>Anmeldelser Prosa 03|07

Fotohistorie utan samtid

Katrine Sele

Peter Larsen og Sigrid Lien skriv glimrande om den tidlege norske fotohistoria. Men jo meir forteljinga deira nærmar seg vår eiga tid, jo mindre interessant vert ho.

<empty>
Peter Larsen og Sigrid Lien
Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering
343 sider, illustrert
Samlaget 2007

Meldt av Katrine Sele

Utanpå ser boka merkeleg trist ut, til å vere ei bok om fotografiet. Fem små bilde er lappa saman, tilsynelatande tilfeldig: Knut Hamsun under landssviksaka, eit daguerreotypi av ein gut i matrosdrakt, eit sensuelt landskap av Dagbladets Tom Martinsen og to identiske kvinner ved kjøkkenbordet– ein manipulasjon av kunstnaren Vibeke Tandberg. Som diffus bakgrunn ligg eit eldre fotografi i bleike gråtonar: ei scene frå eit gammalt tun, med tømmerhus, tønner, steinmur og grind.
Alt no lyser det av boka: pensum, typisk lærebok, litt om alt, alt om ingenting, pliktløp. På innsida er det ikkje stort betre: utforminga er traust og få fotografi får den presentasjonen dei fortener. Bør ikkje ei bok om bilde vere ei visuell oppleving?
Men teksten inviterer meg inn. Han er velskriven, har retning og energi. Eit dikt av Noregs første fotograf, Hans Thøger Winther, opnar historia. Han skildrar fotografiet «som var det av Alfer fremtryllet!» Og han har rett: Fotografiet er magisk. Eg vil vite meir. Eg les.
vår tids kronikørar Som skrivande journalist har eg eit ambivalent forhold til fotografiet. Privat er det ein reiskap for å byggje forteljingane om livet mitt. Albumet er familiens paradegrein: Medan vi lagar det, vert vi samde om familiens felles historie, korleis vi skal hugse ting. I journalistikken er det annleis. Det gode avisbildet fascinerer meg – eg fortaper meg i dei mange moglege historiene det kan romme. På same tid kan eg ofte føle meg underkasta fotografiet. Det dominerer spaltene stadig meir, medan teksten skal krympast. Utan gode bilde, har du inga historie: Det er som hendinga ikkje har funne stad, om ho ikkje er fotografert. Min samarbeidspartnar gjennom to dokumentarbokprosjekt, Bergens Tidende-fotograf Oddleiv Apneseth, forsikrar meg stadig: Teksten er alltid viktigast, for det er berre gjennom den du verkeleg kan forstå tinga. Men slik eg ser det, er fotografane vår tids fremste kronikørar. Det er deira forteljingar som dominerer heile vår samtid.
I ei tid der fotografiet gjennomsyrer kvardagen og vår forståing av verda og oss sjølve, er det på tide med ei oppdatert norsk fotohistorie. I 2000 kom boka Pas nu på! Nu tar jeg fra Hullet! Om fotografiens første hundre år i Norge av Roger Erlandsen, men denne versjonen av norsk fotohistorie stoppar i 1939. Sidan då har utbreiinga av fotografiet vore formidabel. Kva kodar og sjangrar må vi kjenne for å tolke bilda som dagleg strøymer mot oss frå mobiltelefonar, internett, TV og aviser? Korleis og kvifor har desse bildespråka vokse fram? Og kva verknad har dei på kulturen og samfunnet vårt?

Levande tidsbilde Forfattarane Peter Larsen (professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen) og Sigrid Lien (førsteamanuensis i kunsthistorie ved UiB) har begge delteke i det fleirårige forskingsprosjektet «Fotografiet i kulturen». Dei har vore opptekne av å utvide feltet for den tradisjonelle fotoforskinga, som først og fremst har har vore retta mot kunstfotografiet. Målet for prosjektet har vore å studere det store mangfaldet av sosiale og kulturelle samanhengar som fotografiet inngår i – vitskap, media, privatalbum, osv. Larsen har gitt ut kritikarroste bøker om dei tidlege fotografane og om filmmusikk.
Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering inngår i ein serie lærebøker frå Samlaget om visuelle tema. Dei tidlegare to bøkene i serien har handla om norsk kunsthistorie og norsk arkitekturhistorie.
Boka byrjar bra. Skildringa av dei første norske fotografane og førestellingane om det nye mediet på 1800-talet, gir eit levande og til tider vittig tidsbilde. Larsen og Lien får fram den himmelstormande, teknologiske optimismen som omfatta oppdaginga av fotografiet og dei mange andre oppfinningane som dukka opp i same tidsrommet, den eine meir merkverdig enn den andre. For eksempel kunne publikum lese om ei dansemaskin i ein notis i Ny Hermoder i 1843: «En Mekanikus» så god til å dansa og gje kompliment at ma-skina ikkje ville «efterlade Noget at ønske» hos damene. I ein annan notis kunne dei lese om korleis «Afrikas mest moderne Mand», Greven av Tunis, «fordriver Tiden med at daguerreotypere og drikke Champagne, medens hans Favoritinde spiller for ham paa et kostbart Pianoforte». Etter kvart blir denne eksotiske, halvt magiske oppfinninga ein del av dagleg-livet til folk i Noreg. Portrettfotografiet, først eit privilegium for det urbane borgarskapet, blir demokratisert, og talet på sjølvstendige fotografar veks raskt rundt hundreårskiftet.

Fotografar og miljø Gjennom skildring av dei tidlege fotografane – Marcus Selmer, Knud Knudsen, Axel Lindahl, Anders Beer Wilse – får forfattarane fram utviklinga av fotografiske sjangrar i den tidlege fotohistoria. Dei første norske fotografane var sterkt prega av den gryande nasjonalkjensla på 1800-talet. Selmer innleidde den fotografiske utforskinga av norske drakter og folkeliv, og synte ein tidstypisk trong til å etablere ny kunnskap gjennom system og kategoriar. Draktstudia vart opptakta til ein meir dokumentarprega fototradisjon. Både Selmer og lærlingen hans, Knudsen, tok gradvis til å fotografere menneske i sine eigne miljø, utan dekorative bakteppe eller rekvisittar. Romantiske, idealiserte motiv vart etter kvart supplerte med meir realistiske og rå scener frå kvardagslivet, til dømes Selmers Ganepike fra Espevær, som står i tilsølt kjole midt under arbeidet med å salte sild. Den framveksande turismen vart humoristisk skildra gjennom blikka til Lindahl og Wilse – mellom anna ei kosteleg, halv-surrealistisk scene der ein elegant kledd turist på velosiped poserer på eit gardstun blant folk og fe og tømra hus.
Larsen og Lien held fram med å skildre 1800-talsfotografiet og forholdet til kunsten, det tidlege fotografiet i blad og aviser, bruken av fotografiet i forsking og samfunnsvitskap, framveksten av kunstfotografiet, reportasjefotografiet i krigs- og etterkrigstid, digitalisering av fotografiet og fotografiet i den nyare bildekunsten. Dei går kronologisk til verks, tek føre seg markante fotografar og fotografiske miljø, som fotoklubbane, bildebyrået Manité og krinsen rundt bladet Aktuell. Iblant reflekterer dei over internasjonale straumdrag som påverkar det norske fotografiet: piktoralismen, kvardagsrealismen, amerikansk «street photography», den strengare tyske modernismen og søkinga etter det «reine» fotografiet. Parallelt skildrar forfattarane den teknologiske utviklinga som gjer fotografiet til eit massemedium og banar veg for den moderne fotojournalistikken.

Uinteressant samtid? Eg set pris på å få innsyn i desse samanhengane, og fram til litt etter krigen kjennest det som forfattarane har godt grep om materialet. Men jo meir dei nærmar seg samtida, jo mindre interessant vert boka. Eg undrar meg over at dei delene som burde interessere meg aller mest utifrå eige yrke, nemleg dei som handlar om fotojournalistikken, er såpass tunge å komme igjennom.
Med eitt slår det meg: Forfattarane har ingenting nytt, ingenting viktig å seie om samtidas pressefotografi! Heller ikkje om alle dei nye funksjonane bildet har fått i kanalar som internett, TV, mobiltelefoni og reklame. Kva har dagens bildeestetikk fått å seie for kjønnsroller, seksualitet og konsum i samfunnet vårt? Kva betyr det at folk i vår del av verda bruker store delar av tida si i ein mediert, sekundær røyndom, framfor skjermer, bombadert av bilde? Og kva med dragninga så mange unge kjenner mot å eksponere seg gjennom bilde på nettet? Ingenting av dette er nemnd med eitt ord i boka.
Forfattarane går derimot grundig til verks med å forklare dei teknologiske framskritta frå xylografi til offset-trykk til digitalisering. Men uttrykket og innhaldet i dei dominerande fotografiske språka i dag, let dei ikkje til å ha noko grep om eller interesse for. Av nyare pressefotografiske tradisjonar, tek dei berre føre seg eit nokså avgrensa og særnorsk fenomen frå åttitalet, då enkelte fotografar overregisserte bilda sine for å framheve billege tekstpoeng. Dei viser finansminister Gunnar Berge som hausten 1986 poserer på framsida av VG med ein ispose på hovudet for å illustrere jappe-blåmåndagen. Likeleis stod Per Kleppe ein gong fram med eit fenalår og skar bokstaveleg talt til beinet for å illustrerere den økonomiske politikken. Greitt nok å nemne som fotohistorisk kuriosa, men trass alt ein nokså forbipasserande og uviktig sjanger. Når dette er det nyaste eksempelet dei har på norsk fotojournalistikk, blir det ei mildast tala forflata framstilling av det moderne pressebildet. Kor har Larsen og Lien vore dei siste tjue åra? Har dei lese aviser, vekeblad, tidsskrift?

Gallerirunde Svaret viser seg snart: Dei har vore på galleri! Det siste kapitlet i boka gir ein fyldig gjennomgong av fotografiet i den nyare bildekunsten, med mange glimrande nærlesingar av verka til folk som Per Berntsen, Vibeke Tandberg, Jens Hauge og Talleiv Taro Manum. Her blir boka igjen interessant og lærerik, for her er forfattarane på heimebane, og i stand til å tolke si eiga samtid. Men diverre frå ein altfor smal ståstad.
Ein tanke slår meg: Forfattarane tykkjest meine at fotografiet berre er bra og viktig dersom det har vore vist på veggene av ein kunstinstitusjon. Pressefotografane som får vere med i historia, er først og fremst dei som rører seg over i det kunstfotografiske feltet, som Kåre Kivijärvi og Bob Robinson.
Min fotografven og samarbeidspartnar, Oddleiv Apneseth, trur denne prioriteringa er eit resultat av eit uuttalt fotografisk hierarki:  Pressefotografar har tradisjonelt vore sett på som sjåførar og tenestemenn, og pressefotoet har låg status i Noreg, særleg i akademiske krinsar, meiner han.Etter å ha skumma den nye fotohistorieboka, karakteriserer han henne som «småtrist». Viljen til å yte rettferd overfor alle sjangrar og epokar gjev ei kjedeleg og usjølvstendig tilnærming til fotohistoria, med altfor få høgdepunkt og liten visuell generøsitet, meiner han. Boka freistar ikkje til lesing.
           
Synd. For dette er forfattarar som kan fortelje, og ei historie som meir enn nokonsinne er viktig å fortelje. Men dei burde våge å gå inn i si eiga tid. Kankskje dei tek utfordringa til 2. utgåve?


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>