>Artikler Prosa 01|09

>Biblio9: Aktiv dødshjelp. Om biblioteknedleggjaren og hennar medsamansvorne

Astrid Sverresdotter Dypvik

Alle veit at Kommune-Noreg sparer. Men er alle klar over at 270 bibliotekfilialar har blitt spart i hel dei siste ti åra? Er det nokon som saknar dei? I år kjem ei ny stortingsmelding om bibliotek. Men medan kulturpolitiske utgreiingar og program vert skrivne, døyr norske folkebibliotek. Få protesterer. Kanskje er det fordi dei døyr så sakte at vi trur dei lever?

Prosa 01 09

> BIBLO9 Bli med å kåre Norges beste folkebibliotek!

Et søk i Google på «Norges beste folkebibliotek» ga i januar 2009 null – 0 – treff! Her må noe gjøres, tenkte vi i Prosa. Når Barack Obama kan sette bibliotek høyt på sin dagorden, er det klart vi kan! Vi vil derfor, i samarbeid med Dagbladet, arrangere en kåring der våre lesere stemmer fram det dere mener er det beste folkebiblioteket i Norge i 2009. Vi håper på stort engasjement, mange stemmer, gode begrunnelser og interessant debatt! Kåringen har oppstart samme dag som Prosa 01/09 utgis – mandag 9. februar. Se mer om kåringen www.dagbladet.no/
bibliotek.

Det er tidleg vintermorgon i Levanger. Bib­lioteket ligg midt i sentrum. Bygget ser langt meir kommunalt ut enn kommunehuset som ligg vegg i vegg – kvitt, og med fleire etasjar. Biblioteket er ein flat, steingrå betongkloss. I det eg går inn, kolliderer eg nesten med ein høgreist mann som kjem trampande ut med raske, bestemte steg. Under armen har han Olav Njølstads biografi om Jens Christian Hauge. Boka ser lita ut der inne i frakken. Kanskje har han køyrt langt og parkert ulovleg for å få tak i boka, kan det vera difor han har det så travelt?
    Det kan synast som om det finst ei ukue­leg lov om framsteg, utvikling og teknologisk innovasjon som seier at det skal bli mindre av ting. Sidan 1960-talet har det i Noreg blitt 278 færre kommunar. 595 bibliotek er lagt ned sidan 1976. Og for ti år sidan fanst det 220 fleire skular enn i dag.1 Denne mystiske utviklingslova seier oss ikkje så mykje om kvifor desse nedleggingane skjer i eit land som fram til den internasjonale finanskrisa velta inn over landet med full tyngd sist haust, var inne i ein eineståande økonomisk vekstperiode.
    Delar av forklåringa på denne kombinasjonen av økonomisk vekst og nedleggingar er å finna i SSBs nasjonalrekneskap. Den sist offentleggjorde statistikken viser den same tendensen som i det føregåande tiåret. Veksttakten i det offentlege konsumet er langt lågare enn i det private konsumet. I 2007 brukte privatsektoren i Noreg 6,1 prosent meir pengar, medan det offentlege berre brukte 3,4 prosent meir.2
    I Levanger kommune i Nord-Trøndelag har dei 18 355 innbyggjarane i kommunen berre eitt folkebibliotek. Eit einaste eitt. Både forminskingslova og paradokset med at pengane finst, men ikkje i dei offentlege lommene, kan forklåre dette. På 1980-talet hadde kommunen ni folkebiblioteksfilialar. På det meste hadde Levanger heile fjorten små bibliotek, spreidde ut over heile kommunen. Men dei små filialane vart etter kvart for dyre i drift. Dei hadde kanskje ikkje så mykje meir enn ei lita samling av bøker å by brukarane sine på, men dei var iallfall, får vi tru, nær folk og lette å ta seg fram til.
    Dei små filialane i Levanger deler lagnad med mange andre filialar rundt om i landet. Dei siste ti åra har heile 270 bibliotekfilialar blitt lagt ned. Det har også blitt færre bokbussar og bokbåtar. For ti år sidan fanst det 54 slike, i dag finst det 34.3 Denne storstilte omkalfatringa av biblioteka har skjedd utan ein brei offentleg debatt om kva eit godt bib­liotektilbod skal vera i våre dagar. Var det ingen som hadde bruk for dei lenger?

Steingrå betong Inne på det eine, framleis eks­isterande biblioteket i Levanger skal eg møta den store biblioteknedleggjaren, Guro Sivertsen Haugan. Det var ho som tok initiativet til å leggja ned dei to siste folkebibliotekfilialane i Levanger. Det var i 2001. Eg skal spørja henne om det er noko som kunne ha blitt gjort annleis, og om kvifor ein mellomstor kommune som Levanger ikkje kan halda seg med meir enn ein bibliotekfilial. Eg veit at ho kjem til å snakka om pengar som ikkje finst og om budsjett som ikkje strekkjer til. Men uansett korleis ein snur og vender på kommunekassa i Levanger og andre kommunar, er det eit faktum at våre nordiske naboland har råd til å bruka meir på bibliotek enn oss: Danmark bruker om lag tre gonger så mykje på bibliotek per innbyggjar som Noreg, medan Sverige og Finland bruker om lag dobbelt så mykje.4
    Dei siste ti åra har heile 86 kommunar lagt ned alle bibliotekfilialane. I dag har fleirtalet av norske kommunar, heile 227 av 430, berre eitt bibliotek. Desse ti siste åra har også vore ein økonomisk tilbakegangsperiode for biblioteka: I 1998 brukte biblioteka i gjennomsnitt 35,30 kroner per innbyggjar til innkjøp. I 2007 låg dette talet på 30,94 kroner. Tretti kroner! Det rekk akkurat til to aviser, ein bussbillett eller halvannan kroneis. Det er det Noreg har råd til for å «fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet», som det heiter i biblioteklova
    Golvet i biblioteket er i gråkvitt linoleum, og takljoset skarpt. Heile biblioteket ligg i ein etasje. Det er moderne og praktisk. Her er det ingen bortgøymde hyller med gamle bøker som står og støvar ned. Bokreolane er ryddige. Det luktar ikkje litteratur, men heller svakt av golvskuremiddel. På eit vis kjennest det trygt og fint, for det minner om biblioteket i den trøndelagsbygda der eg sjølv vaks opp.
I Lensvika låg biblioteket i kjellaren på skulen. Også der var golvet i slitesterkt linoleum, og ljoset skarpt. Men om ein samanliknar med Levanger, har biblioteket i heimkommunen min i 2009 så og seia eit spegelvendt tilbod. Med sine 1758 innbyggjarar er Agdenes kommune i Sør-Trøndelag ein av landets minste. Sentraliseringa har ikkje slått til der, så kommunen har to bibliotekfilialar. Men medan biblioteket i Levanger har ope ut over kvelden frå måndag til fredag, har biblioteka i Agdenes ope i til saman ni timar i veka. Både i Levanger og i Agdenes ligg bibliotekutlånet blant innbyggjarane litt under landsgjennomsnittet. Levangerbyggen låner i gjennomsnitt 4,27 bøker i året, Agdenesingane 4,14. På landsbasis er talet 5,12.5

Ekstremt dårlege Guro Sivertsen Haugan tek imot på kontoret. Ho drikk te av ein kopp med mummitroll-figurar på. Ho svarar kategorisk på spørsmålet om dei forsvunne filialane. ­­­­
    – Det er ingen som saknar dei, slår ho fast. I bokhyllene bak henne står Olav Duun sine samla verk og ei antikvarisk utgåve av Bibelen. Frå vindauget i kontoret kan ho skoda ut over ein gigantisk, men tom parkeringsplass.
    – Dei filialane vi la ned var ekstremt dårlege, og knapt i bruk, Så det vart ikkje akkurat noko ramaskrik då dei vart lagt ned, fortel Haugan. Det ikkje uvanleg at det er biblioteksjefane sjølve, og ikkje kommunepolitikarane, som tek initiativ til nedlegging. Haugan forklarar at det handlar om kvalitet. Dei to folkebibliotekfilialane som vart lagt ned i 2001, var samlokaliserte med skulebiblioteka. Barna var dei einaste som brukte tilbodet. Dermed var filialane i praksis skulebibliotek, med ei vaksenboksamling som berre stod og samla støv. Det var knapt med pengar i Levanger. Kommunen hamna på Robek-lista (Register over betinget godkjenning og kontroll), det frykta registeret over kommunar i økonomisk ubalanse, i 2001. Først i 2007 vart kommunen tatt av lista. Så biblioteket konkurrerte med skular, symjehall og ungdomshus om knappe midlar. Ikkje mindre enn fem skular vart lagt ned under den kommunale økonomiske krisa. Akkurat dette skapte større bruduljar, så den eine skulen gjenoppstod snart som ein privatdriven Montessori-skule.
    – For oss vart spørsmålet om vi skulle halda fram med å bruka pengar på to bibliotekfilialar som uansett ikkje var i bruk, eller om vi heller skulle omdisponera pengane og gi alle dei fjorten skulane i kommunen eit skikkeleg skulebibliotek, seier Haugan. Enden på visa vart å leggja ned dei to filialane, mot garantiar frå kommunen om at løyvingane til biblioteket ikkje skulle kuttast, men brukast på skulane. I tillegg vart bokbussen frå nabokommunen Verdal leigd inn. Alt i alt var denne avgjerda ikkje noko dilemma, konkluderer Haugan når eg spør om det var vanskeleg for henne som biblioteksjef å gå inn for nedlegging av bibliotekfilialane. Kva med å heller krevja opprusting og kvalitetsheving?
    – Det er ingen som har mista bibliotektilbodet gjennom nedleggingane, for filialane var ikkje i bruk. Det er bortkasta å bruka pengar på eit tilbod som ingen bruker likevel, det er betre å bruka dei der dei kjem til nytte, nemleg blant skuleelevane. Dei skal jo også oppdragast til å bli gode bibliotekbrukarar, seier Haugan. Det gjekk likevel ikkje lang tid før det vart klart at Levanger kommune ikkje hadde råd til å leiga bokbussen frå Verdalen. Dessutan viste skulebiblioteka seg ikkje å vera vedlikehaldsfrie, og dette er skulens eige ansvar, ikkje biblioteksjefens. Og skulebibliotek er noko ikkje alle skulane syntest dei kunne prioritera i ei tid der midlane var knappe, seier Haugan.
    Skulebiblioteksatsinga vart altså ikkje oppretthalden, den heller. Men Haugan meiner framleis at av dei tilgjengelege alternativa i Robek-kommunen Levanger i 2002, så var vidare drift av dei to folkebibliotekfilialane på Åsen og Skogn det dårlegaste. – Vi har snakka litt om tilbod av typen boksamling i butikk eller på ein kafé, samlingar som kan bytast ut med jamne mellomrom, men vi har førebels ikkje fått til noko godt alternativ, seier Haugan. Det er ikkje det at ho ikkje vil ha det, det handlar om ressursar, forsikrar ho.

Magneten På 1980- og 1990-talet var Levanger kjend for å ha det dødaste sentrumsområdet i Trøndelagsregionen. Det gamle sentrumsområdet med smale gater og låge trehus frå 1890-talet låg aude og einsamt. Det enorme kjøpesenteret Magneten trekte til seg all aktivitet, der det breidde seg strategisk plassert litt utanfor sentrum, like ved E6. Senteret tok livsgneisten frå sentrumsområdet. I dag kan Magneten skilta med å vera Nord-Trøndelags største kjøpesenter. Men sentrum døydde ikkje heilt, og i dag er det steingrå betongbiblioteket med på å gje liv til Levanger sentrum. Det same har skjedd i til dømes Tønsberg, der biblioteket trekkjer folk til andre delar av sentrum enn kjøpesenteret.
    Norsk økonomi har likevel hella meir i retning kjøpesenter enn bibliotek det siste tiåret. Omsettinga i norske butikkar har auka med 70 prosent dette tiåret, og landet har fått 932 nye butikkar. Opningstidene er det snart berre dei 24 timane i døgnet som set grenser for. Samstundes har dei fattige bibliotekfilialane kanskje rett og slett spara seg inn i det hinsidige. Med lite pengar, blir opningstidene kortare og utvalet stadig dårlegare. Brukarar fell frå. Etter kvart er det veldig få att som protesterer mot nedlegging. Når dødsprosessen strekkjer seg ut i tid, har vener og kjenningar av filialane alt vent seg til tanken.  Dei blir lagt ned, men var alt døde.
Fysisk fellesskap I avishjørnet på biblioteket i Levanger sit det denne vinterdagen nokre karar som les og slarvar over VG og Trønderavisa. I kroken for tidsskrift møter eg ein som tenkjer annleis enn biblioteksjefen om dei nedlagde filialane. Forfattaren Torvald Sund sit og les i tidsskriftet Syn og Segn. Han er mest kjend for barnebøkene sine om den slu og herskesjuke Onkel Oskar,  og var blant dei som protesterte då bibliotekfilialane på Skogn og Åsen vart lagt ned i 2001.
    – Det er fint at biblioteket kan tilby meir enn bøker, men kor blir det av fellesskapen? Samfunnet treng uformelle fysiske møteplassar. Det har dei gløymt oppe i alt dette snakket om datamaskiner, internett og fancy moderne løysingar for biblioteka, seier Sund som har heimekontor, og besøker biblioteket nesten kvar dag. Før brukte han det aktivt i researcharbeidet for bøkene sine, i dag har internett overtatt mykje av denne funksjonen, seier han. No går han hit mest fordi han trivst så godt her, i havet av bøker.
    – For nokre år sidan var eg på fiske på Værøy, og då sette biblioteket opp bokkassar på Fiskarheimen. Det var berre nokre få kassar, og ikkje mange titlar, men dei vart lesne. Og dei vart sett pris på. Det var ein gammal avtale biblioteket hadde med Fiskarheimen, eg synest det var veldig fint. Eg trur ikkje alltid at alt må vera så flott, nytt og moderne, seier Sund.
    Her nærmar han seg biblioteksjef Haugans tankar om små, utskiftelege boksamlingar som kan utplassert der folk samlast. Kunne det ikkje vera mogleg å gje eit bibliotektilbod som nokon vil setta pris på, utan å setta opp eit moderne fullskala folkebibliotek?
Ei irreversibel utvikling På Høgskolen i Oslo finst ein førsteamanuensis som er uroa over nedleggingsbølgja som rullar over Bibliotek-Noreg.
    – Problemet med alle desse nedleggingane, er at utviklinga verkar irreversibel. Vi kjem aldri til å få tilbake dei filialane som blir lagt ned no, meiner Svanhild Aabø, som er tilsett ved høgskulens bibliotekarutdanning. Ho trur ikkje at nedleggingane berre kjem av trong økonomi. Dette er også ei tilsikta politisk utvikling, meiner ho. – I utgreiinga Bibliotekreform 2014 frå 2006, kan ein spora ein tankegang som legg til grunn at fleire bibliotek skal leggjast ned. Utgreiinga føreslår såkalla «konsolidering» av bibliotek, der små b­ibliotek skal samlast under ein felles paraply. Det blir slått fast at det til vanleg skal vera eit bibliotek i kvar kommune. Resultatet av dette kan bli at biblioteklova sitt ufråvikelege krav om at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek blir mjuka opp, seier Aabø, som i si doktorgradsavhandling har søkt å påvisa verdien av folkebibliotek.
    Ho kom fram til at norske borgarar meiner at samfunnet får tilbake fire gongar det som blir investert i biblioteka. Biblioteka gjev dermed mykje samfunnsnytte per investert krone (og som vi hugsar, svarar innkjøpsbudsjettet per innbyggjar til halvannan kroneis i 2009-verdi). Samstundes meiner alle i undersøkinga at biblioteka blir mindre verdifulle dersom reisetida fram til dei er lang. Biblioteka må vera tilgjengelege for å vera nyttige. Både gamle, barn og andre som av ulike grunnar er lite mobile, forsvinn som brukarar om biblioteka ikkje er lett tilgjengelege. – Eit eksempel på dette er at då filialen på Tveita på Oslos austkant vart lagt ned, var det også mange bibliotekbrukarar som forsvann. Dei reiste ikkje til andre bydelar for å låna, seier Aabø.
    SSB sin statistikk over utlån i folkebiblioteka viser at talet på lån gjekk jamt opp ifrå 1960 og fram til 1990-talet. Deretter flata det ut, og utlånet har halde seg på om lag same nivå sidan. I same periode som bibliotekbruken har flata ut, har 483 bibliotekfilialar blitt lagt ned.6 I nokre kommunar har nedlegging av filialar vore følgt av ein sterk nedgang i lånetala, slik som i Folldal i Hedmark der innbyggjarane i 1998 i gjennomsnitt lånte 9,2 bøker per innbyggjar, medan dei i 2007 berre lånte 5,48 bøker per innbyggjar. Også Engerdal i Hedmark og Volda på Sunnmøre har lagt ned filialar det siste tiåret, samstundes som biblioteka har vesentleg lågare utlån i dag enn for ti år sidan. Men biletet er fleirtydig: I større kommunar som Ski og Skedsmo i Akershus har ikkje nedleggingar ført til mindre utlån, men ein svak oppgang.
    – Det som likevel er heilt eintydig, er at det er ein direkte samanheng mellom kor mykje pengar samfunnet bruker på bibliotek, og kor mange borgarar som bruker biblioteka, slår Aabø fast. I Noreg er 52 prosent av folket bibliotekbrukarar, i Danmark bruker 62 prosent av folket biblioteka, i Finland 60, og i Sverige 58 prosent. Om ein samanliknar med innbyggjartalet, bruker alle desse landa meir på bibliotek enn Noreg – Danmark tre gongar så mykje, Finland og Sverige om lag dobbelt så mykje. Nabolanda har også fleire bokbussar enn oss. I Finland finst det ein bokbuss for kvar 26 000 innbyggjar. I Noreg er det ein bokbuss per 135 000 personar.7

Dagsordenen til Giske Etter ein roleg føremiddag i Levanger, kjem det stadig fleire innom bib­lioteket når det går mot ettermiddag. Nokre er raske, og skal berre i all hast henta nokre bestilte bøker, eller levera tilbake eit par dvd-ar. Nokre går rundt og ser i hyllene, trekkjer ut bøker, kikkar, set på plass. Dei leitar. Nokre ungdomar sit med leksene.
    I ein krok har Levanger historielag kontorplass, her kan alle som har spørsmål om gardsnummer og slektsgransking venda seg. På eit av borda sit ein ung mann som eg la merke til for godt over ein time sidan. Han stod ved datamaskinene då, men akkurat no sit han og les Lonely Planet om Istanbul. Han heiter Tofik, og kom til Noreg frå Etiopia for eit år sidan. No jobbar han som reinhaldar.
    – Eg vil læra norsk. No prøver eg blant anna å lesa om trafikkreglar, fordi eg har lyst til å ta førarkort, seier han. Han fortel at han ofte er innom biblioteket. På dagar som denne, når han har fri, er han her gjerne i fleire timar. Ofte møter han folk han kjenner her også, seier han. Det er sjeldan han låner med seg noko heim. Folk på Levanger har som i kommunar flest mange ulike grunnar til å oppsøka biblioteket, og langt frå alle blir registrerte i utlånsstatistikken.
    Den sitjande regjeringa vart vald på valløfte som tydeleg var tufta på fellesskapsløysingar og ein offensiv kulturpolitikk. Men biblioteka har førebels ikkje nådd opp, verken på den kulturpolitiske agendaen, eller på agendaen for velferds- og fellesskapssatsingar i denne perioden. Kanskje kan 2009 bli året der bib­lioteka blir løfta? No har den fleire gongar utsette bibliotekmeldinga blitt varsla. Ho skal koma påske. Biblioteka ser også ut til å ha krope oppover på kulturminister Trond Giske sin agenda. I eit intervju med Aftenposten 18. desember 2008 varsla han at biblioteka skal få ein plass i kulturløftet 2.0, det nye kulturpolitiske programmet som den raud-grøne alliansen skal gå til val på. Men medan kulturpolitiske utgreiingar og program vert skrivne, døyr norske folkebibliotek. Få protesterer. Kanskje er det fordi dei døyr så sakte at vi trur dei lever?

Aasen og oss Nokre av konsekvensane av ei svak satsing på bibliotek er lette å måla. Det lar seg gjera å finna ut om utlån av bøker går opp eller ned, og å talfesta kor mange som er fornøgde med det biblioteket har å tilby. Men det er vanskelegare å finna ut kva vi går glipp av. Vi veit ikkje kva bøker folk på Tveita i Oslo ville ha lånt om bibliotekfilialen der ikkje hadde blitt lagt ned, og det er umogleg å måla kva folk i Levanger og Agdenes ikkje finn ut på grunn av få filialar eller korte opningstider. For ikkje å snakka om alt det som skjer på biblioteka som ingen statistikkar fangar opp.
    Men noko vi veit, er at ei boksamling kan få vidtrekkande og heilt uføreseielege konsekvensar. Det språket eg skriv er eit eksempel på dette. For kva hadde det blitt til med Ivar Aasen, bondesonen som ikkje var noko særleg god til gardsarbeid, utan biblioteket til Sivert Aarflot? Aarflot hadde ikkje berre bygdas beste boksamling, han dreiv også sitt eige trykkeri. Det første i sitt slag i Bygde-Noreg, her trykte han blad og kortare tekstar som vart spreidde ut over Sunnmørsbygdene. Det var i dette miljøet at kunnskapstørsten fekk si første blomstring hos han som seinare skulle skapa det nynorske skriftspråket. Aarflot hadde berre 22 dagar formell skulegang. Ivar Aasen vart heller aldri nokon akademikar. Han var sjølvlært, men vart ein av dei fremste intellektuelle i si samtid. Det var det boksamlinga som sytte for.

noter

  1. SSBs historiske statistikk: http://www.ssb.no/histstat/
  2. http://www.ssb.no/emner/09/01/nr/index.html
  3. ABM-skrift 49: «Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2007».
  4. Svanhild Aabø: «Verdsetting av folkebibliotek», i Audunson, Ragnar Andreas og Lund Niels Windfeld: Det siviliserte informasjonssamfunn, folkebibliotekenes rolle ved inngangen til en digital tid. Fagbokforlaget: 2001.
  5. Tal frå Erlend Ra, seniorrådgjevar, ABM-utvikling på e-post 18.12.08.
  6. Tal frå http://www.ssb.no/histstat/aarbok/ht-070140-297.html
  7. ABM-skrift 31: «Bibliotekreform 2014», del II.

 


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>