>Bokhandleren Prosa 02|07

Bokhandleren på Bryne: Margrethe Øgård Orre

 

«Me har hatt forfattarbesøk, musikk-kveldar, humor, leseringar, besøk av barnehagar osb., og dette likar jærbuen.»

<empty>
Margrethe Øgård Orre (52) har siden 1999 eigd og leia Orre Libris på Bryne. I 2002 blei ho kåra til «Årets bokhandlar», og ein av visjonane er at bok-­ handelen skal vere ei kulturstove på Jæren.

– Hallo på bryne. Prosa har høyrt mange lovord om deg, som ein bransjepolitisk aktiv bokhandlar. No ønskjer me å vita noko meir om deg!
– Eg driv jo ein bokhandel med lange røter. I 1919 starta Jonas Jørstad ein bokhandel på Bryne: Jørstad Libris, som eg kjøpte i 1999 og skifta namn til Orre Libris. Eit av måla mine med bokhandelen var å opne dørene, både på dagtid og på kveldstid, og fungere som ei kulturstove. Me gjekk difor til innkjøp av piano, og inviterte lag og foreiningar til bokkveldar. Me har hatt forfattarbesøk, musikk-kveldar, humor, leseringar, besøk av barnehagar osb., og dette likar jærbuen. Bokhandelen har vorte det eg ønska: meir enn ein vanleg butikk. I 2002 blei eg kåra til «Årets bokhandlar» i Noreg av Den Norske Bokhandlerforening og Den Norske Forleggerforening.

– Kjem noko av engasjementet ditt også sakprosaen til gode?
– Ja, eg er også primus motor i litteraturdagane «Ord i Vinden» som – med samarbeidspartnarar – vert arrangert her på Bryne kvar oktober. Forfattarar som Are Kalvø, Margret Skjelbred, Torgrim Eggen, Toril Brekke, Ingar Sletten Kolloen og Vigdis Hjort kan nemnast i rekkja av dei som har gjesta arrangementet og gjort sitt til at dette har vorte ein suksess me satsar på å fortsetja med. Det er altså nokre sakprosaforfattarar med, men eg høyrer jo at tyngda er på skjønnlitteraturen.

– Kva er den viktigaste utfordringa for norske bokhandlarar i dag?
– Det er veldig viktig å heile tida tenke nytt. Også det å satse på barn og ungdom og få dei interessert i å lese gode bøker. Her kan eg jo nemne eit arrangement kring «Verdas bokdag» der alle femte- og sjetteklassingane får tilbod om gratis bok. Det er ei fin satsing frå Bokhandlerforeininga. Elles bør kvar bokhandel få dyrka sitt særpreg: Orre Libris er til dømes den bokhandelen i Noreg som har størst utval i nynorsk litteratur til barn og ungdom. Hovudsatsinga vår er barne- og ungdomslitteratur, og det er også denne gruppa me sel mest til. Eg er mykje rundt i skulane på foreldremøte o.l. og informerer om barn og lesing. Me er også opptekne av vår lokale tilknyting, og har eit godt utval av lokal litteratur.

Om me hadde vitja Orre Libris og ønskja nokre knakande gode, norske sakprosatitler, kva hadde du då seld oss?
– Dersom du kjem inn i butikken og spør etter gode bøker, vel me jo nye bøker. Ove Eides Jacob Sande-biografi anbefaler eg gjerne, likeså Ottar Grepstads Viljen til språk. Dei beste bøkene eg har lese gjennom åra er likevel Kristin Lavransdatter-trilogien til Sigrid Undset, Markens grøde av Knut Hamsun og Arne Garborgs Fred.


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>