>Min debut Prosa 04|07

Det stille alvoret

Knut Olav Åmås



Foto: Øystein Gilje

Knut Olav Åmås (39) er redaktør og kommentator i Aftenposten. Han er cand.philol. i filosofi og dr.philos. i medievitskap, og har vore forlagsredaktør i Universitetsforlaget og redaktør i Samtiden. Han fekk i år «Den store journalistprisen» av Norsk Presseforbund, og delte prisen for «Årets tidsskrift» (som gjekk til Samtiden) med Cathrine Sandnes.

Knut Olav Åmås og Rolf Larsen
Det stille alvoret.
Ludwig Wittgenstein
i Norge 1913–1950
182 sider. Etterord av Kjartan Fløgstad
Det Norske Samlaget 1994

Å gje ut mi første bok tydde mykje for meg. Det er tretten år sidan Det stille alvoret kom ut, og eg skreiv den saman med Rolf Larsen, poet og journalist som døydde for nokre få år sidan. Eg studerte då i Bergen, og arbeidde som redaksjonssekretær for forskingsmagasinet til universitetet. Det var i samband med jobben eg fekk ideen til å skriva ei bok om den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889–1951) og åra han budde i Norge. Han hadde nokre av dei beste arbeidsperiodane sine i Skjolden inst i Lustrafjorden, men historia om åra hans i Norge var ikkje fortald.
Wittgenstein-arkivet blei etablert ved UiB i 1990. Arkivet skulle digitalisera dei 20 000 manuskriptsidene. Det stille alvoret blei både ei heilskapleg forteljing om Wittgensteins liv, med vekt på åra i Norge, og ei kort framstilling av tenkinga. På same tid jobba vi med ei bok på engelsk, på Solum forlag. Wittgenstein and Norway redigerte vi saman med filosofen Kjell S. Johannessen. Dette blei ei artikkelsamling der norske og utanlandske filosofar skreiv, og med same todelinga mellom biografi og filosofi.
Biografi er for meg eit humanistisk-fagleg prosjekt med sin eigen legitimitet: Å forstå eit menneskeliv, ubunde av om livet kastar lys over verket.
Eg var spent då Samlaget og Solum saman lanserte dei to bøkene på Hotell Continental i Oslo. Vi hadde funne mykje nytt kjeldemateriale, men på lanseringsdagen kunne Wittgenstein-etterfølgjaren Georg Henrik von Wright fortelja oss og journalistane at det nett var oppdaga nye, ukjende dagbøker, mellom anna skrivne i Skjolden. Tanken slo meg: Var boka vår utdatert allereie utgjevingsdagen? Det viste den seg ikkje å vera. For meg blei lanseringa byrjinga på fleire prosjekt, mellom anna hovudoppgåva, ein Wittgenstein-monografi og fire omsetjingar til norsk av von Wright og Wittgenstein – ikkje minst Den ukjente dagboken.
Debutboka selde ikkje så verst og fekk bra kritikk. Det gjorde inntrykk på ein debutant å bli meldt av Karsten Alnæs, Tor Obrestad og Lars Roar Langslet. Dei tok prosjektet vårt alvorleg, vurderte det utan å fremja alskens eigne ærend. Eg trudde dette var ein sjølvsagd ting. Først litt seinare oppdaga eg at det vesle som finst av norsk sakprosakritikk, iallfall i dagsavisene, for ofte er prega av ein bedrøveleg mangel på tyngd.
Opplevingane debutboka førte med seg, sit enno i kroppen: Å bli kjend med fascinerande Skjolden og herlege Sogn og dei siste gjenlevande der som møtte Ludwig Wittgenstein – og ikkje minst å møta nesten alle hans attlevande vener, både adelsdama han ville gifta seg med, siste mannlege kjærasten hans og Georg Henrik von Wright og Knut Erik Tranøy, dei finaste gentlemen eg har møtt i akademia.

Seinare utgjevingar Ludwig Wittgenstein (2000), Elsk meg litt, elsk meg lenge. Homofil kjærlighet i hundre år (redaktør, 2000), Norsk homoforskning (redaktør, 2001), Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge (2004), Venner for livet (redaktør, 2005), Livet med kreft (redaktør, 2007) og Verdien av uenighet. Debatt og dissens i Norge (2007).


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>