>Min debut Prosa 04|08

Ingrid Espelid ber til bords. Mat frå TV-kjøkkenet

Ingrid Espelid Hovig



Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Ingrid Espelid Hovig (84) ble tidligere i år tildelt æresprisen i Gourmand World Cookbook Awards, en årlig prisutdeling som kårer verdens beste kokebøker. Hennes Ingrid Espelid ber til bords ble også kåret til en av de 25 «bøkene som endret Norge» i Dagbladets kåring i sommer. Hun har utgitt over 30 bøker med oppskrifter siden debuten i 1967.

Ingrid Espelid
Ingrid Espelid ber til bords. Mat frå TV-kjøkkenet   
Det Norske Samlaget 1967

 

Dette er ei bitte lita bok, så lita at det var vanskeleg å finna ho igjen i bokhylla. Og veldig tynn. Berre på 62 sider. Men det vart likevel starten på ein mangeåreg kokebokproduksjon.
    Eg hadde arbeidd som programsekretær i NRK Fjernsynet i fem år då Det Norske Samlaget tok kontakt og spurde om eg ville laga bok med oppskrifter frå Fjernsynskjøkkenet. Interessa for nye råvarer, nye rettar og nye oppskrifter var vaknande. Kvar dag fekk vi brev til Fjernsynskjøkkenet med spørsmål om oppskrifter. Så eg fall for ideen om å gi nokre av oppskriftene ut i bokform.
    La meg få sitere litt frå forordet i boka: «Dette er ikkje noka kokebok i eigenleg meining – til det er den for lite omfattande. Tanken er berre å gi ein del forslag til enkel selskapsmat og god kvardagsmat. Største kunsten er vel å skape fest over kvardagsmaten. Det tar alltid litt lengre tid å lage ein ny rett enn å få i stand dei gamle, velkjende. Men har ein først fått sansen for variasjon, vil ein fort oppdage kor mykje godt det kan lagast av rimelege råvarer. Det skal ofte lite til for å  gjera måltidet ekstra tillokkande. Ein frisk salat, ei klype krydder eller to kan vere nett det vesle som trengst, saman med litt omtanke og fantasi.»
    Matfotografia i boka tåler ikkje dagens kritiske blikk, men dei lette, vakre teikningane av Finn Graff kunne nok sprite opp mang ei bok endå i dag.
    Korleis boka vart mottatt hugsar eg ikkje. Men interessa for oppskriftene i Fjernsynskjøkkenet heldt seg, og det resulterte i at den neste kokeboka mi, Lett traktering, som kom i 1973 på Samlaget, også hadde ein del av dei mest populære oppskriftene frå matprogramma.
    Desse to små bøkene gav meg såpass sjølvkjensle at eg sa ja då Gyldendal i 1975 bad meg skrive Aleneboerens kokebok. Seinare har eg halde meg til Gyldendal. Å arbeide med kokebøker er blitt ein viktig del av livet mitt. Når ein blir åleine er det godt å fylle kveldar, helger og ein del av feriar med meiningsfylt arbeid. Det er også ei velsigning for den som oppnår å bli pensjonist at det framleis er nokon som har bruk for deg. Sidan eg «bad til bords» i 1967 har det blitt omlag 30 bøker frå eiga hand pluss fleire i samarbeid med andre. Eg har også redigert, oversett og vore fagkonsulent på ei rekkje norske og utanlandske kokebøker. Festleg og interessant arbeid! Ei av bøkene  eg vil trekkje spesielt fram er Den rutete kokeboken, eit samarbeid Gyldendal har med det svenske ICA bokförlag. Boka er ei basiskokebok som i tillegg inneheld god norsk tradisjonsmat, moderne mat og internasjonale rettar. Det er ingen ting som varmar hjarta mitt meir enn når folk kjem og seier at «den rutete» bør finnast i alle norske heimar!
    For den som er komen så langt opp i åra at ein har «fremtiden bak seg» som Wenche Foss seier, er det naturleg å tenkje bakover, på enkel, god kvardagsmat som har halde meg frisk og i form eit langt liv, på festmat til store høgtider, på eksplosjonen av nye råvarer frå slutten av førre århundre – og heilt til i dag. Den siste boka mi har derfor fått tittelen Matminner. Men heldigvis ligg det framleis uskrivne bøker framfor meg ...


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>