>Min debut Prosa 02|08

Hersketeknikk

Hilde Sandvik



Hilde Minde. Foto: Knut Egil Wang

Hilde Sandvik (37) er debattredaktør i Bergens Tidende. I tillegg til debutboka Hersketeknikk, har ho utgitt boka Diverse teikningar, om teiknaren Marvin Halleraker (2007).

Hilde Sandvik og Jon Risdal
Hersketeknikk. En slags håndbok
230 sider
Spartacus 2007

DET ER NOKSÅ NØYAKTIG EITT ÅR sidan eg sat i studio på God Morgon Norge på TV 2 saman med Jon Risdal. Boka vår Hersketeknikk kom ut denne dagen. Våren hadde vore full av arbeidskonfliktar. Valla-saka, krangelen med idrettspresidenten, og no altså arbeidarpartipolitikaren som meinte partileiinga hadde brukt hersketeknikkar mot han. Ein skulle tru vi hadde bestilt merksemda.
    Nær tretti år etter at sosialpsykolog og SV-politikar Berit Ås hadde gjort ordet politisk verksamt gjennom sine fem hersketeknikkar, hadde vi sett på ordet på nytt. Det var trong for å gjere det, meinte vi, fordi makta flyttar på seg, men også fordi ordet var i ferd med å misse meining. Å skulde nokon for å drive hersketeknikk er den sterkaste hersketeknikken av alle, var blitt til eit mantra i den politiske debatten. Stadig fleire kvinner har rykka opp i maktposisjonar. Difor meinte vi også tida var inne til å sjå på kvinners hersketeknikkar. Vi skulle fange høgt og breitt, gjere det attkjennande for «fiskaren i Berlevåg», som ein av dei mange konsulentane noko uventa skreiv i ei tidleg attendemelding. Samstundes skulle vi altså sitje på skuldrene til ein kvinnepolitisk bauta.
    Går det an å seie høgt at eg angra?
    Etter først å ha undersøkt litteraturen – det er skrive oppsiktsvekkjande lite om hersketeknikkar, men mykje om makt – samla vi døme frå media og oppsøkte informantar i ulike miljø for å be dei fortelje sine historier anonymt.
    Omgrepet vi skulle sirkle inn har ikkje noko vitskapleg definert ramme. Vi baksa oss difor framover gjennom kjønns- og klasseproblematikkar, via offerrolla, til spørsmål om intensjon og verknad. Når Göran Persson seier han ikkje medvite snudde ryggen til centerpartipolitikar Maud Olofsson i ein TV-debatt, må ein tru han på ordet. Men var det ikkje likevel ein hersketeknikk? Hadde han gjort det om han hadde respektert henne?
    Heile tida, både i litteraturen og i samtalane vi hadde med informantane, støytte vi også mot sjølvhjelpslitteraturen sitt mantra om å vere sin eigen lukkes smed, ei ubehageleg påminning om at samtida ikkje tek den som kjenner seg krenkt heilt på alvor. Etter at boka kom ut har desse spørsmåla blitt stilt om att og om att. På seminar og konferansar, i små og store forsamlingar landet over har eg fått treffe menneske som har blitt utfordra til å tenkje vidare. Kommunalt tilsette, forskarar, politikarar, lokalavisjounalistar og butikkarbeidarar har fortalt sine historier. Ikkje overraskande har det vore flest kvinner i forsamlingane som har drøfta kva dagens hersketeknikkar er, og korleis ein kan bruke kunnskapen om dei til å kome seg vidare.
    Det er der ute, ikkje når Nettavisen ringer og vil ha ein kommentar til om Idoldommarane driv med hersketeknikk, at eg skjønar kvifor vi skreiv boka. Eller som då ei ung kvinne reiste seg opp og sa at å lese om andre fekk henne til å skjøne kva ho sjølv hadde opplevd. Det hjelpte henne til å få tru på seg sjølv, sa ho. Det er då, i slike augneblink, eg er glad for at vi gjorde dette.

 


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>