>Anmeldelser Prosa 03|08

Introduksjon til tekstkultur

Tina Beate Goa Fagerheim

Ei viktig gjerning i Hva er sakprosa er å gjere lesaren medviten om alle dei «sjanger­lause» tekstane me møter og bruker til dagleg. Johan L. Tønnesson foreslår ein ny sjangerinndeling av sakprosaen: funksjonell og litterær. Kan alle sakprosatekstar fordelast enkelt og greitt på desse kategoriane?

Hva er sakprosa

Universitetsforlaget reklamerer med at­ ­bøkene i «Hva er»-­serien skal gi «begynneren stimulerende møter med ukjente tema, og den viderekomne nye perspektiver». Prosa har derfor utfordret både en student og en erfaren sakprosa­anmelder til å svare på om Johan L. Tønnesson lykkes i dette i sin bok Hva er sakprosa.

Johan L. Tønnesson
Hva er sakprosa
159 sider
Universitetsforlaget 2008

Anmeldt av
Tina Beate Goa Fagerheim

Ein ting verkar i alle fall klårt for tida: Det skjer mykje rundt sakprosaen. Den får fleire eigne redaktører i forlaga. Aschehoug og Universitetsforlaget har starta sakprosa­skole. Og NRK P2 satsar på programmet «Sakprosa». Heng dette saman med den høveleg nye innkjøpsordninga for sakprosa? 50 titlar i året kjøpast inn til norske bibliotek. Ein kjempemarknad? Johan L. Tønnesson krevjar i den aktuelle tittelen ei vesentlig auke.
    Premieren på «Sakprosa» opna fredag 4. april med ein fem-på-gata. Kva veit du om sakprosa? «Ingenting» og «veldig lite» svara nokon. «Ikke noe jeg forholder meg til til daglig,» svara ein annan. Radiomakaren måtte treffe på ein kar som vonleg dagleg er inne på nettsida for Forskningsmiljøet Norsk Sakprosa for å få eit svar med skikk: «Det er en tekst som har et saklig innhold. Innholdet er ikke fiktivt, som i skjønnlitteraturen,» definerte han. Mannen heiter William Gunnesdal. Han er tidlegare lærar for verdas fyrste sakprosaprofessor, Johan L. Tønnesson, og han har nyleg tipsa eks-eleven om ei ny dansk sakprosabok. Sakprosaentusiastane er nok førebels på fornamn.

Sakprosa dagen lang Sidan boka er introduserande i si form kan ein vente at den vil bli lese av folk med høveleg lite kunnskap om emnet. Eg er vel sjølv ein sånn lesar. Det vil seie: Eg har fått med meg noko sjangerlære frå universitetet. Det næraste eg kom sakprosaen var essayet, som den siste og mest tvilsame av dei fire store litteratursjangrane, og som me fann i mellomsjiktet mellom kunst og vitskap. Essayet, og det har eg lært av Tønnesson, er berre ein av mange uttrykksformar som omfattast av sakprosaomgrepet. For sakprosa er ikkje berre intellektuelle og evig aktuelle essays. SMS-ane mine er sakprosa: «Koss går d m oppg? Middag 1800?», og vaskeanvisinga på genseren min «Hand wash only. No tumble dry», og sjølvsagt Facebook-meldingar og stortingsmeldingar. Lista er lang. Så jo, du møter nok ulike sakprosatekstar kvar dag, heile dagen.
    Dette har eg lært av å lese Hva er sakprosa: Alle tekstar som verken er fiksjon og/eller går på vers er sakprosa. Sakprosaen «særkjennes av sitt i hovedsak direkte forhold til virkeligheten» (25). Den er samfunnet sitt «lim og hukommelse» (7), og tekstane er ein hovudveg til danning (9). Sakprosatekstane er heilt sentrale i samfunnet vårt, og ein kjem ikkje langt utan å både tileigne seg og produsere sakprosatekstar – det må både politikarar og handballag gjere.

Litterær og funksjonell Tønnesson foreslår ein ny måte å definere og dele inn sakprosaen. Han foreslår å dele sakprosaen inn i to hovudformer. Den litterære sakprosaen er kort fortald tekstar i bøker eller tidsskrift. Sjangerkrava til den funksjonelle er som han seier «intimt forbundet med deres tiltenkte funksjon» (34), som til dømes i SMS’en og legeartikkelen. Denne definisjonen er for meg viktig for å forstå sakprosaen. Samstundes skulle det vere interessant å diskutere nokre av definisjonane. Avisartiklar, til dømes – er dei «berre» funksjonelle? Men sakprosasjang­rane må ikkje rangerast i høve til verdi, seier Tønnesson (50). Sjølv om sakprosaen er viktig, er desse tekstane marginalisert. «Sakprosaen [er] utdefinert av det skjønne selskap» (27), og har tapt mykje merksemd og støtte, kanskje på grunn av skjønnlitteraturen sin status. Skjønnlitteraturen kjenner seg kanskje truga av sakprosaen. For eitt år sidan stemte Norsk Forfattersentrum ned eit forslag om å gi faglitterære forfattarar moglegheita til å søkje medlemskap (16). Den urettmessige skakka må rettast opp av ein sterk sakprosapolitikk, krevjar Tønnesson.
    I slutten her blir forfattaren polemisk. Men han underteiknar sine eigne lovordtekstar til sakprosaen med namn som kunnskapsminister og kulturminister, og skjuler delvis seg sjølv som politisk kjempar.

Pop sakprosa? Hva er sakprosa har greidd å formidle mykje. Forfattaren er tydeleg på at han meiner alle sakprosatekstar er like viktige. Den politikken følgjer han opp på ein god måte. Tønnesson presenterer lesaren for ulike tekstkulturar og viser korleis dei fungerer og korleis tekstane er bygd opp. Han går gjennom essayet, bloggen og den strengt strukturerte legeartikkelen. Representantar for både den litterære og den funksjonelle sakprosaen er omtala – faktisk med hovudvekt på dei funksjonelle tekstane. Det er nok eit mål for forfattaren å gjere lesaren medviten om språk og kommunikasjonsmåtar i alle dei tekstane som omgir oss dagleg. For sakprosaen fell gjerne så langt utanfor fenomenet sjanger at me nesten trur dei enkelte tekstane ikkje er konstruerte i det heile. Om nokon ukritisk oppfatta sakprosateksten som ei direkte spegling av røynda, så gjer dei det ikkje lenger etter å ha lese denne boka.
    Er så sakprosa pop? Ja, rundt den litterære sakprosaen er det mykje som skjer. Den funksjonelle, som er innvikla i kvardagen og samfunnslivet på ein nesten usynleg måte, har vel meir makt avdi den får så lite merksemd. Difor synest det riktig at Tønnesson bruker god plass på sist nemnde tekstar – ja, til og med skriv mest om den funksjonelle varianten.
kampskrift Det politiske oppropet er dominerande i denne boka. Her dreier det seg om den litterære sakprosaen, og det er vel rett og rimeleg. Bloggen krev få kroner å drive, produksjon av legeartiklar blir helde ved lag fordi dei er ofte er livsviktige, og avisene har førebels både lesarar og pressestønad.
    Sakprosateorien som er med i Hva er sakprosa blir i stor grad presentert med støtte i sakprosatekstar som på ein eller annan måte fungerer i offentlegheita, som til dømes artikkelen «Når følelser erstatter argumenter» av Janne Haaland Matlary (Aftenposten 16.08.06). Den gjennomgåande koplinga teori–studieobjekt er boka si største styrke: lesaren lærer både å skrive og forstå sakprosa. Sidan saka er ’tekst’, er det også fruktbart at forfattaren skiftar mellom ulike sjangrar, som til dømes intervjuet, gjennom heile boka.

Teorisakn Eg saknar at Tønnesson presenterer teoretikarar innan faget nærgåande. Tyskaren Gerhard Haas sin essayteori blir godt presentert, fordi den gjev eit grunnlag for analyse av essayet. Julia Kristeva sitt interteks­tualitetomgrep blir tøtsja: «Fortidens tekster finnes innskrevet i alle tekster» (115). Tønnesson sjølv seier at sakprosateksten både er «en historiebok og et framtidsscenario» (124). Eg ville ha føretrekt at fleire teoretikarar i større grad kom til orde. Sakprosaomgrepet oppstod fyrst i 1938, men det finst flust av teoretikarar som jobbar med emne som rører ved sakprosaen: språk, filosofi, kommunikasjon, sosiologi, retorikk, litteratur, med fleire. Tønnesson har trekt fram mange teoretikarar frå desse fagfelta, men eg får gjennomgåande lite kunnskap om dei. Kanskje måtte teorien ofrast til fordel for politiske kamprop og tekstanalyse? Teorien vert mest name-dropping med tilhøyrande forklårande stikkord. Kanskje er det likevel ein riktig prioritering, fordi «begynnaren» får eit godt grunnlag for å ta fatt på eigne studiar. Det er vel meininga at denne boka til «verdas første sakprosaprofessor» skal fungere litt som ein reklamekampanje for sakprosaen som fag? 

God intro Hva er sakprosa handlar om seg sjølv, teksten du les nå, og om alle andre teks­tar. Eg, «nybyrjaren», har fatta at sakprosatekstane røynleg heng i hop. Me kan tenkje oss at ein tekst alltid har noko han skulle ha sagt til ein annan, og så viklar dei seg inn i ein kjempesamtale som me liksom skal halde styr på. Då er det ålreit at me kan laga nye tekstar som freistar å forklåre kva det er me hanskast med, som til dømes Hva er sakprosa.
    Eit av føremåla med «hva er-bøkene» til Universitetsforlaget er å gi nybyrjaren eit stimulerande møte med nye tema. Bøkene skal gi openheit om kunnskap, og dei er difor med på å støtte ideologien bak norske universitet. Hva er sakprosa har for meg opna opp eit fagfelt som eg gjerne vil vite meir om. Reklameteksten til forlaget seier at også den vidarekomne skal få nye perspektiv. Det får vere opp til den erfarne kritikaren å vurdere.

 


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>