>Fagforleggeren Prosa 03|08

Torkjell Djupedal: Selja Forlag

 

«Mottoet mitt er at dei fleste bøker enno ikkje er laga, og at vi jobbar med saka!»

Torkjell Djupedal

Torkjell Djupedal (51) er forleggjar i Selja Forlag, som med base i Førde gjev ut bøker om og for heile Vestlandet. Han var avis- og radiojournalist i 12 år før han i 1995 starta Selja Forlag, som i dag har tre tilsette og gjev ut kring 15 bøker i året. Djupedal har sjølv skrive tre kulturhistoriske bøker, m.a. om klosteret på Selja.

Kvifor jobbar du med faglitteratur? Då eg var liten, låg eg på golvet og las leksikon og atlas. Eg har alltid vore oppteken av geografi og historie, og ringen var på mange måtar slutta då eg kom i gang med forlagsarbeid, der eg kunne leve av det eg synest var kjekkast å halde på med. For meg er dei beste historiene frå den verkelege verda. Det finst uendeleg med gode og spennande historier, og mange gode forteljarar. Det beste med forlagsarbeidet er å skape bøker i lag med forfattarar og fotografar, og helst bøker som eg likar å tru er viktige også for andre. Vi er også stolte over at bøkene våre er på nynorsk. Då blir det «ekte vare» frå Vestlandet.

Faglitterære favorittar frå eige forlag Den første boka som gav Selja Forlag eit løft var Fjordamat i 1999, som både er ei flott kokebok og ei kulturhistorisk reise i vestlandske matskikkar. Den tittelen vi har nådd aller lengst med er Opptur, som kom for Sogn og Fjordane i 2005 og Hordaland i 2007. Opptur-bøkene er på minst 650 sider og inneheld eit vell av fotturar frå kvart fylke. Alle turane er flyfotograferte og har ein innteikna strek som viser kvar turen går, og dette grepet har løfta bøkene mykje. Eg er også stolt over ein «smal» serie med fire flotte historiebøker om kjende mellomalderpersonar frå Sogn og Fjordane som har nådd langt ut i verda: Ingolfr Arnarson som grunnla Island, dronning Ingerid frå Stårheim, Audun Hugleiksson og riddarane av Losna.

Faglitterære favorittar frå andre forlag Frå yngre år på 1960–70-talet var Gyldendals store leksikon favoritten. Bøkene om Thor Heyerdahls ekspedisjonar slukte eg også. Eg har alltid også hatt sansen for atlas, bygdebøker og biografiar. Som fersk forleggjar var Kulturhistorisk vegbok for Hordaland (Nord 4 og Hordaland fylkeskommune, 1993) eit førebilete: det var nettopp slike bøker eg ville lage. Boka kombinerer på ein framifrå måte historie og geografi for den som er på reisefot. I same ånd er Strilesoga i fem band (Eide forlag, 1996–2001) og Vestlandets historie i tre band (Vigmostad og Bjørke, 2006), som eg er svært imponert over. Betre region- og landsdelshistorie finst ikkje. Som nynorskforleggjar har førebiletet mitt vore Det norske Samlaget, som kvart år har gode titlar å by på. Ei framifrå framstilling av nynorskhistoria er Viljen til språk av Ottar Grepstad (Samlaget 2006). Mellom mange gode biografiar vil eg nemne Jakob Sande. Lliv og dikting av Ove Eide (Samlaget 2006)

Kva for bokprosjekt drøymer du om å realisere? Mottoet mitt er at dei fleste bøker enno ikkje er laga, og at vi jobbar med saka! Lista over gode prosjekt og idear er lang, der fellesnemnaren (stort sett) er sakprosa frå Vestlandet. Når vi bur i verdas flottaste landskap, er gode og kunnskapsrike reisehandbøker noko vi vil arbeide vidare med. Det er enno mykje å hente på å lage gode norske reisehandbøker, ikkje berre for Vestlandet.

 


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>