>Min debut Prosa 02|07

Her, no. Møte med unge menneske

Marit Eikemo

Marit Eikemo (35) er informasjonssjef i Festspillene i Bergen. Tidlegare redaktør i Syn og Segn, og journalist og spaltist i Bergens Tidende og Klassekampen. Ho debuterte skjønnlitterært med romanen Mellom oss sagt i 2006.

Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende

Marit Eikemo
Her, no. Møte med unge menneske
157 sider, illustrert
Foto: Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth
Det norske Samlaget 1999

Den største aktiviteten i Ålvik er tungtrafikken som dundrar forbi. Bilar på veg til ein annan stad enn Ålvik ... dersom ein likevel stoppar ein sein ettermiddag, blir ein møtt av den einaste gjesten på den einaste kafeen. Han ser på deg og spør: «kven er du?»
Det var eg og fotograf Eirik Brekke. Vi ville lage ein reportasje til Bergens Tidendes ungdomsmagasin med inspirasjon frå den svenske filmen Fucking Åmål. Veka før norgespremieren la vi i veg til Ålvik. Ei bitte lita skitten industribygd, ein sving i Hardanger, eit jævla fucking kuk-Ålvik. Her budde femten år gamle Magnus, som hadde planar om å male rommet sitt i raudt, blått, grønt og lilla og gult. Eg spurte om han fekk lov til det. «Ja, herregud, eg må tross alt bu i Ålvik,» svarte han.
Eg likte så godt å snakke med ungdommane i Ålvik, at eg ville treffe fleire. Eg ville finne ut av denne merkelege fasen i livet der så mykje er ope og så lite skjer. Eg ville hugse ting eg hadde glømt, ville snakke med dei som berre sit rett opp og ned på benker seint og tidleg: Kva ventar dei på? Kva skjer? Kvifor skjer alt andre stader?
Vi spurte Samlaget om dei ville ha ei slik bok, og det ville dei. Ho blei til i løpet av eit par-tre hektiske månader saman med fotografane Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth. Dei dokumenterte alle møta med rørande, vittige og stolte svart kvitt-foto, som står veldig godt åleine, og som gir fleire stemmer til framstillinga.
Boka pretenderer ikkje så mykje meir enn det som var motivasjonen for å lage ho: møte med nokre unge folk som vandrar rundt på Vestlandet, kanskje på veg mot eventyret. Det handlar mellom anna om friidrettsjenta Ingvild Måkestad som har ti år igjen til toppform. Det handlar om sjongløren Linn Elisabet, om tvillingane André og Terje, som sjekkar tekst-tv på konfirmasjonsdagen for å sjå korleis det går med fotballaga deira, om Jonny med arbeidsnummer 1272 på Norzink i Odda og om Kristoffer som har større planar med livet sitt enn å ende opp på eit NRK-kontor og lage jinglar. Han har tenkt ut ein plan for bandet sitt. Etter å ha ramsa opp den intrikate planen, på innpust og utpust, avrunda han samtalen slik: Det er forresten ein ting til, den heilt klare styrken ved denne planen: Vi treng ikkje vere superstjerner, vi kan like godt vere underground heile livet. Det er det som er poenget med denne planen.
Boka inneheld små tekster som nærmar seg skjønnlitteratur, intervju, reportasjer og ein e-postkorrespondanse med danske Kim, som eg traff i ei diskusjonsgruppe på nettet.
Bandet til Kristoffer spelte på lanseringsfesten, og Linn Elisabeth sjonglerte. Det overraska meg at ei reportasjebok om vanlege ungdommar frå Vestlandet fekk såpass mykje omtale og meldingar nasjonalt. Eg hugsar særleg store oppslag i Dagens Næringsliv, Aftenposten og Dagbladet, intervju med Anne Sandvik Lindmo på radioen og ein debatt om reportasjesjangeren på Chat Noir med Torunn Borge. Eg var mykje rundt for å lese frå boka, og ei av Dagbladet sine meldarar hadde Her, no som ein av sine tre favorittbøker det året. Framleis blir tekster frå boka brukt i undervisning og eksamensoppgåver i skulen.


Del artikkel på twitter Del denne artikkelen på Twitter.

 Tips en venn om denne artikkelen!  
 

<Tilbake til forrige side Utskriftsvennlig side>