>Fagforleggeren Prosa 06|07

Håkon Kolmannskog: Forlaget Manifest

 



Håkon Kolmannskog (33) er sjefredaktør i det nystarta Forlaget Manifest, tilsett frå februar i år. Han er utdanna historikar og er tidlegare debatt-redaktør i Klassekampen. Kolmannskog har vore aktiv i målrørsla og på venstresida i ei årrekkje.

 

 

 

 

 

 

«Eg meiner særleg debattbøker vil vera ein god stad å starta dette arbeidet.»

I det nystarta forlaget manifest er det berre ein tilsett, men det er ikkje eit einmannsforlag. Attom Forlaget Manifest står Forlaget Oktober og Stiftelsen Manifest, som er ei venstreorientert tankesmie etablert av den nye generasjonen på norsk venstreside. Med meg i forlaget har eg sju andre redaksjonsmedlemmer som diskuterer bokidear, moglege forfattarar – og korleis vi skal ta over Bok-Noreg.

Kvifor jobbar du med faglitteratur? Det trengst ei motvekt til det marknadsliberalistiske hegemoniet som er etablert i så mange av dagens statlege og private institusjonar, parti og lærebøker. Men slikt kjem ikkje av seg sjølv. Etter mange år på norsk venstreside og som debattredaktør i Klassekampen, vart det tydeleg for meg at venstresida manglar eit systematisk intellektuelt arbeid for å utvikla ny kunnskap, tenking og politikk. Ei ny og betre venstreside treng å bryna ideane sine i større format og i langsamare tempo enn venstresida si avisålmente har rom for. Difor har eg og fleire av eldsjelene i den nye generasjonen venstreintellektuelle valt å leggja krefter ned i eit langsiktig forlagsarbeid. Eg meiner særleg debattbøker vil vera ein god stad å starta dette arbeidet.

Faglitterære favorittar frå eige forlag Her vil eg gjerne trekkja fram Magnus E. Marsdals bok Frp-koden. Dette er ei bok som illustrerer godt kva vi vil med bøkene våre: Boka er velskriven, veldokumentert og vesentleg. I tillegg til å gje ei djupare forståing av Carl I. Hagen og Frp, vender forfattaren også blikket mot seg sjølv, venstresida og middelklasseelitens forakt for «folk flest». «Hemmeligheten bak Fremskrittspartiets suksess» handlar såleis ikkje berre om Frp, men også om oss som elskar å hata Frp. Frp-koden er elles den einaste boka vi har gjeve ut til no, men fleire er på veg!

Faglitterære favorittar frå andre forlag Nett no er det den svenske journalisten Lena Sundström si bok Saker jag inte förstår och personar jag inte gillar (Leopard förlag 2005). Sundström skriv personleg, humoristisk og forståeleg om keisame og tunge politiske spørsmål som alkoholpolitikk, pensjonssystem og strømprisar. Etter kvart som boka skrid fram, forstår vi at dette eigentleg er ei bok om sosialdemokratiet som vart borte. Og så har boka verdas beste tittel!

Kva for bokprosjekt drøymer du om å realisera? Eg arbeider med slike kvar dag! Men for å ta i litt, kva med dette: Eit tverrfagleg historie- og sosiologiprosjekt med tittelen Venstresidas verdshistorie 1789–1989. Her vil arbeidarrørslene og venstrepartia sine ulike nasjonale historier bli samanlikna og diskutert i ljos av nyare teoriar om sosiale rørsler og sosiologiske analysar av rekruttering og medlemssamansetjing. Forskarane skulle hatt påbod om å arbeida tverrfagleg og forbod mot å moralisera. Boka ville gjeve alle som kjempar for ei rettvis verd kunnskap og reiskapar til å arbeida vidare. Og ammunisjon mot dei som påstår at sosialisme har noko ibuande «totalitært» i seg..


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>