seg at Noreg ligg i front når det gjeld digitaliseringa av bibliotektenestene sine.
    – På dette feltet er vi dårlegast i Norden. Danmark har satsa mykje pengar på dette, og fekk ei felles søkjeteneste alt for ti år sidan. I Noreg har det ikkje vore sett av eigne midlar til dette. Vi slit òg med mange små bibliotek med små ressursar. Men eg trur ikkje vi tenkjer dårlegare i Noreg enn i Danmark. Og også i Noreg vil digitaliseringa og nettet medføre ein revolusjon i biblioteksektoren.

Ei soge skal helst slutte ved byrjinga si. Eg køyrer dei 18 kilometrane frå Aure sentrum til Todalen, der eg sjølv voks opp. Her ligg mitt første bibliotek, i den gamle skulestua på Nausthaugen. I dag er det eit svært eksklusivt bibliotek: Todalen har 15 fastbuande no. Likevel var det ein kommunal bibliotekfilial her heilt til 2005, med to timar opningstid i veka. Til slutt sa Aure kommune takk for seg. Men kommunen hadde ingen plass å gjere av bøkene, så boksamlinga er no eigd av grenda, og fungerer som sjølbetjent bibliotek. Eg veit kor nøkkelen heng, men eg seier det ikkje bort. Eg låser meg inn, går forbi klasserommet og opp i andre etasje.
    For nokre generasjonar todalingar var Nausthaugen ei kjelde til kunnskap om verda og ein inngang til andre røyndomar: Tolstojs, Capeks, Homers. Dette var ei leseglad bygd, der somme var langt meir glade i å lese enn å drive gard. Dessutan var dette huset ein offentleg arena – her var foredrag og debattmøte frå seint på 1800-talet, om landsmål, partipolitikk, unionsspørsmål og kvinnesak. Det var ei leseforeining her alt før folkebib­lioteket, som fekk bøker tilsendt med helsing frå kong Oscar II. Den moderne verda kom til grenda gjennom dette huset. Så mange skilnader dette bygget må ha gjort. For kvar skilnad som gjer ein skilnad, blir verda større.
    Eg ser på bokhyllene: Javisst, nasjonsbygging: Dei fire store og På ski over Grønland er her, bøker som skulle gjere nordmenn av folk. Men her finst òg Joseph Conrad, Dostojevskij, Shakespeare, Remarque og Pascal. Og for den del Grøftetildragelsesmysteriet av Thure Erik Lund. På merkelappar i dei eldre bøkene står ei formaning: «Far fint med bøkene. Brett ikkje inn blada. Sulk ikkje bøkene til.»
    Det susar frå vindauget: Ei glasrute har falle ut, er mellombels erstatta av ei plate. Det blir dugnad til sommaren. Sommars tid, når grenda får folketalet mangedobla, er dette eit kulturhus – foredrag, foreiningsmøte, basarar, festar, bandøving. Kanskje er det framtida til norske folkebibliotek. Bruksendringa av det gamle biblioteket på Nausthaugen er heilt i pakt med somme av konklusjonane i Bibliotekmeldinga – meir møtestad, mindre boksamling.
    Eg slår på laptopen min, koplar til det vesle USB-modemet. Det kan hente ned nær ein million teikn i sekundet til harddisken, rett ut av tomme lufta. Maskina mi har perfekt minne, men ho har ingen mogleikssans. Alt ho kan, er å skilje mellom null og ein. Men ut frå denne eine skilnaden kan alle andre skilnader skildrast og simulerast.
    Eg ser opp frå skjermen, opp på dei gamle bokryggene. Samlinga her har blitt bygd opp i løpet av 120 år. Kor lang tid ville det teke å laste ned alle bøkene som finst her, dersom dei låg tilgjengelege og parate på nettet i høveleg format? Truleg berre nokre timar.
    Rett før eg kom til biblioteket, fekk eg ein SMS. Deichmanske bibliotek i Oslo åtvara meg om at lånet mitt av fire bøker snart forfell. Eg startar nettlesaren, går inn på Mappa mi, tastar inn passordet og forlengar lånet. Eg vil gjerne behalde desse papirbøkene ei stund til. Så lenge dei gjer ein skilnad.


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>