>Bokhandleren Prosa 06|08

Bokhandlaren i FlorÝ: Anne Sophie Juel i Bokdykk

 



<empty>

Anne Sophie Juel (39) er dagleg leiar i den nye nettbokhandelen bokdykk.no, med base i Florø. Den nystarta bokhandelen vil gje nynorske utgjevingar ekstra merksemd.

– Bokdykk.no er eit nytt tilskot på nettet med base i Sogn og Fjordane – nærare bestemt Florø. Skal bokhandelen også gje sunnfjordingane i nærmiljøet høve til å bla i og lukte på bøkene før dei handlar?
– Nei, vi skal vere ein rein nettbokhandel. Men sidan vi skal gje ekstra merksemd til nynorske utgjevingar, er det viktig for oss å vere solid forankra i eit av nynorskens kjerneområde, og då er Sogn og Fjordane eit naturleg val.
– På nettsidene til bokhandelen vert den presentert som «kulturbokhandelen på nett». No kan du få utdjupe utover slagordet!
– Det handlar både om kva bøker vi løfter fram og korleis vi presenterer dei. På bokdykk.no skal vi tore å gjere tydelege tilrådingar også utanom bestseljarane. Sjølv om vi er fullassorterte og tilbyr mykje av det same boktilfanget som andre nettbokhandlar, trur vi satsinga vår på nynorsk og regionale utgjevingar har stort potensial. Vi ser òg at folk ønskjer redaksjonelt innhald, så vi vil leggje ut forfattarstoff og råd frå både lesarar, forfattarar og redaksjonen om kva som er verdt å lese.
– Kva motiverte deg til å starte i bokdykk?
– Den ligg i eit ønskje om å løfte fram titlar som vert borte bak stablane med bestseljarar i dei store bokhandlane; å vise litt av mangfaldet.  Eg synest òg det er spennande med ei nyetablering som satsar utradisjonelt – her ligg solid gründerånd i kombinasjon med målretta strategisk arbeid bak forretningsideen. Bokdykk er etablert i samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Trond Økland, og Fagbokforlaget i Bergen står for distribusjon av bøkene.
– Ein annan nettbokhandel vi har intervjua i Prosa, Audiatur, er eit idealistisk fritidsprosjekt for ein litteraturinteressert gjeng unge menneske. Korleis er det med bokdykk?
– Jo, eg har fylgt med på Audiatur og ønskjer initiativet velkomen. Dei har jo òg tatt mål av seg til å motarbeide einsretting av litteraturen. Men til skilnad frå dei, har bokdykk to og eit halvt årsverk ved oppstart, og vi planlegg vekst.
– Kva har vore dei største utfordringane hittil?
– Det er mange praktiske utfordringar med å starte opp ei verksemd. Somme dagar anar eg galskapen i dette – at berre to fast tilsette skal dra opp ei så stor satsing, at vi er langt unna store aktørar i bransjen her i Noregs vestlegaste by. Då er det viktig å bruke nettverk og støtte ein har rundt seg. Vi vert meir synlege når vi satsar utradisjonelt, og det gir styrke å verte lagt merkje til som ein sentral kunnskapsbedrift i distriktet.
– På vegne av vanvittig mange Prosa-lesarar må eg jo spørje om bokdykk vil presentera ny, norsk sakprosa?
– Ja, både nynorsk og ny, norsk! Vi vil ha full breidde i utvalet og også trekkje fram god sakprosa.
– Kva er dine eigne sakprosafavorittar?
– Eg må innrømme at det vert mykje skjønlitteratur på meg, spesielt no om hausten. Men eg vil trekkje fram biografien om Halldis Moren Vesaas Å vera i livet. Den er fin å lese i små stykkje, og ha for all del ei lydbok i nærleiken der ho les eigne dikt – makelaust! Elles gjorde Europa av Geert Mak inntrykk – det er sagt at han er historielæraren alle burde ha hatt. Og 80 romanar för dig som har bråttom av Henrik Lange, er det sakprosa? Litteraturhistorie? Det er altså 80 romanar i teikneserieform – kvar på om lag ei side. Eg lo så eg grein første gang eg bladde i den, og no ser eg den er ute i norsk utgåve.


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>