>Form & Design Prosa 02|09

Satsspeilet

 



Prosa 02 09

«Ei god bokside er lett å kjenne att, slik ein god idé er det. Noko fell på plass, blir forløyst.»

EI GOD BOKSIDE er lett å kjenne att, slik ein god idé er det. Noko fell på plass, blir forløyst. Men sjølv ei heilt enkel glattsatsside med ei tekstblokk og pagina kan være vanskeleg å formgje. Kvifor?
    Det fins typografiske reglar, men ingen fasit. Ei tekstside utførd i samsvar med veletablerte faglege normer kan likefullt framstå uengasjert og kjedeleg. Typografi og tekst er levande materiale som ikkje let seg tvinge, men krev tålmodig utforsking. Gjennom typo­grafihistoria går det eit skilje mellom transparent og ekspressiv typografi, mellom dei som meiner typografi skal sjåast gjennom, slik at innhaldet (meir eller mindre) friksjonslaust møter mottakaren, og andre som ser verdien av å skape motstand, overrasking. Bokstavformene og måten dei er brukte på formidlar ein bodskap om ein vil eller ikkje. Den svenske typografen og kunstnaren Akke Kumlien (1884–1949) skriv i Bokstav och ande: «Av alle kunstens manifestasjonar er kanskje bokkunsten, typografiens kunst, den som mest arbeider med ubevisste kvalitetar.»
    Dei fleste utøvarar arbeider ein stad mellom desse ytterpunkta, eller bruker heile skalaen. Uansett angrepsmåte dreier det seg om å ta det tilsynelatande enkle og til tider nedprioriterte satsspeilet seriøst. Den amerikanske typografivitaren Beatrice Warde (1900–1969) seier: «Menneske som elskar idéar må elske ordet og det betyr at dei (...) må vere levande interesserte i dei kleda orda ber.»
    Skrifttypen er ein del av det visuelle uttrykket til boka og påverkar leseopplevinga. Nokre typer har stor x-høgde, andre lange over- og underlengder, hårstrekar kan være tynne eller robuste, kursivar meir eller mindre kursive, bokstavformene opne eller lukka. Desse forholda, og mange fleire, er med å avgjere korleis tekstbiletet framstår. Ikkje minst gjeld det å finne eit optimalt forhold mellom punktstorleik og linje-avstand for å oppnå eit godt resultat. Nokre få anslag for mykje på kvar linje vanskeleggjer lesinga. I arbeidet kan ein sirkle seg inn ved å stille spørsmål som: Er ynskjet framfor alt eit jevnt og roleg satsbilete? Eller kanskje eit meir dynamisk? Er det økonomiske hensyn å ta? Det kan være eit poeng å velge ein skrifttype som er plasseffektiv, slik at boka ikkje eser ut og blir tung og dyr å produsere.
    I tillegg til brødteksten skal paratekstar som tittel, forlagsnamn, kolofon, kolumnetitlar og noter typograferast. Oppgåva aukar raskt i kompleksistet. Dei ulike elementa bør byggje opp under ein overordna tanke. Inngangen til teksten må viast særskild omtanke. Å lage ei verkeleg vakker tittelside (harmonsik eller dynamisk) er vanskelegare enn ein skulle tru. Det handlar om ei finstemt jobbing med avstandar, storleikar, vekter og fordeling av luft. Hand i hand med det typografiske arbeidet går vurderinga av rommet som omgjer satsen. Margane definerer tekstblokka og er eit av dei viktigaste kompositoriske verkemidla formgjevaren har. Målet er å knyte bokas tema og kjensleinnhald saman i ein einksap.
    Satsen kan ikkje eksistere utan papiret. Farge, gramvekt, bulk, om papiret er porøst eller glatt innfluerer på lesesituasjonen. Ikkje berre gjev ulik papirkvalitet ulikt trykkresultat, men papirtypen, saman med resten av bokutstyret, sender også signal om kven trykksaken vender seg mot. Ikkje minst er taktilitet ein måte å kommunisere bokas emosjonelle og intellektuelle vesen, slik designaren tolkar den.

Av Aud Gloppen

 

Litteratur:
Björkbom, Carl: Titelbladets historia. Brödrene Lagerstöms Förlag, Stockholm 1937
Hellmark, Christer: Bokstaven, ordet, texten. Handbok i grafisk formgivning. Ordfront, Stockholm 1997
Ranheimsæther, ­Ørnulf: Tanker om bokkunst. Det Grafiske Selskap i Oslo 1979.


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>